Rydd heller heime!

KOMMENTAR: Arbeidsminister Anniken Hauglie (H) bryr seg meir om kvinners arbeidsliv i Polen enn i Norge. Det er synd for oss.

Publisert: Publisert:

I 2001 brukte foreldra til 81 prosent av eitt-åringane kontantstøtte. I 2015 gjer 38 prosent det same. Foto: Scanpix

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Då ordninga med kontantstøtte blei innført i 1998, gjekk delen kvinner i arbeidslivet med barn i denne alderen ned. Då kontantstøtta for to-åringar seinare blei fjerna, gjekk delen av kvinner i arbeidslivet med barn i – ja, du forstår – opp.

For far endra det seg lite.

Bondevik-regjeringa grunngav innføringa med større valfridom for småbarnsfamiliar – staten skulle ikkje påtvinga alle å velja barnehage. Å halda ein overivrig stat på ei armlengds avstand, er ikkje dumt. Meir finurleg var argumentet om ei meir rettferdig fordeling av offentleg pengestøtte til familiane. Logikken bak var at sidan dei som har barna i barnehage får plassen delvis betalt av staten, bør dei som vel andre ordningar også få.

Skeivt fordelt

Nå kan du i alle fall få 7500 skattefrie kroner i månaden for kvart barn mellom 13 og 23 månader.

I 2015 betalte staten ut nesten 1,6 milliardar kroner i kontantstøtte. Same år var 45 prosent av barna til innvandrarfamiliar kontantstøtta, mens bare 16 prosent av barna utan innvandrarbakgrunn var det. I den første gruppa blir det stadig fleire, i den andre stadig færre.
Barn i familiar frå Asia, Afrika og Aust-Europa er overrepresenterte. Men det er ikkje bare kva land du kjem frå som påverkar om du er i jobb 16 månader etter at du har fått barn. Minst like viktig er inntekta di, anten du har norsk eller ikkje-norsk bakgrunn.

Er den låg, taper du mindre på å bytta den ut med kontantstøtte. Er du utan arbeid, gir det seg sjølv.

Stryk heile greia!

Dei siste åtte åra har seks ulike offentlege utval bedt politikarane om å fjerna ordninga heilt. Dei vil stryka den frå alle budsjett.
Alle desse utvala viser til at den held særleg innvandrarkvinner borte frå arbeidslivet, og den held barn som treng språkopplæring borte frå barnehagane.

Difor bidrar også kontantstøtta til å auka forskjellane mellom folk. For har du foreldre med høg inntekt og høg utdanning, blir du send i barnehagen, har du foreldre med låg inntekt og låg utdanning, går du glipp av den utjamninga læringsmiljøet i barnehagen kunne bidrege med.

Det kan bidra til å sementera forskjellar gjennom heile livsløpet. Det hindrar integrering og likestilling.
Folk – særleg kvinner – som har vanskar med å koma seg inn i arbeidslivet, hopar seg opp i kontantstøtteordninga.

Stryk den heilt!

Nå er det jo ikkje gitt at dei ville koma seg over i jobb umiddelbart dersom denne støtta forsvann. Likevel meiner for eksempel sjølvaste Brochmann-utvalet, som såg på kva innvandring kostar samfunnet, at ordninga må vekk. Elles går det ikkje.
Regjeringa har prøvd seg på å svara Brochmann-utvalet med å gi nykomne flyktningar og innvandrarar ein karantene på fem år før dei får rett på kontantstøtte.
Ikkje godt nok, seier Brochmann sine folk, de må ta ordninga heilt vekk.
Reint økonomisk må vi få fleire ut i jobb og vekk frå trygdeordningar, og vi må få innvandrarane som skal vera her med i arbeidslivet. Velferdsstaten treng at vi held tilliten mellom folk oppe, og forskjellane mellom dei nede. Elles ramlar det saman, før eller seinare.

Ganske smått

Imens er arbeidsminister Anniken Hauglie (H) meir bekymra over kvinners arbeidsliv i andre land enn Norge.

«Det gir ikke noe motivasjon for kvinner i disse landa å gå ut i arbeidslivet når de får en årslønn for å være hjemme med barn», seier Hauglie til Aftenposten.

Ho snakkar om dei 219 millionar kronene som går i barnetrygd og kontantstøtte til familiar i utlandet. Det er ein del av den internasjonale avtalen som gir oss tilgang til den frie flyten av arbeidskraft i Europa. Arbeidsfolk skal ha rett på trygdeytingane i det landet dei betaler skatt til, på lik linje med andre som betaler skatt der.
Dette vil regjeringa snakka med Brussel om å endra. Sånn at ein polsk arbeidar med familie i heimlandet får ein sum som gir familien lik kjøpekraft som ein familie i Norge, men ikkje like mange kroner. Så ikkje polske kvinner bare blir sitjande heime. Fleire av dei rikaste landa i Vest-Europa tenkjer på same måte.

Men dette er ganske smått. Det er ikkje store pengar det er snakk om, og ei slik regelendring vil gjera heile greiene meir innvikla og dermed føra til meir byråkrati. Meir byråkrati er alltid dyrt.
I tillegg deler slikt oss opp i dei rettferdige skattebetalarane og dei utanlandske snyltarane. Det er ikkje så bra. Altså, for det der med tillit.

For fislete

Fjern heile kontantstøtteordninga!

For at ikkje forskjellane mellom oss vaksne her i landet skal bli for store, for at ikkje dei med lågast inntekt skal bli sitjande fast i ei fattigdomsklemme, der slike støtteordningar er med på å halda dei utanfor arbeidslivet. Og for at ikkje forskjellane mellom barn i Norge skal bli støypte i betong.

Det blir for fislete å bruka tid på at kvinner i Polen ikkje skal bli sitjande heime på norsk barnetrygd.

For vi treng fleire til å vera med å dra lasset her i landet skal dette gå. Vi treng fleire i jobb, færre på trygd, små forskjellar og rimeleg likt fordelte sjansar til å læra seg det som trengst.
Det er eit oppdrag for ein arbeidsminister, uansett parti.

Publisert:

Les også

  1. Sandelson: Tips til Torstein (Ap): Ting å ta vekk

  2. Sandelson: Gud er ingen garantist for det gode

  3. Sandelson: Ja, eg veit det singlar i glashus nå. Men likevel

Mest lest akkurat nå

  1. SUS og Sandnes kommune begikk en rekke lovbrudd da pasient døde

  2. Slik blir Bussveien fra sentrum til Mosvatnet

  3. Er det eit offentleg ansvar å gi Kurt Nilsen millionlønn til jul?

  4. Politiet dro inn 231.000 kroner for ulovlig kjøring i Lindeveien

  5. Tenkte først «her kan vi jo ikke bo»: – Dette stedet, altså. Her har jeg funnet roen.

  6. Trump utsetter valgkampmøte i North Carolina

  1. Arbeidsliv
  2. Familie
  3. Barnetrygd
  4. Integrering
  5. Innvandring