Effektiv klimapolitikk hjelper lite om han ikkje er til å leve med

GJESTEKOMMENTAR: Både erfaring og forsking tyder dermed på at det er tid for å tenke nytt i utforminga av klimapolitikken.

Publisert: Publisert:
Klaus Mohn
Rektor, Universitetet i Stavanger; professor i økonomi

Ein vellykka klimapolitikk vil innebere ei raskare og omstilling – men kostnadane er store, og ingen er freista av å plukke opp rekninga.

Eg sit på Stavangeren, eit staseleg signalbygg i tre frå tidlegare tider. Her heldt ein andakt og allsong til ære for høgare makter i nærmare 100 år frå 1875. No for tida er det uansett mest lått og løye i Stavangeren. Men akkurat i dag er det litt meir. For i dag er det konferanse i regi av Kåkånomics 2019, og temaet kretsar rundt økonomiske, politiske og samfunnsmessige sider ved energiomstillinga me står overfor i møtet med klimautfordringa.

Uro, uvisse og ulikskap

Her er det mange dilemma å dvele over. Eit av dei er at ei viktig kjelde til rikdom for velferdsstaten Noreg på same tid er kjelda til klimautfordringa. Eit anna er om den enorme formuen frå fossile brensel gir Noreg eit spesielt ansvar i klimapolitikken. Vidare kan ein undrast over kven som skal bere børa ved ei omstilling bort frå olje og over til eit meir CO₂-gjerrig samfunn.

Forhold knytt til petroleum, energi og klimapolitikk får stadig større merksemd i det norske ordskiftet. Mykje står på spel for land som lev høgt på inntekter frå fossile brensel. Slik verdssamfunnet no innrettar klimapolitikken kan nemleg utsiktene for oljemarknaden knytast direkte til ambisjonar og gjennomslag i klimapolitikken. Jo meir vellykka klimapolitikk, di svakare utsikter for olje- og gassnæringa.

Ein vellykka klimapolitikk vil dermed innebere ei raskare og omstilling – for den internasjonale energimarknaden og for norsk økonomi. Når dette ikkje skjer, så har det å gjere med at kostnadane ved klimapolitikken er store, og ingen er freista av å plukke opp rekninga. I tillegg er det slik at klimapolitikken står i fare for å forverre ei inntektsfordeling som allereie har blitt skeivare dei siste åra, både i Noreg og i resten av verda.

Rett nok har den økonomiske framgangen vore solid dei siste tiåra, både i fattige og rike land. Men gevinstane av globaliseringa har gagna rike meir enn fattige. Tap av arbeidsplassar i industri og landbruk har sett middelklassen tilbake i den vestlege verda, og lagt grunnlag for politisk uro og populisme. Situasjonen reiser uvisse rundt utsiktene for samfunnsutviklinga i møtet med global oppvarming og klimapolitikk.

Klimapolitikk og energiomstilling legg nemleg stein til børa, og aukar presset i den politiske trykktanken. Utsikter til auka kostnadar ved bilbruk har til dømes lagt grunnlag for den omfattande protestrørsla som har blitt kjent som gule vestar i Frankrike, med aukande murring på grasrota og i andre europeiske land. Her heime har auken i bruk av bompengar gitt opphav til eit nytt politisk parti, som fekk mykje å seie for valresultat og politiske konstellasjonar i norske byar etter årets kommuneval.

Les også

Klaus Mohn: «Staten sin kapital – blind for omstilling og døv for klimaendring?»

Kontroversar i klimapolitikken

Motstanden mot klimapolitikk har ulike kjelder, men fordelingsargument seglar opp som stadig viktigare. Varme og fattige land vil bli hardare ramma av klimaendringar enn kalde og rike land. Samstundes er rike land i utgangspunktet betre rusta for å bere børa frå ein ambisiøs klimapolitikk, som til dømes kostnadar ved utslepp og omstilling. Sjølve utforminga av klimapolitikken blir dermed særs viktig, ikkje berre for den direkte verknaden på klimaendringane, men og for aksepten i folkesetnaden, og dermed for legitimitet og gjennomslag på lengre sikt.

Ei vanleg tilråding for klimapolitikken har så langt vore å legge avgifter på bruken av fossile brensel, slik at den som står for utsleppa av klimagassar og må betale i tråd med skaden for samfunnet. Men no visar studiar frå ulike land at slike avgifter på utslepp neppe er det mest rettferdige verkemiddelet. Studiar frå ulike land visar nemleg at prising av CO₂ vil ramme hushald med låg inntekt hardare enn dei med høg inntekt.

Ein direkte årsak er at hushald med høg inntekt er i betre stand til å tole ein auke i energikostnaden enn hushald med låg inntekt. Men det er meir. For ein effektiv klimapolitikk vil påverke ulike næringar ulikt, på eit vis som rammar industriarbeidarar og arbeidstakarar med låg inntekt spesielt hardt. Utan kompenserande tiltak blir det dermed krevjande å smi ein politikk mot klimaendringane som blir akseptert av folk flest.

Frå effektivitet til fordeling

Økonomar har så langt vore mest opptekne av at klimapolitikken skal vere effektiv. Difor har ein lent seg hardt mot tiltak som gjev mest mogleg kutt i CO₂-utsleppa for kvar krone ein brukar. Dette perspektivet har òg prega det offentlege ordskiftet, med stadige samanlikningar av kor mykje det kostar å kutte eit tonn CO₂-utslepp ved ulike typar tiltak. Men om ein slik innfallsvinkel gjev ein politikk som ingen kan akseptere, til dømes fordi han rammar fattige meir enn rike, så er ein like langt.

Ei mogleg løysing kan ligge i ulike former for kompensasjon. Innføring av bompengar ville truleg gått lettare om kollektivtilbodet var styrka før ein sette opp bommane. Lette i avgift for hushald med spesielt låg inntekt ville truleg og betre legitimiteten av bompengar. Eit meir generelt forslag er å la alle inntekter frå klimarelaterte avgifter gå uavkorta tilbake til folkesetnaden – i like delar. Dette ville gagne hushald med lågt CO₂-avtrykk, medan hushald med høgt CO₂-avtrykk ville kome verre ut.

Både erfaring og forsking tyder dermed på at det er tid for å tenke nytt i utforminga av klimapolitikken. Effektivitet som kriterium strekk ikkje til om dette gjev oss ein politikk som ikkje er til å leve med. Difor må verknadar på fordelinga av inntekter og formue bringast direkte inn i utforminga av klimapolitikken, både innanfor land og mellom land. Berre slik kan ein håpe på ein klimapolitikk som både kan verke og vare.

Følg på Twitter: @mohnitor

LES OGSÅ: Du har lest de gode rådene, hørt på økonomene, kan triksene og tror du er et rasjonelt menneske. Så hvorfor gjør du da dumme økonomiske valg?

Les også

Anne Jortveit: «Kan svak klimapolitikk føre til økonomisk krakk?»

Les også

Hilde Øvrebekk: «Ren i en skitten verden»

Les også

Kalle Moene får Kverulantkatedralens økonomipris


Les også

Aftenbladet: «Derfor er Kåkånomics Stavangers viktigste festival»

Les også

Christian Wedler: «Nei, Aftenbladet, Kåkånomics er IKKE Stavangers «viktigste festival»

Publisert: