Cruise-turismens paradoks

KOMMENTAR: Er det mest rimeleg at kulturlivet sponsar næringslivet eller at næringslivet sponsar kulturlivet om me skal få fleire Cruise-turistar til Norge?

Publisert: Publisert:

Tom Cruise og crewet hans på Preikestolen sist veke. Men sjølv om bileta sluttscenen i «Mission: Impossible 6» blir bra: Kva sit filmbransjen i Rogaland igjen med etter besøket frå Hollywood? Foto: Fredrik Refvem

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Så har Tom Cruise og hans utanlandske filmcrew reist frå Preikestolen i sine helikopter og privatjetfly. Aldri har det vore meir styr rundt éin manns tre dagar lange besøk i ein norsk fjord. Men får optimistane rett, vil Cruise-visitten føra til fleire Cruise-turistar til Rogaland og Norge. Stemmer teorien, vil Cruises dramatiske dingling frå Preikestolen i «Mission: Impossible 6» gi kinogjengarar verda over lyst til å sjå det same fjellet, den same fjorden, det same landet - på same måte som nesten ti prosent av turistane til Island ifølgje statlege rapportar kjem dit på grunn av «Game of Thrones» og Hollywood-produksjonane som blir filma der.

I så fall vil filmpublikummet koma hit, i flokk og følgje, og gi overnattingsdøgn på hotell, fleire selde restaurantmåltid. Kanskje vil dei kjøpa seg eit souvenirtroll eller ei lusekofte. Dei vil bidra til vekst og arbeidsplassar i turist- og servicenæringa, altså i næringslivet.

Alt dette er, pussig nok, sponsa med 6,3 millionar kroner av Kulturdepartementet. Administrert av Norsk filminstitutt.

Pussig sponsing

Kvifor dette er pussig? Vel, blant anna fordi kulturlivet har lite pengar og næringslivet har mykje. Kulturdepartementet har det nest minste av alle departementas budsjett, mens Næringsdepartementets budsjett er omtrent sju gonger så stort.

Men kulturbudsjettets bidrag er ikkje minst pussig fordi kulturlivets utkome av millioninvesteringa mest sannsynleg ligg og vippar ein stad rundt null. Det var haugevis av folk involverte i det som skjedde på Preikestolen desse novemberdagane: sjåførar, helikopterpilotar, vaktmannskap, klatrarar, catering og sikkerheitsfolk. Men då Aftenbladet prøvde å finna ut kor mange norske eller rogalandske filmfolk som deltok i filmarbeidet - i kulturbiten av prosjektet - var det vanskeleg å finna særleg mange. Filmfolka blei flydd inn frå utlandet, og drog igjen - utan å ha lagt igjen særleg kulturell kapital eller læring for vår regionale eller nasjonale filmbransje.

Insentivordninga

Bakgrunnen for at seks millionar av den milliarden det kostar å laga «Mission: Impossible 6» kjem frå det norske kulturbudsjettet, er den såkalla «insentivordninga». For etter mange års klaging over at store, utanlandske film- og serieproduksjonar valde å filma på stader som Island, men aldri i Norge, innførte også Norge frå 2016 ei ordning der slike produksjonar får refundert inntil 25 prosent av utgiftene sine om dei spelar inn nokre scener i Norge. I fjor fekk «Snømannen» 40,5 av dei tilgjengelege 45 millionar kronene. I år er potten auka til 56 millionar. Dette er likevel småpengar målt mot New Zealands tak på 1,4 milliardar kroner, mens land som Island, Irland, Canada, Frankrike og Storbritannia ikkje har noko tak på kor mange pengar dei kan bidra med.

Målet med ordninga er altså å auka talet på internasjonale film- og tv-innspelingar som kjem til Norge, og slik fremma norsk historie, natur og kultur. Som igjen kan gi fleire (cruise)turistar, meir vekst og velstand. Det London-baserte analysebyrået Olsberg DPI rekna endåtil ut at investeringa i filmane «Snømannen» og «Downsizing» gav økonomisk effekt med éin gong, før den eventuelle straumen av turistar. Ifølgje rapporten deira fekk det offentlege inn 110 millionar kroner i skatter og avgifter frå alle som fekk betalt av filmskaparane, slik at Norge fekk tilbake det dobbelte av det me investerte, i reine kroner og øre.

Rikare kulturliv?

Men den andre effekten insentivordninga skal ha, er altså å bygga norsk filmbransje, og dermed også stimulera norsk kulturliv. Og det er altså her det er vanskeleg å sjå at «Mission: Impossible» har nokon effekt.

I den grad me har ein kulturpolitikk her i landet for tida, handlar den viktigaste prioriteringa om ei nærare kopling mellom kultur og næring. Kulturminister Linda Helleland vil at kunstnarar i større grad skal tena sine eigne pengar i marknaden, og ho bruker mange titals millionar kroner på å stimulera næringslivstankegangen i kulturlivet. Som dei 30 millionar kronene Kulturdepartementet bidreg med til Innovasjon Norge for å stimulera kulturelle og kreative næringar.

Eg har ingenting imot ei norsk insentivordning som får store, internasjonale film- og TV-produksjonar hit - og syns det er flotte greier at Tom Cruise kom til Rogaland for å dingla i Preikestolen. Det er ingen grunn til å tvila på at dette kan gi både jobb og inntekter som til alt overmål kan overgå investeringa. Det er også flott om Innovasjon Norge satsar på kulturelle og kreative næringar, for der er sannsynlegvis vekstpotensialet stort - for å snakka næringslivsspeak.

Men alt dette handlar altså om næringspolitikk, ikkje kultur, der målet og meininga ikkje nødvendigvis lar seg oppsummera i størst mulige overskot og avkasting på kapital, rekna i kroner.

Dermed burde insentivordninga og andre investeringar i kulturlivet som er grunna i næringspolitiske vurderingar leggjast til Næringsdepartementets budsjett. Mens kulturbudsjettet bør brukast på kultur. 56 millionar kroner til utanlandske filmproduksjonar på hurtigbesøk i 2017 kunne til dømes blitt brukt til å laga norsk film.

Les fleire kommentarar frå Jan Zahl:

Publisert:

Les også

  1. Tidenes døllaste kulturbudsjett?

Mest lest akkurat nå

  1. Folk på byen har allerede endret drikkevaner

  2. Gunnar Eiterjord slutter som sjef for Rogfast

  3. Her blir det nytt kjøpesenter og sykehus

  4. Leteaksjon etter mann (63)

  5. Nattklubbene i Stavanger og Sandnes får åpne klokken 20

  6. Mann koronasmittet i Sola

  1. Kultur
  2. Preikestolen
  3. Tom Cruise
  4. Kulturdepartementet
  5. Film