Å, kom igjen!

KOMMENTAR: Å ta inn Rogaland A-senter som klinikk under sjukehuset vårt er ein klok tanke. Men kor skal pengane koma frå?

Rogaland A-senter står i fare for å måtta leggja ned. Blant tilboda som då forsvinn frå vår region, er familiebehandlinga.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Rogaland A-senter får ikkje fornya avtalen sin med Helse Vest. Det betyr sannsynlegvis at dei må leggja ned frå nyttår. Dei driv med rusbehandling. Rusavvenning. Familiebehandling. Dei har halde på sidan 1953. Dei har over hundre tilsette. Dei har hatt avtale med Helse Vest sidan 2004, då det blei sjukehusa sitt ansvar å sørgja for tverrfagleg rusbehandling.

Men nå er dei for dyre for Helse Vest. Som ikkje ser ut til å ha noko som helst å utsetja på kvaliteten i behandlinga, ikkje på måten det blir gjort på, ikkje på planar eller vaktplanar, ikkje på kompetanse. Tvert i mot, Rogaland A-senter er skikkeleg gode på det dei driv med. Dei har legar som spesialiserer seg i rus- og avhengigheitsmedisin, noko elles berre sjukehus driv med, dei har overlegar både i somatikk og psykiatri, og dei samarbeider med SUS.

Dei har legar i døgnvakt, dei har støtte i bakvakt. Men dei når ikkje opp – eller rettare sagt ned – på pris. Sjølv viser dei til det høge talet på spesialistar og høgt kvalifiserte fagfolk, som ei årsak til det.

Knusande

Leiinga ved A-senteret oppfatta ikkje at dei faktisk kunne mista avtalen i denne runden, sjølv om dei hadde møte med Helse Vest, der pris var temaet. Dei visste heller ikkje at Tyrilistiftelsen, også dei rutinerte på rusbehandling, var blant søkjarane, og nye i distriktet. Etter 18 år kjem Tyrilistiftelsen inn, mens A-senteret er ute. Det burde vore unngått. Men det er ikkje sikkert anbodsordninga gav rom for det, utan å bryta reglane. Ein heil institusjon, med fagmiljø, kunnskap og erfaring kan dermed ryka heilt. Det er ei dramatisk bakside av ordninga, og ingen klok måte å gjera ting på, verken for fagmiljø, pasientar eller skattepengar.

Jo, det er lett å forstå, om aldri så frustrerande, at det må vera kontroll med både pris og kvalitet, også i helsevesenet. Men samtidig kan ikkje dei som jobbar der gå rundt som levande utgiftspostar. Det er jo heilt knusande for all drivkraft, for alt ved faget ditt du ikkje kan forklara oppstykka nok til at det passar inn i finansieringsmodellar. Og som det fungerer nå, kan det heller ikkje vera god økonomi. Riva heilt ned, splitta opp, for så å bruka tid på å la ein annan institusjon byggja seg opp.

Les også

Rogaland A-senter kan bli lagt ned

Les også

Reagerer på at Rogaland A-senter ikkje får ny avtale: – Tenker at Helse Vest har forsømt seg

Kva mister vi nå?

Viss A-senteret forsvinn, blir det truleg færre døgnplassar for rusbehandling. Færre timar dagtilbod. Dei har vore aleine blant institusjonane her om eit reint avrusingstilbod. Dei som er inne på familiebehandling, må dra til Haugesund. I tillegg splittar ein opp eit solid fagmiljø. Og, vil eg tru, skapar stor frustrasjon i dette etablerte fagmiljøet vi sårt treng, og stor uro i ei sårbar pasientgruppe.

Tyrilistiftelsen er nye i vårt distrikt. Dei har drive med rusbehandling sidan 1980. Dei har rundt 250 årsverk og 200 pasientplassar, spreidd på ni behandlingsstader i landet. Dei nådde opp, der A-senteret ikkje gjorde det. Men dei er jo ikkje her ennå. Ikkje fysisk, ikkje med folk og rom og senger og samarbeid og kompetanse.

Helse Vest kjem til å be sjukehuset vårt (SUS) om å ta seg av dei tilboda som ein mister med A-senteret. Dei som nå er tilsette ved A-senteret vil nok få jobbar igjen. Tyrilistiftelsen treng folk, og sjukehuset treng folk.

Men kor mykje rusbehandling klarer SUS ta unna?

Verneverdige

Rusbehandling står ikkje særleg høgt i kurs. Ikkje spesialisering i rusmedisin heller. Det har dei til felles med psykiatrien. Men dei jobbar med nokre av dei sjukaste og mest sårbare vi har. Dei står i tunge tak. Det er ikkje ei pasientgruppe som utan vidare kjem til den avtalte timen, eller som alltid klarer å følgja opp ein avtale. Det er ikkje ei pasientgruppe som er vant til at relasjonar til andre menneske – også ein behandlar – varar. Det er ei gruppe som er sårbare for endringar og uro.

Ein kunne tenkja seg at eit etablert fagmiljø på dette feltet er verd å strekkja seg svært langt for å behalda og vidareutvikla. Ein kunne tenkja seg at det er gull verd, rett og slett.

Og ein kunne tenkja seg at her bør ein gjera som ein gjorde i Bergen. Der blei Bergensklinikken i 2019 tatt inn som ein klinikk under sjukehuset. Psykiater Kjetil Hustoft ved SUS har alt føreslått det same her. Ta inn A-senteret som eigen klinikk i SUS. Viss dei nå blir ståande utan avtale.

Det ville vera klokt. Det ville gjera fagmiljøet i vår region sterkare. Det ville styrka sjukehuset, utan at ein splitta opp eit fagmiljø og delte ut personane ein og ein. Det ville trygga pasientane. Og det ville vera å visa at ein faktisk satsar på feltet.

Pengane

Rusbehandling tar tid, det gjentar seg, mange kjem tilbake. Rundt og bak står ofte utslitne pårørande. Men for kvar einaste som det går betre med, eller heilt bra med, gir det livskvalitet tilbake i bøtter og spann. Ikkje berre for den rusavhengige, men for barna, foreldra, partnarane. Kanskje kjem ein seg inn igjen i arbeidsliv og vanleg sosialt liv. Det er så verdt innsatsen. Og pengane det kostar.

Men det var pengane, då. SUS går i minus. Før sommaren låg dei 100 millionar bak sitt eige budsjett. Dei har ikkje pengar til å byggja vidare på det nye sjukehuset sitt. Dei legg ned senger i psykiatrien. Dei manglar fagfolk. Alle klinikkar er pressa på økonomi. Dei treng hjelp, omfattande hjelp, skal dei løysa dette også. For å seia det svært forsiktig.

Ein kunne ønska seg det, likevel. At mange nok tok eit tak for rusbehandling, og klarte å løfta A-senteret inn som del av sjukehuset. Men eg klarer ikkje tru at det vil skje.

Publisert: