Budsjettløysinga: Erna står fjellstøtt

KOMMENTAR: Budsjettkaos har norsk papirpresse skrive 78 gonger dei siste få vekene. Meiningsmålingar tyder på regjeringsskifte neste haust. Likevel er det grunn til å gratulera statsminister Erna Solberg (H).

Publisert: Publisert:

Erna Solberg (H) treng ikkje skjemmast etter budsjettforhandlingane i haust. Ho har losa statsbudsjettet i hamn med mild og stø hand, trass markeringsbehov både hos Venstre, KrF og Frp, skriv vår kommentator. Her sit Solberg saman med finansminister og Frp-leiar Siv Jensen under finansdebatten måndag. Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

  • Jarle Natland
    journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Finansdebatten i Stortinget vil pågå til langt på kveld måndag. Budsjettløysinga med Venstre og Høgre kom først halvanna døgn før debatten.

Denne avisa har både på leiar- og kommentatorplass vore kritisk til langdregne budsjettforhandlingar og Solbergs manglande grep om Frp og dei to støttepartia. Alt for to veker sidan oppfordra me partane til å koma til den naudsynte og opplagte budsjettsemja som låg i korta – utan å plaga veljarane med meir uverdig politisk spel.

Så dreiv dei fire partane på vidare på overtid dag etter dag, med brot og trugslar om brot.

Les også

Travelt for opposisjonen før finansdebatten

Laurdag kveld var omsider løysinga på plass: Om lag 7 milliardar kroner ekstra blir flytta til ymse gode formål. Mykje av inndekninga vert finansiert av innstramming på asylkostnadar og frå Sylvi Listhaugs budsjett. Den mykje omtalte bilpakka (15 øre meir på bensin/35 øre meir på diesel) stod fast slik Frp har kravd heile vegen.

KrF er vinnar

Den største vinnaren her må isolert seiast å vera KrF som mellom anna har fått gjennom ein ganske meiningslaus auke av kontantstøtta og ikkje har gått på kompromiss med nokre av sine mange hjartesaker. Likevel valde KrF å protestera reint symbolsk ved å stemma for sitt eige budsjettframlegg først, regjeringa sitt subsidiært, for å visa for verda at partiet ikkje er noko haleheng til Frp.

Venstre-leiar Trine Skei Grande spela høgt, men tapte. Ho fekk ikkje rikka ultimatumet på bilpakka, sjølv etter at ho lova landsmøtet i vår å fella ei blå-blå regjering dersom dette ikkje vart tidenes miljøbudsjett.

LES Venstre-leiar Trine Skei Grande om Solbergs sjakk matt

Les også

Grande: Frp satte statsministeren sjakk matt

Tidenes miljøbudsjett er naturlegvis litt vanskeleg å definera. Bilpartiet Frp har no til dømes gått inn for ein avgiftsauke på drivstoff som isolert sett er høgare enn me fekk under den raud-grøne regjeringa frå år til år. Norske dieselbilistar vil betala ein milliard meir på den auken aleine neste år.

Riper i lakken?

Det mykje omtala budsjettkaoset har ikkje berre vore ein test av det borgarlege regjeringssamarbeidet, men like mykje av Erna Solbergs leiareigenskapar. Dei politiske analytikarane, kommentatorane og leiarskribentane har jamt over konkludert med at desse leiareigenskapane har fått nokre solide riper i lakken.

LES OGSÅ: Per Sandberg om bilpakken

Les også

Sandberg: Frp ville gått ut av regjering hvis bilpakken ble rørt

Kvifor let statsministeren det skura og gå så lenge, med offentleg debatt og hard ordveksling på borgarleg side? Kvifor tillet ho Frp å koma med eit ganske unikt budsjett-ultimatum på drivstoffavgift før sjølve statsbudsjettet? Korleis kan ho halda fram som statsminister utan å vera tydeleg svekka, hevdar kritikarane – med opposisjonen i spissen som finansdebatten måndag tydeleg viser.

Solbergs viktigaste prosjekt

Ultimatumet er ikkje vanskeleg å forstå, sett frå Frp sin ståstad. Partiet som ein gong var for nedsetjing av skattar og avgifter har strekt seg langt på bilpakka. Regjeringas ultimatum var i realiteten eit internt kompromiss.

Som kjent vert historia skriven baklengs. Eg trur fasiten vil sjå godt ut for Erna Solberg etter fire år med Solberg I-regjeringa.

No tyder meiningsmålingane rett nok på eit regjeringsskifte hausten 2017. Då har Solberg mislukkast med sitt viktigaste prosjekt: Attval og verkeleg å kunne endra Norge i si lei. Men eit skifte skuldast ikkje budsjettkaoset eller at statsminister Solberg har svikta som leiar for samlingsprosjektet. Både Ap og Senterpartiet har gjort det godt og var på stigande kurs i lang tid før budsjettet. Berre promillar og sperregrensa skil suksess og fiasko neste haust, og slik har det vore det siste året på meiningsmålingane.

Solbergs problem er nett det same som det var då samtalane i Nydalen var sluttført hausten 2013. Ho måtte gje opp draumen om ei regjering med fire parti fordi sentrumspartia KrF og Venstre fann det opportunt å ta avstand frå Framstegspartiet. Den såkalla enorme politiske avstanden mellom dei tre siste har likevel ikkje hindra landet i å ha ei blå-blå mindretalsregjering og blåfarga statsbudsjett dei siste tre åra.

Ei blå-blå bragd

Dersom me tek av dei lett farga brillene som me alle sit med, er fakta følgjande:

Erna Solberg har lukkast som statsminister med den blåaste regjeringa Norge har hatt nokosinne. Ho ser ut til å sitja perioden ut. Det er i seg sjølv ei bragd, lik det eller ikkje.

Ho har styrt skuta med mild og flegmatisk hand, noko haustens budsjettforhandlingar også har vore prega av. Men det er eit faktum at om bord har ho hatt eit i norsk samanheng svært høgre-orientert parti utan regjeringsrøynsle og som litt laber vind i segla to sentrumsparti. Ho og Høgre har vore garantisten for, arkitekten bak og limet i det borgarlege samarbeidsprosjektet frå lenge før valet 2013.

Ho har hatt ei regjering utan skandalar å snakka om, knapt med utskiftingar gjennom desse åra. Høgre-statsrådane har vore keisame, men solide – ekstremvarianten er den usynlege klimaminister Vidar Helgesen. Sjølv urøynde Frp-statsrådar i tidvis hardt vær har greidd seg fint under lagspelaren Solberg. Solberg har gått i ein god skule hos sin gamle sjef Kjell Magne Bondevik (KrF) i så måte.

Det store kunststykket

Ikkje minst har Solberg greidd kunststykket å la Frp spela ut sine sterke sider. Slik at Siv Jensen og dei langt på veg taklar regjeringsslitasjen. Til samanlikning vart SV fullstendig grusa gjennom åtte år saman med Ap og Sp og har enno ikkje reist seg att. Ap åt SV der Høgre og Solberg let Frp bløma.

Som fiskeriminister Per Sandberg (Frp), vand med ei vinternatt eller to under Carl I. Hagen og Siv Jensen, sa til Dagens Næringsliv måndag: Solberg er den beste leiaren han har hatt gjennom tidene.

På borgarleg side finst det berre ein statsminister-kandidat for både Høgre, KrF, V og Frp: Erna Solberg.

No er det rett nok vanskeleg å sjå korleis dei kan finna saman neste haust. Høgre vinn ikkje val aleine, men treng Frp i framgang og minst eit støtteparti. Det er nok at eit av dei to vanskelege "mikropartia" fell under sperregrensa, så går kabalen lettare opp.

Dersom dei borgarlege får eit knipent fleirtal er det vanskeleg å sjå for seg anna enn at statsministeren til neste nyttårstale heiter Erna Solberg. Om ho så må leia ei rein Høgre-regjering.

LES MEIR OM FINANSDEBATTEN:

Publisert:

Les også

  1. Slik trumfer klima arbeidsledighet på Stortinget

  2. Regjeringen angripes for «kronisk mangel på prioritering»

Mest lest akkurat nå

  1. Fami­lien pusset opp hele huset for 100.000 kroner. Endringen er total

  2. E39: Bjerkreim lover fortsatt kamp mot R2 selv om det betyr forsinkelse

  3. Søppelsyndere avsløres av kamera: 3514 har fått tilsnakk

  4. Folken får uventet hjelp fra regjeringen

  5. Måling viser hvem som støtter Trump i Europa

  6. SUS er ikke feige!

  1. Erna Solberg
  2. Diesel
  3. Siv Jensen
  4. Politikk
  5. Drivstoff