Vinning og spinning

GJSTEKOMMENTAR: Når bilen din blir meir bensin-gjerrig, så blir tendensen at du vil køyre meir. Når huset ditt blir betre isolert, så hevar du kanskje innetemperaturen med ein grad eller to.

Ny teknologi vil også skape rom for vekst i produksjon og aktivitet, slik at samla sysselsetting kanskje likevel kan haldast ved lag.
  • Klaus Mohn
    Klaus Mohn
    Professor, Handelshøgskolen ved UiS og NHH
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

På 1800-talet i England levde den politiske økonomen og vitskapsmannen William Stanley Jevons. Sjølv om han er kjent for dei færraste, så blir han rekna blant grunnleggjarane av matematisk økonomi. Jevons var til dømes blant dei første som peika på at nytta ved ekstra forbruk blir mindre di meir ein allereie har sett unna. Dei fleste vil kjenne seg att i at den første isen i sommervarmen er betre enn den tiande.

Jevons’ paradoks

I boka Spørsmålet om kol (1865) drøfta Jevons ei rekke spørsmål knytt til England sin hang til kol, og det er frå denne boka me finn det som står att som mannens mest kjente arvestykke.

Jevons hadde merka seg at utviklinga av dampmaskinen innebar store teknologiske framskritt, som isolert sett kunne ha redusert behovet for kol. Men likevel kunne alle sjå at utvinninga av kol berre auka og auka. Dermed postulerte Jevons at når bruken av kol blir meir effektiv, så blir etterspurnaden større, ikkje mindre.

Hypotesa har seinare blitt kjent som Jevons’ paradoks, og har prega delar av økonomiforskinga heilt inn i vår eiga tid. Studiar av energieffektivisering som tiltak for å dempe forbruket av energi har auka kraftig sidan oljeprissjokka på 1970-talet, og har på nytt skote fart i møte med global oppvarming og klimapolitikk. Her inneber tankesettet frå Jevons at tiltak for meir effektiv energibruk vil bli motverka av endra åtferd i hushald og føretak.

Effektivisering senker utgiftene

Med den store merksemda rundt global oppvarming har spørsmål knytt til energieffektivisering fått ny vind i segla dei siste 20 åra. Ei rekke studier er gjennomført for å undersøkje korleis meir energieffektive løysingar virkar på ditt og mitt forbruk, og resultata er naturleg nok blanda.

Men eitt står fast, og det er at når bruken av energi blir meir effektiv, så blir delar av gevinsten vatna ut gjennom auka produksjon og forbruk. Når bilen din blir meir bensin-gjerrig, så blir tendensen at du vil køyre meir. Når huset ditt blir betre isolert, så hevar du kanskje innetemperaturen med ein grad eller to. Når kjøleskapet brukar mindre straum, så kjøper du kanskje dobbelt kjøleskap ved neste korsveg.

Ei effektivisering av energibruken har dermed same verknad som ein reduksjon i prisen. I faglitteraturen har denne rekyl-mekanismen i forbruket fått namnet rebound-effekten. Jevons sitt tankesett frå 1800-talet har dermed implikasjonar heilt inn i dagens utforming av energi- og klimapolitikk.

2-gradersmålet for klimapolitikken blir støtta opp av ulike scenario og framskrivingar av energisituasjonen i verda, der alle legg stor vekt meir effektiv bruk av energi. Men forskinga tydar altså på at ei betring i energieffektiviteten sjeldan vil gi ein tilsvarande reduksjon i forbruket av energi. Dette inneber at energieffektivisering knytt til fossile brensel heller ikkje vil gi full utteljing i form av reduserte CO₂-utslepp, fordi lågare kostnadar vil friste oss alle til å auke forbruket – og dermed og utsleppa.

Mennesket mot roboten

Tankesettet frå Jevons har og relevans for meir generelle sider ved teknologiutviklinga i tida me lever i. Delingsøkonomi, digitalisering og robotisering er nøkkelord dei fleste vil kjenne att frå nyheitsbiletet. Blant økonomar går diskusjonen høgt om korleis teknologitrendane vil slå ut i arbeidsmarknad og generell velferd. Dette blir hovudtema for ein heildags-konferanse under KåKånomics-festivalen i Stavanger i november.

På den eine sida kan utviklingstrekka være eit trugsmål mot institusjonar og rettar i dagens arbeidsmarknad, utradere ei rekke oppgåver, med auke i arbeidsløyse og ulikskap som resultat. Men om ein tilpassar Jevons sitt tankesett om energibruk til bruk av arbeidskraft, så opnar det seg ei anna muleg utvikling. Då kan meir effektiv bruk av arbeidskraft gi stimulans både til produksjon og etterspurnad, slik at sysselsettinga kan haldast ved lag og teknologiutviklinga kan gi høgare levestandard for alle.

Sjå til dømes på minibanken, som no nærmar seg 50 år. Han medførte ikkje ei utradering av tilsette, men gav bankane høve til å utvide tilbodet av tenester, som lenge haldt sysselsettinga ved lag og kom oss alle til gode.

Minibanken er ikkje eit spesialtilfelle. I advokatbransjen i USA har ein sett robotar i sving med å gjere stadig meir avanserte dokumentsøk, ei oppgåve som tidlegare blei utført manuelt. Ein skulle kanskje tru at dette ville skape vanskar på arbeidsmarknaden, spesielt for nyutdanna juristar. Men når kostnaden ved å gjere slike dokumentsøk har falt markant, så har etterspurnaden stige tilsvarande. Og advokatbransjen har difor tilsett stadig fleire for å administrere auka i denne aktiviteten.

Arbeidsmarknad i endring

I næring etter næring kan ein sjå at teknologiutviklinga skapar store endringar i arbeidsoppgåvene. Men samstundes vil ny teknologi skape rom for vekst i produksjon og aktivitet, slik at samla sysselsetting kanskje likevel kan haldast ved lag.

Jevons’ paradoks blei utvikla for kol-næringa i England allereie for 150 år sidan. Men samstundes lærte han alle i si ettertid at god forståing av økonomisk åtferd er avgjerande for utforminga av regulering og god økonomisk politikk. Som til dømes at delar av vinninga gjerne kan gå opp i spinninga.

Twitter: @Mohnitor

  • Dei siste gjestekommentarane i Aftenbladet finn du her
  • Klaus Mohns gjestekommentarar og artiklar om han finn du her

Les også

  1. Klaus Mohn: Meir uro rundt olje og klima i neste stortingsperiode

  2. Klaus Mohn: Spør kva det kostar å gjere som Miljøpartiet De Grønne vil!

  3. Uvissa er undervurdert

Publisert:
  1. Økonomi
  2. Digitalisering
  3. Global oppvarming
  4. Gjestekommentar
  5. Klaus Mohn

Mest lest akkurat nå

  1. Ole Kallelid er død

  2. Spiste alene på rommet mens de andre koste seg på julebord. Nå sier hun takk for seg

  3. Stampuben er deres andre hjem: - Hadde den blitt stengt for godt, ville jeg satt meg ned og begynt å grine

  4. Politiet ønsker tips i forbindelse med savnet kvinne i Haugesund

  5. Slik så Bjarne ut etter joggeturen

  6. Anita Lundekvam (25) har flyttet og selger bilen: – Vi sparer på de siste vedkubbene