K-en i KrF

KOMMENTAR: KrF treng at ganske mange fleire av oss trur på dei. Det spørst om eit landsmøte er nok for å få det til.

Publisert: Publisert:

Meir enn halvparten av dei som stemte på KrF i stortingsvalet i fjor haust, har forlate dei. Her er partileiinga ved (f.v.) Kjell Ingolf Ropstad, Knut Arild Hareide og Olaug Bollestad. Foto: Heiko Junge, NTB Scanpix

  1. Leserne mener

Dei er nede på 3 prosent nå, KrF, i den siste meiningsmålinga frå TV2. Det er den dårlegaste målinga sidan 1964. Berre Rogalands Olaug Bollestad og Hordalands Knut Arild Hareide hadde kome inn på Stortinget viss dette hadde vore resultatet etter valet. Meir enn halvparten av dei som stemte på partiet ved stortingsvalet for eit år sidan, har gått. Ein del har hoppa opp på gjerdet, mens dei som ikkje sit der, har gått til borgarlege parti.

Djupt splitta

Så er jo heller ikkje dette veka der vi som står utanfor KrF kjenner at det er akkurat nå vi ville velja å gi dei vår stemme. Vi veit jo ikkje kva retning dei vil gå, og om dei i det heile tatt vil vera i stand til å gå i ei retning etter landsmøtet fredag.

Den vesle flokken er djupt splitta på midten. 99 delegatar til landsmøtet fredag er i utgangspunktet blå, 90 er raude (då er dei som framleis vil vera i opposisjon, talde med etter deira andrealternativ). Hadde KrF i Rogaland gjort som alle andre fylkesparti, og stemt fram delegatar for mindretalet, ville stillinga vore 95–94. Framleis så vidt blått. Framleis delt på midten.

Der Hareide sjølv ikkje kan tenkja seg å gå i regjering med Frp, får folk på den andre sida i same parti vondt, – ikkje berre i magen, men i heile seg – berre ved tanken på SV. Der ein på venstresida i partiet snakkar om løftebrot viss ein går i regjering med Frp, snakkar ein på høgresida om løftebrot viss ein vil gå i regjering med Ap.

Og mens ein diskuterer måtar å stemma på, om det er skriftleg eller opent vedkjennande, etter eige samvit og overbevising eller av lojalitet mot dei som har valt ein inn, følgjer argumenta i stor grad det ein trur ville tena eige syn best. Til sjuande og sist.

Trua på KrF

KrF treng at ein del av oss som står utanfor, trur på dei etter dette. Dei treng det så mye at det faktisk står om eksistensen deira, i alle fall ved neste stortingsval. Og sjeldan har vi vel fått sett og visst meir om eit partis indre liv og strid som i desse KrF-vekene.

Men det er ikkje så lett å tru på KrF. Er dei i KrF som lar seg begeistra over tanken om fornying, om å gå til venstresida, om å ta eit sterkare forvaltaransvar, eit sterkare felles ansvar for dei svakaste blant oss, både innanfor og utanfor eigne grenser, sikre på at Jonas Gahr Støre i Ap både veit kva han vil og korleis han skal få dette til? Og er det sant det dei trur, at det er mot venstre dei kan sanka nye veljarar, eventuelt vinna tilbake gamle?

Partiet har fått over 2000 nye medlemmer etter Hareide sin tale. På den andre sida er det altså til dei borgarlege partia tapte KrF-veljarar har gått det siste året.

Og til dei som vil til høgresida, som der finn større rom for si eiga tru og sitt eige samvit, ikkje minst det sterke fleirtalet i vårt eige fylkeslag: Det går an å forstå det. Men eg er redd de ikkje vil gå av vegen for også å gjera andres rom trongare.

Mistanken

Eg er redd det blåe fleirtalet i KrF ikkje bare jobbar for løysingar som gir gjenklang som dei aller beste for eige liv, men at dei også er overbeviste om at dei har dei beste løysingane for oss andre, anten vi trur det sjølv eller ikkje. Straks ein begynner å snakka om at ekteskapslova bør vera ein av dei tinga ein bør regjeringsforhandla om, som det kom forslag på frå ein i Rogaland, sluttar eg å tru på at vi eigentleg treng KrF. Eg kan ikkje forstå kvifor det skulle vera viktig å sørgja for at homofile likevel ikkje får gifta seg. Å påleggja andre grupper eit liv ein aldri vil måtta påleggja seg sjølv, eller å ta frå andre grupper rettar ein sjølv har, og til og med vil ha for seg sjølv, det trur eg ikkje gir noko varmare samfunn. Og slett ikkje noko «sammen for et varmere samfunn», slik KrFs eige slagord seier.

Kanskje må du vera oppvaksen på Vestlandet for å kjenna på den. Kanskje seier det meir om meg enn om KrF. Men eg trur høgresida i KrF hadde stått seg på å kasta eit blikk ut forbi eigne partikrokar, og sett kor lett den mistrua kjem deira veg. For også høgresida i KrF er heilt avhengig av at fleire av oss som står utanfor, trur nok på dei til å stemma dei over sperregrensa.

Korleis veljarane oppfattar at partiet tolkar K-en i KrF, burde i det minste vera noko å bry seg om. Er det ein K som gir mandat til å vita best kva som er rett også i andres liv, eller er det ein K som gir mandat til å gi ulike menneske rom, byggja fellesskap nedanfrå og ta ansvar for dei svakaste?

Dette ser sikkert naivt ut. For naivt til å kunna forklara KrFs fall. Men for meg, som står utanfor og kikkar inn, er det dette som er sjølve elefanten i rommet der inne.

Og om ein får avliva elefanten? Altså mistanken om at den første tolkinga lever og blomstrar rett fra det sørvestlandske grunnfjellet i KrF, mens den andre tolkinga krev drastisk fornying i partiet?

Det er slett ikkje sikkert det ville vera nok til å dra nye veljarar inn i rommet.

Les også

«Røde» KrF-ere vil forlate partiet ved høyresving

Les også

Forstå KrF-kaoset på 17 minutter

Les også

Flere stortingspolitikere vil ikke innfri KrFs aborthåp

Les også

Knut Arild Hareide sier ja til gjenvalg som partileder


Publisert: