Sivs festtale

Det er ingen tvil om kven som er sjefen i Frp. Heller ikkje på innvandring.

Publisert: Publisert:

Siv Jensen trengte ikkje overbevisa sine eigne. Dei er overbevist. Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Frp-eplet har bankande hjarta, Ketil Solvik-Olsen manar til respekt for folks lommebøker, Sylvi Listhaug får umiddelbart applaus, og endå har vi ikkje kome lenger enn til opningsvideoen på Frps Landsmøte.
Dei har grunn til å vera begeistra. Dei har grunn til å klappa begeistra og lenge, før Siv Jensen ein gong har begynt talen sin.

«Vi klarte det», begynner ho. «Vi gjorde det umulege muleg, spådommar til skamme, vi viste dei såkalla ekspertane kva vi er gode for. Vi blei gjenvalde! Vi har tydelege politiske løysningar, kvardagen skal bli enklare, skattane skal ned, vegane skal fiksast, eldreomsorga skal bli varmare, innvandringspolitikken skal vera streng, ikkje slapp og naiv. Når vi står saman, snakkar klart om vår politikk, og tør der andre tier.»

Merkesakene

Det går i kjende, viktige merkesaker for Frp, skattane har gått ned med over 24 millardar, seier Siv Jensen, det er billegare å kjøpa ny bil, bilistane får meir veg utbygd enn dei betaler for, innvandringspolitikken er streng, og landet har fått sin eigen eldreminister. Snart kjem 700 nye sjukeheimsplassar frå revidert statsbudsjett, og plasten i havet skal vi få bukt med ved å bruka av bistandsmidlane.

Les også

Frp-leder Siv Jensen lover 700 nye sykehjemsplasser og tilskudd til kokker på sykehjem

Ho er aller best der, i kjernesakene, og ingen skal vera i tvil om at det er Siv Jensen sjølv som går i front. Heller ikkje når det gjeld innvandring. Sylvi Listhaug får takk, Tor Mikkel Wara tillit, og sjefen sjølv snakkar om likestilling, om for dårleg integreringspolitikk, om at kriminalitet i Norge ikkje skal lønna seg, anten du heiter Arne eller Ali, om at innvandrarar må respektera våre verdiar og reglar, våre idear om ytringsfridom og likestilling, om at ære på norsk gjer du deg fortent til av innsats, det er ikkje noko familiens jenter kan giftast verken frå eller til.

Jonas Gahr Støre får gjennomgå for vingling og for å stikka halen mellom beina, Ap er ikkje lenger styringsdyktig, meiner Siv Jensen. Men det har Frp vist at dei er.

Dei har det.

Les også

Jensen: - En seier i seg selv at Støre ikke ble statsminister

Fleire felt

Før landsmøtet annonserte Siv Jensen sjølv at dei skal dra inn fleire politiske felt, felt dei sjølv meiner dei har god politikk på, men som dei ikkje har like sterkt stempel på. Eit av dei er skulepolitikk. Ho nemner karakterkrav for å koma inn på lærarhøgskulen, og meir etterutdanning for lærarar, ting som mest av alt ber Høgres stempel, sjølv om Frp sluttar seg til. Den varme omtalen av den gode læraren like så. Men Frp kan heilt sikkert på forfriskande og nødvendig vis dytta i norsk skulepolitikk for å få fleire norske ungdommar til stolt å velja kjeledressen og fagarbeidet framfor dressen. SLik Jensen tok til orde for.

Kampen mot mobbing må aldri noko parti, verken i regjering eller andre stader, slutta å bry seg om. Alle lar seg opprøra av det, alle vil gjerne gjera noko med. Regjeringa Frp har vore ein del av også. Dei har kome med ein ny mobbelov, der intensjonen er å ta betre vare på rettane til den utsette enkelteleven. Dei siste vekers debatt om lærarars ytringsfridom kontra elevars oppfatning av krenking, har vist at lova må knas i , for ikkje å få utslag som heilt sikkert ikkje er tilsikta.

Og motsetningane finst jo, også når partileiaren talar. Etter å ha annonsert at Frp vil få alle kommunar til å ha kjøkken og kokkar på alle sjukeheimar, og betala det med statlege pengar, slår Jensen i neste augneblink fast at dei alltid vil kjempa mot statlege inngrep, og for lågare skattar og avgifter.

Det er sjølvsagt ikkje rom for så mange slike dempande nyansar i ein partileiars opningstale. Og for Siv Jensen var det på dette landsmøtet heller ikkje nødvendig å gå inn i detaljane, eller i det som ikkje har lykkast eller som har vore vanskeleg. Det var Trine Skei Grande i Venstre, det, som måtte overbevisa sine eigne.

Siv Jensen treng ikkje det.Dei er ikkje der nå, i Frp. Ingen kan ta frå dei at dei klarte det. Dei styrer ennå.

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Akropolis i Stavanger? Det høyres ut som ein by som vil vera større enn seg sjølv.

  2. – Viss skule­barn blir meir og meir stressa av skulen, kvifor er det då barna vi skal endra?

  3. – Frp har lenge bite seg sjølv i halen i bompengespørsmålet. Det gjer vondt

  4. Det viktigaste med Frp? At dei insisterer på at folk må få sjansen til å velja sjølv.

  5. «Biskopen bør seia nei til sjamanen»

  6. Når det er Earth Hour, ja, så er det Earth Hour. I SV tar dei mørket på alvor.

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Siv Jensen
  3. Fremskrittspartiet (Frp)
  4. Tor Mikkel Wara
  5. Ketil Solvik-Olsen