Pengane eller livet – forteljinga om framtida til Stavanger

GJESTEKOMMENTAR: Felles forteljingar er med på å forme framtida, men ikkje alle fører med seg framgang.

Korleis skal det gå med Stavanger framover? Den nye næringsstrategien for Stavanger snakkar om mål, satsingar og strategiske grep, om at Stavanger-regionen skal vere storbyområdet med størst konkurransekraft og verdi­­skapingsevne i landet. Og om gode kvardagsliv. Men utfordringane blir tona ned. Foto: Shutterstock/NTB

  • Klaus Mohn
    Klaus Mohn
    Rektor, Universitetet i Stavanger; professor i økonomi
Publisert: Publisert:

På nattbordet mitt ligg boka «Sapiens». I denne kortfatta historia om menneskeslekta les eg om korleis sanking og jakt gradvis måtte vike plass for jordbruksrevolusjonen, som med Yuval Noah Harari sine ord var ei felle. For sjølv om jordbruket fylte matfatet, så blei folkehelsa verre. Større landsbyar blei drivbenkar for smittsame sjukdommar, store lager av mat freista tjuvar og fiendar, og sjansespelet rundt avlingane gjorde samfunna utsette for svolt.

Luksusfella

Utgangspunktet var ei felles overtyding om at meir hardt arbeid ville gje betre liv. Blenda av utsikter til vinst og velstand vandra menneskeslekta vitlaust inn i uvissa. For planen slo feil, om ein skal tru Harari. Når ein likevel heldt fram, så var det fordi ingen etter kvart kunne huske at dei nokon gong hadde levd annleis. Og om dei hadde huska det, så ville det likevel ha vore for seint å snu, fordi folkesetnaden i mellomtida hadde blitt for stor til å brødfø med sanking og jakt. Luksusfella hadde klappa saman.

Dette minte meg om NRK-serien «Historier frå vårt land», der Hans Olav Brenner køyrer landet rundt med ein gamal Volvo Amazon og snakkar med heltar og antiheltar om tema frå heimstaden deira. I episoden frå Sandnes noterer Brenner at byen på sett og vis er Noreg sett på spissen, med oljeboom, utvikling og utbygging utan sidestykke. Kva gjer ei slik utvikling med dei som bur der, spør Brenner? Når alt går til vêrs. Når det gamle forsvinn, og alt er nytt. Når det går så fort at ein ikkje ser det ein valsar over på vegen.

Kollektive overtydingar

Felles forteljingar legg føringar for samfunnsutviklinga. Dei får oss til å tru at me forstår kva som går føre seg og kor det ber. Men historia er full av eksempel på at folk flest ikkje har hatt den fjernaste idé om konsekvensane av kollektive overtydingar. Likevel kryr det av slike forteljingar rundt oss, som alle skal vinne oss for sitt syn. Eg kan nemne EU sin plan for berekraft, regjeringa si Perspektivmelding, eller klimastrategien for bransjeorganisasjonen Norsk olje og gass.

Til meg kom desse tankane då eg var eg var invitert til å kommentere den nye næringsstrategien for Stavanger kommune i eit seminar for eit par veker sidan. Her finn ein og ei interessant forteljing, om at samarbeid skal bidra til framtidsretta næringsutvikling, arbeidsplassar og høg sysselsetting. Om mål, satsingar og strategiske grep. Om at Stavanger-regionen skal vere storbyområdet med størst konkurransekraft og verdiskapingsevne i landet.

At vegen til gode liv går gjennom meir pengar, er ein underliggande premiss som kunne fortent meir refleksjon. For dei som måtte sakne poenget med det heile, er tanken at næringsstrategien skal støtte opp om kommuneplanen for dei neste 15 åra, som er den store forteljinga om kva Stavanger bør sikte mot. Her tek ein mål av seg å vere ein regionmotor, ein grøn spydspiss, – og samstundes legge til rette for gode kvardagsliv.

Les også

Hilde Øvrebekk: «Alle må i arbeid. Hilsen regjeringen»

Potensial trumfar problem

Næringsstrategien har elles ein undertone av optimisme, medan utfordringane blir tona ned. For eksempel er det ikkje rett fram å sameine høge løner og kostnadar med målet om størst konkurransekraft i landet. Slagsida i regionen mot olje og gass kan elles legge ein dempar på både iver og evne i omstillingsarbeidet. Vidare er rivaliseringa mellom kommunane på Nord-Jæren ei potensiell utfordring for investeringar i samferdsel og infrastruktur, som er viktige føresetnadar for ei smidig næringsutvikling.

For å skape interesse og engasjement er det enklare å samle merksemd om oppsidene. Slik fortel næringsstrategien om ei utvikling som kan romme meir økonomisk aktivitet, fleire arbeidsplassar og vekst i folketalet. Med lønsemd til næringslivet, arbeidsplassar til folket og berekraft til dei samfunnsbevisste inviterer næringsstrategien støtte frå ein sterk koalisjon av interesser. Særlege område er peika ut som føretrekte, med prioriterte strategiske grep for å korte vegen til måla.

Ei sak som er sikker

Verda er full av forvirrande forteljingar, av utfordringar, – og ikkje minst av uvisse. Om oljepris og bustadprisar, om økonomisk vekst og tilbakeslag, om sysselsetting og arbeidsløyse, og ikkje minst om kva me skal leve av og for på lengre sikt. Ei sak som er sikker, er likevel at livet gradvis skal ebbe ut, og på vegen blir me alle eldre, sjuke og trengjande.

Den ferske perspektivmeldinga frå regjeringa peikar nettopp på at aldringa vil føre med seg mykje meir helse- og omsorgstenester. Men pengar og folk blir det neppe fleire av. I så fall må ein forsyne folk flest med fleire og betre tenester utan at det skal koste stort meir enn i dag. Slike utfordringar er best tente med samarbeid, mellom offentleg sektor, næringsliv – og med universiteta. Slik kan livet gå hand i hand med næringslivet.

Opne universitet blir avgjerande for å løyse samfunnsutfordringar i tida som kjem, gjennom utdanning, forsking og innovasjon. Nettopp difor er det at helse og velferd står sentralt i forteljinga som er etablert for utviklinga av Universitetet i Stavanger mot 2030. Og for å nå våre mål står me klare til å veve historia vår saman, – i ein fellesskap av interesser med næringslivet, med helse- og omsorgssektoren og med kommunane.

  • Følg på Twitter: @mohnitor
  • Tidlegare tekstar frå Klaus Mohn og artiklar om han
Publisert:
  1. Gjestekommentar
  2. Klaus Mohn
  3. Byutvikling
  4. Næringsliv
  5. Økonomi

Mest lest akkurat nå

  1. Stig Løset og naboene går glipp av hundretusener i støtte

  2. Kapteinen døde - skip til kai i Randaberg med sju koronasmittede om bord

  3. 20 millioner ubrukte vaksinedoser i EU

  4. Kristine (29) har gjort et utradisjonelt karriereskifte

  5. Ett kritisk hensyn stopper Iselin Nybø fra å flytte 140 stat­lige arbeids­plasser fra Oslo til Rogaland

  6. Aktor krever 12 års fengsel: - Han fikk begge guttene til å tro at deres verste mareritt var en drøm