Meiningsmåling for Rogaland: Veljarane straffar dei borgarlege

Ap-Høgre 5-3. Dersom denne meiningsmålinga hadde vore val, ville det ha vore ikkje mindre enn eit tilnærma politisk jordskjelv i borgarlege Rogaland.

Publisert: Publisert:

  • Jarle Natland
    journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Ap og Sp vert like store som resten av partia til saman på Rogalands-benken.

Senterpartiet meir enn doblar seg. Høgre gjer sitt dårlegaste val i Rogaland sidan 2009. Frp hadde gjort sitt dårlegaste val sidan 1993. Venstre er nær utradert.

Det er sunt å ta store utslag i einskildmålingar med ei like stor klype salt.

Grunn til alvor

Meiningsmålingar tekne same veka sprikar, parti stig og fell frå månad til månad.

Les også

Ap og Sp kraftig fram på ny Rogalandsmåling

Ap hadde fått fem på Rogalands-benken på Stortinget dersom meingsmålinga denne veka hadde vore val. Det har aldri skjedd før. Her er Ap-leiar Jonas Gahr Støre med nestleiar og 1. kandidat i Rogaland, Hadia Tajik. Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Tidlegare Oslo-ordførar Fabian Stang oppsummerte det rimeleg greitt då han sukka tungt over stor framgang på gallupen den eine månaden: "Huff, den der var ille". Sidan han såg for seg neste månad med ny overskrift om at Høgre no stupte.

Likevel er det tre grunnar til å ta denne meiningsmålinga på ramme alvor.

1. Aftenbladet og Haugesunds Avis har ikkje hatt tilsvarande meiningsmåling sidan september 2014, eit år etter stortingsvalet. Det kan ha skjedd tydelege endringar i veljarmønsteret på desse åra. Ei tid som har gitt oss både oljeprisfall og veksande arbeidsløyse i velstandsfylket.

2. Ap i Rogaland gjorde det endå betre ved fylkestingsvalet i 2015 enn denne stortingsmålinga tilseier. Den sterke oppslutninga for Ap er også i tråd med den siste fylkesmålinga som er publisert for Rogaland, gjort i november 2016, men då på oppdrag for Arbeidarpartiet sjølv.

3. Den sterke framgangen for Senterpartiet er i tråd med snittet av dei nasjonale meiningsmålingane gjennom siste år.

La oss sjå litt nærare på tala frå denne einskildmålinga.

Arbeidarpartiet får altså 5 av totalt 14 på Rogalands-benken. Med desse tala hadde partiet gjort sitt beste val i fylket sidan 1985.

Ap hadde vorte største parti på benken for første gong sidan partiets katastrofeval i 2001 då Stoltenberg I-regjeringa måtte vika for Bondevik II.

Skal me tru på ein Hadia-effekt? Eg er skeptisk til kor mykje einskildpersonar betyr. Men nestleiar Hadia Tajik, som no har meldt flytting til Sandnes, er i alle høve eit godt kjent og høgt profilert namn på toppen av Rogalands-lista. Målt mot stortingsvalet 2013 snakkar me om ein gallup-framgang på 8 prosentpoeng.

Høg lojalitet

Det verkar vel mykje i eit fylke som tradisjonelt har veksla mellom blått og lyseblått. Men samstundes skal me hugsa på at Ap på landsbasis ligg tydeleg høgare i snitt på målingane.

Bakgrunnstala viser også at Ap har høg lojalitet (82 prosent) målt mot kommunevalet i 2015. Berre Sp (89 prosent) og Frp (86 prosent) har høgare lojalitet. Ap stel røyster både frå SV og Venstre. Ap mobiliserer drygt 36 prosent av dei som ikkje røysta ved kommunevalet i 2015.

Senterpartiet får to-sifra oppslutning og hadde fått 2 på Rogalands-benken. Liknande har ikkje partiet opplevd sidan 1993 då EU-striden var på det heitaste.

Den reelle frontfiguren?

Senterpartiet hentar røyster både frå KrF, Venstre og Sosialistisk Venstreparti, mellom anna på tydeleg reform-og sentraliseringsmotstand. Det er all grunn til å spørja – som nettstaden pollofpolls gjorde etter februar-målingane – om det er Trygve Slagsvold Vedum som er blitt opposisjonens reelle frontfigur.

Dei to gamle raud-grøne kompanjongane er dei store vinnarane i denne målinga.

Borgarlege tapar ein kvar

Taparane er alle dei borgarlege partia. Både Høgre, Frp og KrF mister eit mandat kvar.

Frp held relativt sett betre stand enn Høgre. Sistnemnde parti går attende med meir enn Ap går fram, slik at dei to parti har skifta heilt posisjon sidan hausten 2013. Målinga er teken opp etter eit vellukka Høgre-landsmøte, og samstundes med at nasjonale meiningsmålingar viser stabile tal for Høgre.

Venstre-mandatet er truga

Utjamningsmandatet som Iselin Nybø (V) held no er ikkje fordelt i prognosen basert på desse tala. Men Venstre er meir enn halvert i denne målinga målt mot oppslutninga ved stortingsvalet i 2013.

Endå verre for Venstre må det vera at partiet har den lågaste lojaliteten av alle i denne målinga (51,5 prosent), saman med Sosialistisk Venstreparti (59 prosent). Rolla som støtteparti til Framstegspartiet ser ikkje ut til å ha falt heldig ut for Trine Skei Grande og partiet hennar.

SV feira seg sjølv med landsmøte sist helg, men denne målinga er teken opp før landsmøtet. Tala viser marginal framgang målt mot stortingsvalet 2013.

Men dersom SV på landsbasis kjem seg over sperregrensa, Venstre fell under, vil utjamningsmandat kunne vera mogleg for SV-kandidat Solfrid Lerbrekk. Promillane og nokre få tusen røyster avgjer.

Elles viser bakgrunnstala at Ap er ein vinnar blant kvinner og gjer det jamt over godt i heile Rogaland. Ap hentar også røyster frå alle aldersgrupper, ganske jamt fordelt.

Ap er partiet som er nærast å mista eit fast mandat, femteplassen til Julia Wong. Frp er nærast å kapra eit mandat, tredjeplassen til Terje Halleland.

Publisert:

Les også

  1. Februar-barometer: Sp er alt anna enn oversett og overkjørt

  2. Januar-barometer: No går mykje Trygves veg

  3. Drama på sperregrensen

  4. Desember-barometer 2016: Kan SV koma inn frå Rogaland?

  1. Hadia Tajik
  2. Trygve Slagsvold Vedum
  3. Trine Skei Grande
  4. Rogaland
  5. Politikk