Ver på vakt mot reinvasking av høgreradikale ved å omdefinere nazismen!

GJESTEKOMMENTAR: Høgreekstreme hevdar stadig oftare at nazismen høyrer til på venstresida. Dei meiner kanskje at jorda er flat òg?

Publisert: Publisert:
  • Jarl Wåge
    Skribent

Til dei som hevdar at holocaust aldri skjedde: Sjølv etter frigjeringa døydde hundrevis av sterkt svekka fangar frå konsentrasjonsleirane dagleg av underernæring, tyfus og dysenteri (bilete frå ei fellesgrav for slike i Bergen-Belsen). Og til dei som hevdar at nazismen høyrer til på venstresida: Kvifor vart då sosialistar og venstreaktivistar i Tyskland forfølgde etter at Hitler kom til makta i 1933? Kvifor flykta sosialdemokraten Willy Brandt til Noreg då partiet hans vart forbode same år? Foto: Everett Historical/Shutterstock/NTB Scanpix

  1. Leserne mener

Holocaust-fornektarar har i mange tiår prøvd å overtyde verda om at det ikkje føregjekk systematisk utrydding av jødar. I eit forsøk på snillifisering av Hitler og alt hans vesen framstiller dei konsentrasjonsleirane i Nazi-Tyskland som reine arbeidsleirar. Same kor sterke vitneprov vi har frå overlevande, frå filmopptak og dokumentasjon gjennom eit stort bildemateriale, insisterer dei like forbanna på at jorda er flat.

No har høgreekstreme innsett at denne tilnærminga til historia ikkje har nokon effekt. «Revisjonistane», som fornektarane gjerne kallar seg, klarer ikkje å lage «populærvitskap» av si uvitskapelege tilnærming til sanninga. Så då må dei finne andre måtar å skrive om historien på.

Snur opp ned

«Nazismen høyrer til på venstresida, NRK», var tittelen på eit debattinnlegg av Norvald Aasen i den høgreradikale nettavisa Resett nyleg. Der klagar han på at reportarar igjen snakkar om høgreekstreme som har hatt binding til nazismen. Denne gongen om medlemmer i Sverigedemokratane. Aasen vil på nytt minne om at nazismen ikkje er på høgresida, men på venstresida, og at han er inderleg lei av at NRK driv med feilinformasjon.

Radikal Portal avslører at Aasen lenge har hatt tilknyting til ytre høgre-miljø. Mellom anna som medlem i Folkebevegelsen mot innvandring. I 1997 skreiv han i Fritt Forum, også ifølgje Radikal Portal, at Noreg er ein fascist-stat. Til Radikal Portal seier han at dei gjerne må kalle han høgreekstrem, eit namn han vil bere med byrgskap. Så slepp han i alle fall å bli assosiert med venstresida og antirasismen. På den måten prøver han på snedig vis å deassosiere seg sjølv frå ei kvar tilknyting til nazismen.

«Er dette noko å bry seg om?» spør du. Kanskje ikkje. Det ein høgreekstremist skriv i ei høgreradikal nettblekke burde ein kanskje teie i hel? Eller ikkje. Aasen sin tekst var den mest leste i Resett den dagen han blei publisert. Og i kommentarfeltet var det hundrevis av kommentarar. Mange av dei med ukritisk støtte til Asen si historieforfalsking.

NSDAP

Enda meir alvorleg er det at denne måten å tolke nazismen på, verkeleg er omseggripande i sosiale media. Det viktigaste, og riktig så sommarfuglvenglette, argumentet er: «Ja, men sjå kva Hitler sitt parti heitte då! Nationalsozialistische Deutsche ArbeiterparteiSozialistische. Kva betyr det? Sosialistisk. Ikkje sant?

Andre insisterer på at NSDAP var for planøkonomi og ein sterk stat. Altså reinhakka sosialisme! Difor er det ikkje tvil i høgreekstreme sjeler. Socialism is the new brown. Eller for å seie det på på godt norsk: Nazisme = sosialisme. Dermed trur høgreradikale at dei effektivt har vaska av seg einkvar brunflekk som sit som rustflekkar i ideologien deira.

Dei nye «revisjonistane», som blir fleire og fleire, dreg stadig oftare i gang denne debatten. Og det er ikkje lenger holocaustfornekting som står på agendaen for dei høgreekstreme. Nei, no er det om å gjere å klistre jødehatet, jødeutryddinga, den ekstreme rasismen, ja, sjølve nazismen, til sosialistar og kommunistar. Som om dei ikkje har nok med sin eigen valdelege historie.

På Twitter er blant andre Jan-Ove Fromreide, medlem i partiet Demokratene, ein av dei som stadig promoterer denne tolkinga av historien. «Nazismen sto for mest mulig statlig kontroll. […] Med andre ord sosialisme», twitra han her om dagen. Og i ein ny tweet skreiv han: «Vi må bekjempe jødehatet venstrebermen og Islam står for.» Fromreide er også administrator for den høgreradikale Facebook-gruppa «Fedrelandet viktigst», der det er fritt fram å komme med rasistiske utspel, foreslå å sende tidlegare AUF-leiar, Mani Hussaini, tilbake dit han kom i frå i ein grisebinge og ønskje ei kule i skallen på bøgjævlar.

Les også

Om Facebook-gruppa «Fedrelandet viktigst»: – Sjokkerande hat mot muslimar og Ap, Sylvi Listhaug er den store frelsaren

SD og Frp-arar

Det er heva over all tvil at Sverigedemokratane (SD), med medlemmer som har vore knytte til nazismen, kjem til å gjere det godt i det kommande svenske valet. Dagbladet skreiv 9. august at fleire framtredande Frp-arar, som Ulf Leirstein og Per-Willy Amundsen, har uttalt at om dei hadde kunna, så hadde dei stemt på SD. Tidlegare justisminister Amundsen har òg sagt at SD-leiar Jimmi Åkesson kan bli den statsleiaren Sverige treng.

Siv Jensen vil ikkje ha noka formeining om dette, men ho hevdar i den same dagbladartikkelen at SD er for venstrevridde (!) for henne. Det fyrste som slo meg då eg las det, var om Jensen prøver å blendavaske Sverigedemokratane ved å dytte dei over på venstresida. Unge og lovande Frp-rådgjevar Espen Teigen utdjupar på Twitter at det er i den økonomiske politikken dette gjeld. At Sverigedemokratane er «sosialdemokrater med en streng innvandringspolitikk».

Og eg tenkjer: «Akkurat som Ap i Noreg?» Snedig. Vips, så er SD ufarleggjort og stuereine.

Men då melder eit nytt spørsmål seg: Kvifor i all verda vil framtredande Frp-arar, om dei budde i Sverige, stemme på eit parti som til forveksling er likt Det norske Arbeiderparti, som dei aldri kunne tenke seg å stemme på?

Ver på vakt!

Vi må ikkje sove. Det er viktig å vere på vakt og ta til motmæle mot dette forunderlege forsøket på omskriving av historien vi er vitne til no. Høgreekstreme og nazistar (mellom dei reknar eg ikkje Frp!) må ikkje få lukkast i å toe sine hender og late som om nazisme og fascisme ikkje har noko med deira eige tankegods å gjere. Vi må overlate til historikarar med vitskapelege metodar, ikkje til «nyrevisjonistar», å skrive historien.


Les også:


Publisert: