Prikkane vi ikkje ser
KOMMENTAR: Politikarane i Stavanger er bekymra for 6-åringanes digitale kompetanse. Dei trur førsteklassingane treng å vera betre rusta til den første kartleggingsprøva.
- Solveig G. SandelsonKommentator

Sist veke hoppa ein blå prikk inn i skuledebatten. Espen Schaaning skriv om den i den nye boka «Skolens mening». Prikken er frå ein tabell, og den viser at gutane tar igjen jentene i lesing når dei berre blir ferdige med grunnskulen og litt til. Dei drar til og med forbi.
Den blå prikken har vore der lenge. Men den har nesten ikkje blitt sett.
Nokon såg
OECD, som står bak dei utskjelte Pisa-testane, såg den. Det vil seia, dei såg ein endå større prikk, frå tidleg på 2000-talet, i andre internasjonale undersøkingar enn Pisa. Den viser at i gruppa 16 til 25 år ligg Norge heilt i toppen når det gjeld lesing. Ikkje har vi strekk i laget, heller. Ikkje som i Pisa-testane frå same tid, der norske 15-åringar gjorde det ganske slapt samanlikna med Sverige og Finland. Og verst – hos oss var det ein lang hale av 15-åringar som heldt på å ramla heilt av.
OECD kallar det for det norske paradokset. I ein rapport dei skreiv om oss i 2005. Den tok for seg kor gode vi er på å gi alle barn like sjansar i barnehage og skule.
Då er OECD – som er nokså utskjelte, dei også – imponerte og set pluss i boka for at vi ikkje nivådeler klassar. Det er bra for alle. Dei set pluss i boka for at vi er opptatte av leik og utetid og sosialisering, men dei stussar over at vi forventar så lite intellektuelt av barna våre. Dei får med seg at svært mange lærarar har låge forventningar til elevane, og blir bekymra over det. For låge forventningar frå læraren går hardast utover dei svakaste, er OECD si erfaring. Dei lurer også på om vi er så redde for å stigmatisera elevar som treng ekstra hjelp, at dei ikkje får den hjelpa dei treng.
Dei ber oss sjå til Finland, som er tidleg ute med å finna ut kven som slit, og raskt gir dei ekstra hjelp.
Trø forsiktig!
OECD meiner at Kristin Clemet, som då var utdanningsminister, gjer heilt rett i å innføra verktøy som kan gjera det lettare å sjå kva som skjer i skulen, ikkje berre synsa om kva ein trur det er. Nasjonale prøvar blir innførte i lesing, engelsk og matematikk, på 5., 8., og 9. trinn. Seinare kjem kartleggingsprøvar heilt ned i 1. trinn. Dei skal gi lærar og skule verktøy til å finna dei barna som treng ekstra hjelp for å koma godt i gang.
Men OECD bad oss vera forsiktige. Bremsa litt. Ikkje innføra fleire testar før ein såg korleis det gjekk. Dei minner om prikken. Den som seier at når norske elevar blir ferdige med skulen, så er dei best av alle i lesing. Blant 15-åringane slit dobbelt så mange i Norge som i Canada. Blant dei på 25 år slit halvparten så mange som i Canada. Det er ein heilt enormt stor forskjell.
OECD veit ikkje heilt kvifor det er sånn. Det kunne jo vera at leseferdigheitene er på veg nedover, at 15-åringane ikkje ville nå det nivået som 25-åringane er på. Men det kan også vera, seier OECD, at vi her er ved ein underliggjande styrke i den norske skulen. Kanskje er det slik at vi, nettopp ved ikkje å stilla så store krav gjennom skulen, klarer ta vare på elevanes eigen motivasjon for læring, som så slår ut når dei er klare for det. Og som får dei til å fortsetja å søkja læring seinare. Det, meiner OECD, må ein vera svært forsiktig med å rokka ved. Difor, seier forsiktige OECD, må ein vera varsam med for store reformer, og forsiktig med for mange testar. Det er ikkje sikkert ein veit kva ein rokkar ved. Det kan vera det aller viktigaste. De må følgja godt med på det der, seier OECD. Og minner oss også ganske vennleg om at det heller ikkje er nok å kontrollera. Det er kva ein klarer gjera med det ein finn, som er viktig.
Og nå?
Tja. Denne veka vedtok Stavanger kommune å skunda seg med å gi alle førsteklassingane chromebook (PC) så snart dei viser seg på skulen. Sjølv om helsefolk samtidig var ute og åtvara mot for høg skjermbruk blant dei yngste barna. For politikarane i Stavanger var det viktigare å gjera dei aller minste rusta til kartleggingsprøva, som er digital. Men kartleggingsprøva skal berre hjelpa skulen å finna dei barna som treng ekstra hjelp. Sikra at dei ikkje ramlar av og mistar motet. Prøven er ingen konkurranse i digital kompetanse, den er eit hjelpemiddel for skulen.
OECD behandla i 2005 norsk skule langt meir respektfullt og forsiktig enn vi sjølv har klart etterpå. Det var ein gong meininga at det skulle finnast ein slags balanse mellom det vi kan måla og det vi ikkje kan måla. Når politikarane i Stavanger sjekkar prøveplanen for seksåringar før dei gjer vedtaka sine, kan det tyda på at vi ikkje er heilt der. Det var ikkje sånn dette var tenkt.
Respekten
Det er ikkje sikkert det var betre før. Det er ikkje sikkert det er skulen si forteneste at unge vaksne i Norge er gode i lesing, kanskje må ein ut av skulen før ein finn motivasjon til å gjera det. Kanskje er gutane håpet, fordi dei ikkje bryr seg så mykje om testar som ikkje betyr noko for dei – som Pisa-testane. Kanskje markerer dei at skulen er utan meining for dei. Kanskje er det sunt.
Eg trur ikkje alt hadde vore betre utan prøvar, eksamenar eller noka form for testing. Men det er likevel overraskande og uvant å lesa den 17 år gamle OECD-rapporten. Fordi dei heile tida har så stor respekt for å rokka ved noko dei ikkje heilt forstår, ikkje heilt kan forklara og ikkje heilt veit korleis dei kan måla. Dei slepp ikkje den prikken av syne.
Veldig mykje anna frå den rapporten har politikarane tatt inn i skulen. Men ikkje dette. Ikkje respekten for det vi ikkje heilt forstår.
Les også
Kommentator Solveig G. Sandelson
- KOMMENTAR
– Sjukehuset trudde dei ville gå bittelitt i pluss i februar. Kor kom den tanken frå?
- KOMMENTAR
På SV sitt landsmøte diskuterer dei alt. Dei kan snakka eit demokrati i senk
- KOMMENTAR
- Du risikerer å døy ung, viss du får dårlege karakterar på ungdomsskulen. Hæ?
- KOMMENTAR
All næring dette barnet har trengt, kan det ha fått frå mor. Ikkje far
- KOMMENTAR
Rema 1000 frys samarbeidet med Sophie Elise. Det gjer ikkje NRK. For NRK er jo ikkje akkurat Rema. Eller?
- KOMMENTAR
Jo, vi må snakka om det