Menneskeleg kapital må styrkast, skule og utdanning må sjå lengre enn til gårsdagens lærdom

GJESTEKOMMENTAR: Mot uvisse og omstilling er utdanning i stadig fornying det beste forsvar.

Publisert: Publisert:
  • Klaus Mohn
    Professor, Handelshøgskolen ved UiS og NHH

Utdanninga er ikkje komplett om ho ikkje supplerer hard kunnskap med sosial og emosjonell kompetanse. Dette føresett meir merksemd rundt integrasjon, samarbeid, nyfikne og innovasjon. Foto: Berit Roald, NTB Scanpix

Denne artikkelen er over ett år gammel

Frå kritisk hald får eg stundom høyre at økonomar flest har ei snever tilnærming til velvære, velferd og livskvalitet. Instinktivt rykker eg til, og innvender at økonomifaget byd på ei stor og kraftig verktøykasse som kan betre forståinga av både menneskenatur og samfunnsstruktur. Men etter å ha tenkt over saka eit par tiår, skal eg likevel innrømme at kritikarane kan ha eit poeng og to.

Der telte eg deg

Økonomar er opptekne av å telje og måle. Problemet er at fenomen som livskvalitet er vanskelege å fange i eit tal. Difor ender ein gjerne opp med å måle noko som ligg nær, og som let seg måle. Dette er nok ein viktig grunn til at faktorar som produksjon, inntekt og forbruk gjerne får stor plass når økonomar resonnerer om velferd.

Den aller første læreboka i økonomi fortel oss at inntekt og produksjon på lengre sikt vil være fastlagt av forrådet av kapitalutstyr og arbeidskraft. Det er difor ein stadig høyrer at investeringar er viktige for vekst og velstand. Og difor er dei aller fleste einige om at det er viktig å halde samla sysselsetting ved lag.

Naturleg nok er det ikkje berre mengda av kapital og arbeidskraft som har noko å seie. Difor har ein no vendt merksemda mot ulike sider ved kvaliteten ved desse faktorane, med utslag i form av store offentlege utgreiingar om til dømes produktivitet og kapitaltilgang.

Les også

– Får vi det verre av å undersøke hvordan vi har det?

Kunnskap og kompetanse

For kvaliteten ved arbeidskrafta er det ein faktor som knappast kan få nok merksemd i tida som kjem. Det gjeld utvikling av kunnskap og kompetanse hjå den enkelte, eller investering i menneskeleg kapital, eller humankapital, som økonomar gjerne vil kalle det.

At arbeidskraft med høge kvalifikasjonar er bra for produktiviteten i økonomien på nasjonalt nivå, er noko dei fleste kan einast om. Men ekstragevinstar som ikkje er like lette å måle, kan oppstå når relevant og god opplæring støttar opp om kjensler av meining, meistring og trivsel for kvar og ein som har ein jobb der ute i arbeidslivet.

I tillegg kjem at i ei verd prega av omslag og uvisse, blir det stadig meir viktig med ein solid plattform av kompetanse. Allereie i dag ser ein at unge med låg utdanning får stadig større vanskar med å kome seg inn på arbeidsmarknaden. Med eit godt grunnlag av kompetanse står ein betre rusta til å kapre den første jobben, til å kontrollere utgangen av krossvegar seinare i karrieren, til å byte jobb når ein blir innhenta av ny teknologi – eller ta styring når ein sjølv ønskjer å justere retning i arbeidslivet.

Om dette seier læreboka i økonomi at fleksibilitet er eit godt forsvar mot uvisse. Og allsidig, grunnleggande kompetanse gjev nettopp betre fleksibilitet. Dermed kan ein rekne med at godt utdanna arbeidskraft vil medføre færre plager og lågare kostnadar om og når omstillingsbehova eventuelt veltar over oss.

Les også

Ledere ved UiS: «Krav til pedagogisk kompetanse hos universitetsansatte? Ja, takk!»

Sosiale og emosjonelle evner

Forståinga av kompetanse og humankapital loddar stadig nye djup. Nyare forsking fortel oss nemleg at evna til å handtere omstilling ikkje berre handlar om hard kunnskap. Det visar seg nemleg at sosial og emosjonell kompetanse òg spelar ei viktig rolle for korleis ein taklar sjokk og kriser i yrkeslivet.

Dei fleste vil nok være med på at sjølvtillit, samarbeidsevner og pågangsmot gjer at ein er betre rusta i gode tider. Men slike eigenskapar er kanskje endå viktigare i møte med motgang. Med ein god porsjon sosial kompetanse i sekken er ein betre budd på uvêr i arbeidsmarknaden, betre rusta til å stå støtt i stormen og betre utstyrt for å kome seg vidare så snart ruskevêret har lagt seg.

Det vanlege tankesettet har gjerne vore at sosiale og emosjonelle eigenskaper stort sett er knytte til arv, og at enten så har ein det, eller så har ein det ikkje. Men fatt mot! Ny kunnskap tyder nemleg på at sjølv sosial dugleik er noko som kan påverkast gjennom øving og opplæring. Og nett difor er det så viktig at all utdanning blir retta mot eit vidt sett av evner og kompetansar. Spesielt gjeld dette i ei tid der digitalisering og robotisering varslar om store endringar både i utvalet av arbeidsplassar og, ikkje minst, i jobbinnhaldet.

Dette føresett meir merksemd rundt integrasjon, samarbeid, nyfikne og innovasjon

Utdanning i endring

Ei av dei viktigaste kjeldene til kunnskap og kompetanse finn me i utdanningssystemet. Gjennom 13 år på grunnskule og vidaregåande skule blir grunnlaget lagt for arbeid eller høgare utdanning. Samstundes går diskusjonen om korleis barnefattigdom, mangelfull integrasjon av flyktningar og vekst i talet på unge uføre på sikt kan bremse utviklinga i arbeidsstyrken og auke forsørgjar-børa for det offentlege.

Når nær sagt alle går på vidaregåande og fire av ti vel høgare utdanning, blir det desto viktigare at alle får basiskunnskapen dei treng i grunnskulen. Auken i elevtalet i vidaregåande skular og studenttalet på høgskular og universitet vil òg auke variasjonen i kunnskap og prestasjonar. Men arbeidsmarknaden slakkar ikkje på krava.

Med utsikt til uvisse og stadig omstilling må utviklinga av humankapital difor alltid strekke seg lenger enn til gårsdagens lærdom. Utdanninga er heller ikkje komplett om ho ikkje supplerer hard kunnskap med sosial og emosjonell kompetanse.

Dette føresett meir merksemd rundt integrasjon, samarbeid, nyfikne og innovasjon, samt vedvarande innsats for tilpassing av kvaliteten i utdanningssystemet. Slik kan ein best smi humankapitalen for ei uviss og omskifteleg framtid.

Følg på Twitter: @mohnitor

  • Dei siste gjestekommentarane i Aftenbladet finn du her
  • Klaus Mohns gjestekommentarar og artiklar om han finn du her
Les også

Undheim-lærer tar et oppgjør med landets mest delte Facebook-innlegg

Les også

Plassmangel på Sandnes-skoler - kommunen investerer 1,3 milliarder

Les også

Bjerkreim sa nei til mobbe-erstatning


Les også

To kvinner og seks menn vil bli rektor ved Universitetet


Publisert: