Kommunal oppvarming i Stavanger

GJESTEKOMMENTAR: Samling av innsats og samordning av politikk er minstekrav til klimaarbeidet i kommunen.

Publisert: Publisert:

Kommunal klimapolitikk er ikkje så altfor komplisert. Ingenting er viktigare enn å få ned personbiltrafikken med fossilbaserte køyretøy. Foto: Jarle Aasland

  • Klaus Mohn
    Professor, Handelshøgskolen ved UiS og NHH
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Her i kommunen, i Stavanger, er det lite som tyder på at klimautfordringa er ei av dei største verda står overfor. Rett nok er framskritta heller ikkje så mykje å skryte av der ute i den store verda heller, men det bør likevel ikkje bli ei sovepute for oss. For ambisjonane er beintøffe, fallhøgda er stor og tida er knapp.

Noreg er summen av kommunar og fylke, og det same gjeld CO₂-utsleppa frå norsk jord.

Fordi det er rett

Så korfor skal akkurat me bry oss, når ingen andre gjer det og ingenting lèt til å nytte? Ein kan bli matt av mindre, og mange er nok allereie meir eller mindre leie av å høyre på maset om alt ein ikkje lenger skal kunne unne seg.

Svaret er likevel enkelt. Me skal bry oss fordi det er rett. Elles blir me som han som ikkje plukkar opp bæsjen etter bikkja si.

Måtehald og miljøansvar i omgangen med naturressursar er ein del av det norske varemerket, med gevinstar i form av omdømme og truverd, samt ei betre verd for dei rundt oss og dei som kjem etter oss.

Og heldigvis har me politikarar som tenker nettopp slik. Eit stort fleirtal på Stortinget sluttar opp om Paris-avtalen, klimameldinga legg opp til samarbeid med Europa i gjennomføringa av klimapolitikken og mål er etablert om å redusere CO₂-utslepp som ikkje er omfatta av kvotesystemet med 40 prosent frå 2005 til 2030.

Noreg er summen av kommunar og fylke, og det same gjeld CO₂-utsleppa frå norsk jord. Difor blir det viktig at ambisjonar og mål på nasjonalt nivå blir fulgt opp i planar og budsjett i fylke og kommunar. Her har det så langt vore mindre aktivitet.

Dette kan sjå uhorveleg ambisiøst ut, men med slike mål set politikarane ein standard og ei retning som understrekar alvoret i situasjonen.

Hovudstaden viser veg

Oslo kommune er eit unnatak. For to år sidan gikk Miljøpartiet de grønne (MDG) i bresjen for eit kommunalt klimabudsjett knytt til økonomiplanen, som blei vedteke med eit knappast muleg fleirtal i bystyret, under hard kritikk frå regjeringa og til uendeleg stor irritasjon i kommentarfelta rundt forbi.

Men stemninga endra seg. I fjor blei klimabudsjettet 2018 vedteke med overveldande fleirtal (berre Frp stemte mot) og regjeringa vurderer no om klimabudsjettet i Oslo kan danne mal for rapportering på klimakonsekvensar av nasjonalbudsjettet.

Måla i Oslo kommune er å redusere utsleppa av CO₂ med 90 prosent innan 2030. Dette kan sjå uhorveleg ambisiøst ut, men med slike mål set politikarane ein standard og ei retning som understrekar alvoret i situasjonen.

Med eit mål om 50 prosent reduksjon i utslepp av klimagassar frå 2015 til 2030 er ambisjonsnivået hakket lågare enn for Bergen og Oslo.

Klimaplan i Stavanger

Etter etablering av tilsvarande hårete mål i Bergen sin klima- og energihandlingsplan, kjem Stavanger kommune omsider etter. Her arbeider politikarane våre for tida med klima- og miljøplan 2018–2030, samstundes som «byutvikling med økt klimainnsats» er eit område for hovudinnsats i opptakten til ny kommuneplan.

Med eit mål om 50 prosent reduksjon i utslepp av klimagassar frå 2015 til 2030 er ambisjonsnivået hakket lågare enn for Bergen og Oslo. Det er likevel bra at klimaproblemstillinga i større grad får prege den politiske agendaen, at måla er høge og spesifikke og at samanhengar med andre delar av kommunen sin planarbeid blir kartlagt og drøfta.

Les også

– Stavanger som storbyenes klimasinke, eller med på dugnaden?

For arbeidet med klimagassutslepp på kommunalt nivå er det viktig å være ryddig og presis i avgrensinga av målområdet og i talfestinga av ambisjonar. Kommunen har god kontroll med eigen verksemd og ein viss kontroll med hushald og føretak innafor kommunegrensene, men avgrensa kontroll utanfor kommunegrensene.

Kommunale tiltak for å redusere utslepp av klimagassar kan likevel ha verknad på alle desse områda. Kva ein siktar mot, korleis ein skal rapportere og kva som kan definerast som suksess, blir dermed viktig å diskutere i planarbeidet for kommunal klimapolitikk.

Planarbeidet bør gje rom for refleksjon over kostnadar ved ulike typar klimatiltak. Ei sak er at det medvit om kostnadar signaliserer varsemd i omgangen med fellesskapens skattepengar. Men like viktig er det kanskje med mekanismar som sikrar at ein brukar ressursane der det monnar mest.

Ikkje at dette er så altfor komplisert. Om ein ser bort frå utslepp med kvoteplikt, er det nemleg ingen utslepp innanfor kommunegrensene som kan måle seg med dei frå vegtrafikken. Dermed er det heller ingenting som blir viktigare for klimapolitikken i kommunen enn å få ned personbiltrafikken med fossilbaserte køyretøy. Det meste anna blir utflukter.

Klimapolitiske mål for Stavanger blir uinteressante om politikken medfører høgare utslepp i nabokommunane.

Ingen suksess utan samordning

Men pass på! For folk og føretak vil tilpasse seg endringar i kostnadar og rammevilkår. Om det blir vondt og vanskeleg å køyre bil i Stavanger, så køyrer folk ein annan stad. Om det er gratis å parkere på Forus, så parkerer folk på Forus og ikkje i by’n. Trafikken blir dermed ikkje mindre, men kanskje større enn han kunne vore med like kostnadar ved bilbruk over alt.

Verknadar på tvers av kommunegrensene understrekar behovet for koordinering. Klimapolitiske mål for Stavanger blir uinteressante om politikken medfører høgare utslepp i nabokommunane. Klimapolitikken må samordnast og ha innverknad på overordna val av regionalpolitisk retning. Ein kommunedelplan for klima og miljø er for tynt, og kan lett bli redusert til avlat som må vike når dei store avgjerdene skal fattast.

Om politikarane våre meinar alvor, burde dei difor engasjere seg tungt for at klimapolitikken kan gjennomsyre planprogrammet for ny kommuneplan, fylkeskommunen sitt arbeid med regionalplan for Jæren 2050 og i Greater Stavanger sitt arbeid med strategisk næringsplan for Stavanger-regionen.

Det er her me får den endelege testen av klimaengasjementet på kommunalt nivå.

Twitter: @Mohnitor

  • Dei siste gjestekommentarane i Aftenbladet finn du her
  • Klaus Mohns gjestekommentarar og artiklar om han finn du her
Publisert:

Les også

  1. Høyre: «Stavanger er i miljøfronten, MDG!»

  2. LO og NHO i Rogaland: «Sammen for et bedre klima»

  3. Varsler flere kontroller av piggdekk

  4. 18.000 har betalt piggdekkgebyr

  5. Lyse kan lade hjemmehjelpens biler

Mest lest akkurat nå

  1. Han har skrevet mange fabelaktige bøker. Denne er så bra at det knapt kan gjøres bedre.

  2. To nye smittetilfeller i Stavanger

  3. – Du skrur på tv, og der ser du bussen din

  4. Skole strammer inn: Gym blir ute, garderober stenges

  5. Slik tilbringer tyske Ralf karan­tenen i Norge. Smitte­vern­lege er bekymret

  6. Helsemyndighetenes mest optimistiske anslag: Om ett år kan vi være tilbake til normalen

  1. Klimapolitikk
  2. Stavanger kommune
  3. Gjestekommentar
  4. Klaus Mohn