Konfirmasjonar og ei gravferd

GJESTEKOMMENTAR: Døden står seg betre enn konfirmasjonane i Den norske kyrkja.

I gravferder er Kyrkja ein støttespelar med trygge rammer og ein kompetanse det er godt å kunne lene seg på. Mange opplever ikkje dåp og konfirmasjon på same måte.
  • Svein Erik Tuastad
    Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

Denne våren har eg møtt Den norske kyrkja på nært hald fleire gonger. Først tenkte eg slik eg ofte har gjort innafor kyrkjeveggane: Her er dei i utakt med slik folk er. Så møtte eg Kyrkja på sitt beste.

Som borgarfellesskap burde vi tenke meir gjennom kva for tradisjonar, kristne som ikkje-kristne, som fungerer godt for oss, og kva for av dei som ikkje gjer det.

Dåp- og konfirmasjonsproblem

Nyleg fortalde kjentfolk meg om ein dåp dei hadde vore i. Då var det nesten slik at dei ville forlate lokalet etter at presten begynte å snakke om synd og alt som det vesle barnet måtte unngå. Presten gjorde på si side på eit vis det presten skulle – legge fram eit religiøst perspektiv all den tid kristen dåp er eit sakrement, ei heilag handling. Problemet var at avstanden mellom den innhaldsmessige forventinga til dei rituelt ansvarlege på den eine sida og dei det gjeld på den andre sida vart for stor.

Eg er jamt og trutt med på konfirmasjonar til familie og slekt. I dag er konfirmasjonen primært eit pengeoverføringsritual til 15-åringar og ei hyggjeleg familie­samkome. Det er vel og bra. Problemet er at innhaldet i konfirmasjonen tidsmessig bommar på kor konfirmantane er i livsfasen. Konfirmasjonen tydde opphavleg å stadfeste dåpen, og at ein stod for den kristne trua som vaksen også. Men i dag er korkje det religiøse innhaldet eller markeringa av statusen som ny-vaksen tilpassa vår tid. Kyrkjas menn og kvinner er ikkje naturlege autoritetar for unge som søkjer etter sin ungdomsidentitet. Vidare er myndigheitsalderen 18 år, og den reelle overgangen til eit sjølvstendig vaksenliv er for dei fleste den datoen då ein vert 18 år, ikkje 15. 18-årsalderen fell også for mange saman med fullføringa av den vidaregåande skulen, og det er også då mange flyttar heimanfrå.

Som pengeoverføringsritual er det å gje 15-åringar mykje pengar lenge før eigen sparing til bustad eller bil er aktuelt, lite tilpassa livsfasen.

Først konfirmasjonsførebuing, så høgtideleg konfirmasjon, gjerne i kvite kapper, deretter familiesamling med talar og det som høyrer med. Kor mange konformantar er mest opptekne av kor mykje dei får inn på kontoen?

Trygg hamn i gravferder

Eg opplever derimot Kyrkja si rolle i gravferdene ganske annleis. Sist i mai, etter ei tids sjukdom, døydde mor mi, og ho vart gravlagt kyrkjeleg. Då stod Kyrkja fram som ein støttespelar med trygge rammer og ein kompetanse det var godt å kunne lene seg på.

Mine personlege erfaringar stemmer med trendar i samfunnet elles. Det er i det norske samfunnet stadig færre med tradisjonell gudstru. Dette er truleg ein viktig grunn til at oppslutnaden om religiøse ritual er sterkt fallande. For 15 år sidan vart tre av fire nyfødde døypte, i dag er det knappast ein av tre. Medan nær halvparten av dei som gifta seg, gjorde det i Kyrkja for 15 år sidan, er berre om lag eitt av fem bryllaup i dag kyrkjelege. Konfirmasjonane i kyrkja går også jamt nedover, men framleis vert om lag halvparten av 15-åringane konfirmerte i Kyrkja.

Gravferdene skil seg ut. Her er det ikkje på same måten som for dei andre kyrkjelege tenestene, ein fallande trend. Om lag ni av ti som døyr, vert gravlagde innanfor Kyrkja sine rammer. Kvifor fungerer Kyrkja godt i gravferder, men ikkje i dåp og konfirmasjon?

Eit gamalt hus

«Kirken den er et gammelt hus, står om enn tårnene falle», skreiv den store danske salmediktaren og teologen N.S.F. Grundtvig. Berekrafta er, ifølgje Grundtvig, ikkje primært materiell, men moralsk. Når Den norske kyrkja framleis ofte er relevant, er det ikkje berre på grunn av trusinnhaldet, men fordi Kyrkja har ein frittståande moralsk base. Kyrkja forvaltar ein kulturell arv og eit rom for refleksjon, trøyst og forsoning som utfyller det religiøse.

Kyrkja ho står sjølv om tårna fell – det er noko i det. Berekrafta som held ho oppe, kan nokon kvar av oss iblant finne trøyst i.

Om konfirmasjonen blei flytta
til då dei unge vert 18 år,
kunne den få ei ny og meir
høveleg innramming.

Gud og Mammon

Omgrepet sosiale konvensjonar kan kaste lys over kvifor utdaterte praksisar varer ved. Sosiale konvensjonar er uskrivne reglar om kva ein reknar for høveleg framferd. Vi oppfattar at det er no berre slik det skal vere. Dermed kan samfunnspraksisar halde fram jamvel om dei ikkje er særleg tenlege eller slik vi ved nærare ettertanke ønsker oss dei.

I Bibelen tar evangelisten Matteus eit krast oppgjer med pengemakta, i kapittel 6, vers 24: «Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.»

I eit slikt perspektiv er spørsmålet om det kan tenkast andre system for pengeoverføringar til dei nyvaksne, fråkopla den borgarlege eller religiøse konfirmasjonen? Kva kunne skje om det vart ein kritisk gjennomgang av vår tids offentlege ungdomsritual?

Aftenbladets Solveig G. Sandelson har treffande skildra og kommentert dei brutale sidene ved russefeiringa. I dag er russefeiringa ein ikkje-religiøs, sosial konvensjon som burde vore avskaffa eller endra, men som likevel durar i veg langs vegane år ut og år inn.

Om konfirmasjonen blei flytta til då dei unge vert 18 år, kunne den få ei ny og meir høveleg innramming. Russetida kunne på si side få nyte godt av sårt tiltrengt moralsk refleksjon.


Les også

  1. Rekordpågang for konfirmasjoner hos Human-Etisk Forbund førte til tekniske problemer

  2. Slik kan du gjøre konfirmasjonen rimeligere

  3. Den eldste tanten til kon­firman­ten SKAL ta ansvar, etter at talene er ferdige, for å ha en ekstra­tale

Publisert:
  1. Konfirmasjon
  2. Den norske kyrkja
  3. Begravelse
  4. Gjestekommentar
  5. Svein Erik Tuastad

Mest lest akkurat nå

  1. Lastebilsjåfør siktet: Kvinne på rulleski alvorlig skadet

  2. Sommerfull Vågen mintes Daniel Svela

  3. Tunnel stengt i Strand etter rulle­ski­ulykke

  4. Kommer hjem til grønn drømme­jobb i Hitecvision

  5. SFO-uenighet: – Vi ser ikke behov for at de med inn­tekter på over 1,5 millioner skal få fri­plasser

  6. Hans store feil var å gifte seg med feil kvinne, et anerkjent hespetre som hatet musikk