Sandelson: Ja til mindre skule!

KOMMENTAR: Går den einaste vegen til lykke og yrkesliv gjennom vidaregåande skule?

Publisert: Publisert:

Kva om meir skule rett og slett er feil svar for mange? Foto: Bjørn Sigurdsøn, NTB SCANPIX

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

7 prosent av unge i Norge mellom 15 og 29 år er verken i arbeid, utdanning, eller praksis. Dei eldste i gruppa dreg statistikken opp. Gjennomsnittet i EU var i 2014 16 prosent. For denne gruppa veit vi at ein vaksen kan gjera ein stor forskjell. Ein trenar, ein tidlegare lærar, ein far, mor til ei venninne. Dei kan hekta seg på igjen. Det er det viktig at så mange som muleg gjer. Det er viktig at vi ikkje mister denne gruppa av syne.
Men det vi snakkar mest om når vi bekymrar oss for dei unge her i landet, er det vi kallar fråfallet i vidaregåande skule. Det har lenge vore på ca. 30 prosent, omtrent som i resten av Skandinavia. Vi veit at det er flest gutar som fell utanfor, og at forskjellen mellom gutar og jenter i grunnskulen aukar. Jentene er karaktervinnarar. I tillegg til å snakka om kjønnsforskjellar, prøver vi også ofte å finna trekk ved enkelteleven som kan forklara fråfallet. Vi snakkar om ressurssvake elevar, umotiverte elevar, utagerande gutar, om familie og sosial bakgrunn. Og vi diskuterer korleis skulen skal jobba for å motverka og helst oppheva dette. For konsekvensane vi fryktar, er stengde dører til yrkeslivet, eit evig utanforskap for mange, særleg gutar, med innovervend depresjon eller utovervend aggresjon som spådd fast følgesvenn.
Vi snakkar om desse 30 prosenta som om dei verken er i arbeid, utdanning eller praksis. Det er svært langt frå sanninga.

Les også

Her får frafallselevene en ny sjanse

Har vi oversett noko?
Først er det måten vi reknar på. Norske elevar har sidan 1994 hatt rett til å bruka fem år på vidaregåande. Dermed har vi også plassert temperaturmålaren der. Fem år etter påbegynt løp, finst det tretti prosent som ikkje har fullført. Dei fleste av desse går på yrkesfagleg, der vanleg løp er fire år, to på skule og to i lære (evt. to år til på skule). Og fleire gutar enn jenter er å finna blant dei fråfalne.
Men snittaldaren for gjennomført yrkesopplæring i Norge er 28 år. Slik har det vore lenge, sjølv om det ikkje er det vi driv og måler. Over halvparten av dei som har gjennomført når dei er 28, var ein gong blant dei fråfalne.

I Danmark har ein sett normen for fullføring av yrkesfag til 25 år. Dei måler nærmare tingas eigentlege tilstand.

Er kjønn heilt avgjerande?
Forskaren Kristoffer C. Vogt ved Universitetet i Bergen meinte alt i 2009 at vi såg oss blinde på kjønn i fråfallsdebatten. Han påpeika at typiske gutefag er meir konjunkturutsette enn typiske jentefag. (Ja, vi vel tradisjonelt, yrkeslivet i Norge er svært kjønnsdelt.) Når tidene blir hardare, som dei var i 2009, og som dei er nå, er det ikkje nok læreplassar å oppdriva i for eksempel handverkar- og industrifag. Det største fråfallet på yrkesfagleg skjer nettopp når elevane skal ut i lære. Det kan ramma gutane hardare enn jentene, ikkje fordi dei er fødde gutar, men fordi dei vel utsette fag.
Det finst også andre vegar til fagbrev enn gjennom vidaregåande. Vaksne med i regelen minst fem års dokumentert (og relevant) praksis, kan få ta fagprøve som privatistar. To av tre av dei som gjorde dette i Rogaland i fjor, hadde ikkje vidaregåande skule.

Ikke fordi de er gutter

Elevane sjølv
Av dei 522 unge i Rogaland som slutta i løpet av sist skuleår, oppga heile 42 prosent personlege årsaker som grunnen til det. Andre grunnar var at dei hadde valt feil, hadde så høgt fråver, eller at dei mangla motivasjon.

Det er ein svært sterk samanheng mellom elevanes karakterar i grunnskulen, og om dei kjem til å slutta i vidaregåande. Jo lågare karaktersnitt frå ungdomsskulen, jo meir sannsynleg at du sluttar etterpå Opplæringsavdelinga i Rogaland fylke tolkar elevanes eigne svar på kvifor dei sluttar, som ei kjensle av manglande meistring og motløyse. Forskarane Mjaaland og Frostad frå NTNU har funne at visst betyr karakterane mykje, men den mest avgjerande faktoren når nokon sluttar, er opplevinga av å vera einsam på skulen.
Mjaaland og Frostad sitt svar på dette, er at skulane må jobba meir og betre med dei sosiale relasjonane både mellom elevar og mellom elevar og lærarar. Dei må sjå meir på kva skulen gjer feil, ikkje på kva som er feil med elevane. Men kva om meir skule rett og slett er feil svar for desse elevane?

Kva med systemet?
Kva om det er dette systemet det er noko gale med? Kvifor kan ikkje 16-åringar få gå rett ut i lære? Eller rett ut i full jobb? Kan det ikkje vera nok med ti års skulegang? Akkurat nå er konjunkturane mot oss, når arbeidsløysa går opp, står ikkje dørene vidopne for dei yngste utan utdanning. Det skal ikkje stikkast under ein stol.

Men likevel.
Vi er svært nære å snakka oss fram til at einaste vegen til lykke og yrkesliv går gjennom fullført vidaregaånde skule. Det er for det første ikkje sant. For det andre kan det dessverre bli sant, dersom alt ansvaret for å få unge i gang, blir lagt på skulen og det offentlege, og ingenting på arbeidslivet.

Kanskje treng vi å gjera døra høgare, porten vidare, hindringane færre og tilropa meir begeistra når unge vil finna andre vegar inn i yrkeslivet enn uendeleg lang skulegang. For det er ikkje sikkert dei "fell frå". Det kan vera dei aktivt vel skulen vekk.
Mange, mange av elevane som nå blir rekna som fråfalne, kjem til å klara seg heilt fint. Jo, dei kjem til å gjera det. Det må det vera lov å seia. Mange av dei kjem til å ta utdanning seinare, mange kjem til å velja vekk skulegang og prøva å få seg praksisplass, eller rett og slett ein jobb i staden.

Det treng ikkje vera galt. Det treng ikkje vera usunt. Det treng ikkje alltid å fiksast på.

Publisert:

Les også

  1. Må alle inn i rekka gå?

  2. Er fråversreglane krenkande?

  3. Trur du at du kan bli kva som helst?

Mest lest akkurat nå

  1. Tre trafikk­ulykker i Sandnes på kort tid

  2. Prinsesse Ingrid Alexandra (16) tok NM-gull i surfing på Jæren

  3. – Dette ser ikke lovende ut for Oilers...

  4. Koronavinteren kommer. Dette er scenarioene Norge må forberede seg på.

  5. Hadia Tajik øydelegg for seg sjølv med dette bokomslaget

  6. Bryne-treneren: – Ingen får snakke om opprykk ennå

  1. Skole og utdanning
  2. Arbeidsliv
  3. Kjønn
  4. Skole
  5. Solveig G. Sandelson