Oppgjeret etter 22. juli

Korleis skal me ta eit oppgjer med tankegodset til terroristen utan å ramma den frie samfunnsdebatten?

«Det ligg nær å spørja kva me eigentleg har lært av 22. juli, og om me som samfunn burde ha kome lenger,» skriv tidlegare sjefredaktør i Aftenbladet, Tom Hetland. Foto: Beate Oma Dahle

  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Ti år etter terroren 22. juli 2011 blir norske kommentatorar stilte til ansvar: Me skal ha pressa AUF-arane til å moderera seg i tida etter angrepet, slik at dei politiske motiva til Anders Behring Breivik blei feidde under teppet, og oppgjeret med tankegodset hans aldri kom. Kritikken kjem blant anna frå samfunnsdebattanten Snorre Valen og fleire overlevande frå Utøya, og er i ferd med å få status som den nye forteljinga om 22. juli.

Eg må tilstå at eg vart overraska. Eg var kommentator for Aftenbladet i tida etter 22. juli, og kan ikkje hugsa at eg skreiv noko slikt. Eg saumfór eit tjuetals artiklar utan å finna spor av krav til AUF om å dempa seg. Det same gjaldt kollegaer i andre aviser, slik eg minnest det. Derimot skreiv me ikkje så reint lite om Breiviks politiske tankar og ideologiske landskap, og dei fleste meinte det var urimeleg at han skulle avskrivast som utilrekneleg.

Snorre Valen viser som eksempel til ein leiarartikkel i Dagens Næringsliv frå november 2011, som avisa nå har beklaga. Andre av hans eksempel synest ut frå konteksten heller å vera prinsipielle forsvar for ein debatt med stor takhøgde, inkludert for AUF. Eller åtvaringar mot å tildela kollektiv skuld. Og det kan jo vera på sin plass, enten gjerningspersonen er høgreradikal, venstreradikal, islamist eller noko anna. Uansett, dei kritiserte får svara for seg.

Respekt for AUF-arane

Så skal me passa oss for gjera dette til ein skyttargravskrig. Det marerittet AUF-arane har gått gjennom, skal me ha djup respekt for. Kjensla av å ha stått aleine må me prøva å forstå. At fleire framleis opplever å få grov hets, både ansikt til ansikt og i sosiale medium, er avskyeleg. Og me som er tilhengjarar av ein vid ytringsfridom, bør ta inn over oss at det ikkje alltid er tette skott mellom ord og handling.

Anders Behring Breivik har framleis sine sympatisørar, seinast illustrert med hærverket mot monumentet over Benjamin Hermansen. Me bør alle føla sinne over slikt, og då ligg det nær å spørja kva me eigentleg har lært av 22. juli, og om me som samfunn burde ha kome lenger.

I ettertid har det kome fram at det var delte meiningar i Arbeidarpartiet om den linja statsminister Jens Stoltenberg valde. Stoltenberg ville samla nasjonen på tvers av partigrenser i ein felles front mot terroristen. Rosetoga vart sjølve symbolet på det store fellesskapet. I eit slikt klima var det nok ikkje så lett å «politisera» terroren på ein måte som kunne skapa partipolitisk splid. Framstegspartiet, som stod utsett til blant anna fordi Breivik hadde vore medlem der, vart inkludert i det gode selskap. Sjølv om Frp framleis ofte er ein elefant i rommet i desse diskusjonane, er det neppe tvil om at mange meiner at partiet slapp for lett.

Korleis nå fram?

Det er likevel ikkje heilt lett å sjå kva eit «kraftigare oppgjer» med «Breiviks tankegods» konkret skulle gå ut på. Hat, hets og handlingar som blir ramma av straffelova, bør meldast til politiet. Men når ein skal definera «tankegodset» støyter ein fort mot ytringsfridom og andre politiske rettar. Kven er det rimeleg å slå i hartkorn med Breivik? Og korleis skal ein ta eit oppgjer som faktisk når fram til dei som måtte vera i risikogruppa for å utvikla seg til valdelege ekstremistar, i staden for å driva dei lenger ut i utanforskapet?

Det er neppe blitt enklare. Mykje har endra seg sidan 2011. Blant anna har dei redaktørane og kommentatorane som Valen kritiserer, fått mindre makt. Dei styrer ikkje den offentlege debatten slik som før. På sosiale medium ytrar folk seg uredigert og ufiltrert. Og på nettet dukkar «alternative» medium fram, ikkje minst på ytre høgre, som Resett og document.no. På nettet finn også ekstremistar saman i ekkokammer over landegrensene og styrkjer kvarandre i trua.

«Oss» og «dei»

Om det er meir høgreradikalisme nå enn før, er eg ikkje så sikker på. Men Erik Blücher og Arne Myrdal nådde ikkje så langt. Om du ikkje ville kjøpa bladet «Nasjonalisten» i Narvesen-kiosken, kunne du la vera. Den nye mediesituasjonen har gitt ekstremistane langt meir påtrengande og effektive middel til å kommunisera, agitera og trakassera politiske motstandarar.

Sosiale medium fører også til ein meir polarisert debatt. Stadig oftare deler me oss i «oss» og «dei» og opptrer som lukka stammesamfunn som heiar på våre eigne og kappast om å fordømma motparten moralsk. Arenaen der me faktisk snakkar med kvarandre og prøver å forstå den andres argument, er blitt mindre. Det er lett å bli pessimist.

Utfordringar til høgre og venstre

Men skal me ha framgang i kampen mot ekstremisme og hatideologiar, må arenaen for open og redeleg diskusjon gjerast større igjen. Det kan me ikkje vedta eller lovfesta. Det handlar om politisk kultur. Og då har både høgresida og venstresida ei utfordring.

I tillegg til å gjera ein tydeleg grenseoppgang mot ideologisk grums, må ei høgreside som vil vera anstendig og ansvarleg ta eit oppgjer med Trump-inspirerte, polariserande debatteknikkar som kynisk piskar opp konfliktnivået mellom grupper i samfunnet.

Så må også delar av venstresida sjå kritisk på sin eigen diskusjonskultur. Samfunnsdebatten denne sommaren har gitt oss fleire eksempel på at enkelte miljø (og då tenkjer eg på andre enn AUF) legg lista svært lågt for å stempla synspunkt som ligg trygt innanfor det akseptable som «hets», «hatprat» eller «rasisme».

Me treng ein friare og rausare debatt om vanskelege samfunnsspørsmål, ikkje ein kamp for å gjera godtfolk til fiendar. Me bør ha meir enn nok med dei som verkeleg er det.

Les også

  1. – Det sterkeste minnet er da vi i løpet av natta skjønte omfanget og hvor mange som var blitt drept

  2. Pakka vi alt som smerta ved 22. juli heilt ned i roser?

Publisert:
  1. 22. juli
  2. Radikalisering
  3. Snorre Valen
  4. AUF

Mest lest

  1. Skattejakt på Ryfylkeøyene: 40 prosent av de med billett møtte ikke opp

  2. Viking bekrefter utenlandsk Bell-interesse

  3. «Better Call Saul»-stjerne utenfor livsfare etter kollaps under innspilling

  4. Den kinesiske rifleskytteren vekker norske reaksjoner