Frp toppar regjeringa før valet 2017 - og kva tyder det?

Frp skjerpar tonen og toppar regjeringslaget før stortingsvalet neste haust.

Publisert: Publisert:

Kor søtt kan det bli? Frp-leiar Siv Jensen gratulerer Terje Søviknes, ordførar i Os, som nytt sentralstyremedlem. Frp-landsmøtet på Gardermoen i 2014. Foto: Scanpix

  • Jarle Natland
    journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Sjølvtilliten er stor i Framstegspartiet for tida. Meiningsmålingane etter budsjettforliket viser at Siv Jensen og dei ikkje har tapt på å stå hardt på hardt mot støttepartia KrF og Venstre. Skilnaden mellom raud og blå blokk er no heilt marginal, og det kan fort bli promillar som avgjer vinn eller forsvinn for dei blå-blå.

I denne situasjonen og uvanleg seint mot eit val går altså statsminister Erna Solberg (H) og finansminister og Frp-leiar Siv Jensen inn for å gjera dei største endringane Solberg-regjeringa har sett sidan starten for tre år sidan.

Dei mørke kjeldene

Først av alt: Her må eg ta alle atterhald om at alt dette er basert på dei fordervelege og altfor utbreidde skjulte kjeldene i politisk journalistikk, som min gode kollega Sven Egil Omdal tok eit glimrande generaloppgjer med i sin Fripenn-kommentar for eit par helgar sidan. Eg er til alt overmål medlem av denne moglege skammens pøl, Stortingets presselosje.

Les også

Omdal: "Presselosjen bør skamme seg"

Du som ikkje likar dei anonyme kjeldene, kan trygt stogga å lesa her, sidan offisielle kjelder er få og ingen fram til statsråd klokka 16 tysdag. Du bør heller ikkje sjå eller lesa andre nyhendemedia fram til tysdag kveld.

Men sidan eg kan kommentera fritt på grunnlag av opne kjelder som har brukt løynde kjelder, og sidan løynde kjelder har vist seg å treffa blink minst like ofte som blinde høner finn korn, vil eg våga meg på å rissa opp eit persongalleri og ein tanke om kva som ligg bak.

I skrivande stund ser den største regjeringsendringa i dei blå-blå si tid ut til å minna om ein variant frå «Nytt på nytt»: Noko slikt som at to skal ut, men to skal inn. Førebels (måndag ettermiddag) har me berre høyrt om Frp sine, men det vil forundra meg stort dersom ikkje Høgre også for syns skuld endrar litt på sin kabal og styrkar laget på eit punkt før september 2017.

Men så over til persongalleriet i fire punkt:

Justisministeren

1. Anders Anundsen. Sitjande justisminister. Har sjølv bede om avløysing, heiter det. Eg vel alltid å tru på det folk sjølv seier. Heilt fram til dei seier noko anna. Eg har ingenting imot Anundsen personleg, men han har ikkje vore ekstremt overtydande som justisminister på eit av dei aller, aller viktigaste felta for lov-og-orden-partiet Frp.

Då det storma som mest rundt Anundsen i høve asylbarn-saka og stortingshøyringa i februar 2015, skreiv eg i ein kommentar at han ikkje går av no, men heller ikkje vil vera justisminister i 2017. Det ser ut til å stemma.

Sidan har han levert ein pinleg reklamefilm, som me ikkje treng å rippa opp i, men har elles mykje sendt statssekretæren ut i kampen for seg.

Då han meldte at han ikkje tok attval til Stortinget, var løpet langt på veg kjørt for Anundsens politiske framtid.

Dei kan kanskje vera like sjølvgode og hårsåre på mange måtar, hårsår er ikkje meint som ein spøk, men han er på ingen måte av Ketil Solvik-Olsens kaliber. Berre sistnemnde er sjølv utan stortingsplass trygg i ei ny regjering med Frp.

Oljeministeren

2. Tord Lien. Sitjande olje- og energiminister. Har sjølv bede om avløysing, heiter det. Nærmare presisert av familiære årsaker og fordi han skal bli ny NHO-direktør i Sør-Trøndelag.

Godguten frå nord, som saman med Anundsen vart eit offer for biljardkule-skjenn frå Per Sandberg.

Det var eit hånleg ordspel frå Sandberg på relativt moderate med lite hår og moderate meiningar. Sandberg har som kjent tilrådd Siv Jensen å lytta mindre til konsensuspolitikarane i eige parti og heller skjerpa tonen på mellom anna – og ikkje minst – innvandringspolitikken.

KOMMENTAR: Trist som Tord

Tord Lien feilinformerte sjefen sjølv, Erna Solberg, om opning av nye felt. I september skreiv Aftenbladet: «Feilinformasjonen frå Tord Lien (Frp) er den alvorlegaste saka som har råka dei blå-blå på drygt tre år. Statsrådar har gått på langt mindre, og regjeringar har vore truga med avgang.»

Men langt meir spanande enn dei som går ut, er dei som kjem inn.

Provokatøren

3. Per-Willy Amundsen. Per i dag statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Dersom han skulle bli ny justisminister etter Anundsen, og det veit eg ingenting sikkert om, er det eit ekstremt viktig signal frå Framstegspartiet. Amundsen er ein av dei mest profilerte innvandringskritikarane i partiet, han er ein provokatør og erklært klimaskeptikar.

Å ha to så markante innvandringskritiske Frp-statsrådar som Amundsen og Sylvi Listhaug (innvandrings- og integreringsminister) i Justis- og beredskapsdepartementet, vil vera ei tydeleg melding om kvar vegen går mot valet.

Ordføraren og valvinnaren

4. Terje Søviknes. Ordførar i Os kommune sidan 1999. Frp fekk 40 prosent av røystene i Os ved sist kommuneval.

For nokon av oss var det som i går (2001) at Siv Jensen stod og gret sine modige tårer på tv då framtidsvona Søviknes ramla ut av rikspolitikken etter eit særs uheldig tilfelle med ei 16-årig FpU-jente.

Dersom han no er ny olje- og energiminister i Norge, vert det eit av dei største politiske comebacka i norsk politisk historie. «They never come back» blir trumfa av at «You can't keep a good man down». Og Jensen har alltid ønska å ha Søviknes på topplaget.

Ingen kan ta frå Søviknes at han er ein ryddig og god politikar med heilt andre evner til å bygga bru enn til dømes Per-Willy Amundsen.

Valet av Søviknes reflekterer også at valet neste haust vil handla om Vestlandet. Solberg-regjeringa vil visa å ta på alvor oljekrisa og arbeidsløysa i vest. Då vert Tord Lien lett å ofra, sjølv om olja tidvis kan synast å vera i nord. Me veit jo at det handlar mest om vest.

PS: Men endeleg fasit her med opne kjelder har du først tysdag ettermiddag. Så gløym no alt dette. Som det heiter i politikken; Ingenting er klart før alt er klart.

Publisert:

Les også

  1. - Søviknes må sette seg på første fly til Stavanger

  1. Erna Solberg
  2. Terje Søviknes
  3. Sylvi Listhaug
  4. Per Sandberg
  5. Siv Jensen