Seks bøker til døsige sommardagar

GJESTEKOMMENTAR: Ulukke og uflaks og uhell, − det tragiske finst i våre moderne liv, sjølv om dei er litt meir ulne enn hjå klassikarane. Her er seks gode bøker til sommarvarmen.

Bestseljarar sel likevel godt, så kvifor ikkje ta andre vegar i sommar og følge boktipsa til Kristin Auestad Danielsen?
  • Kristin Auestad Danielsen
    Kristin Auestad Danielsen
    Forfattar og dramatikar
Publisert: Publisert:

Til den samfunnsengasjerte

iconDenne artikkelen er over tre år gammel

«Tung tids tale» av Olaug Nilssen har sett søkelyset på korleis det er å leve med eit autistisk barn og den kampen foreldra må ta for å få eit familieliv til å henge saman.

Kan litteratur endre samfunnet? Eg vil hardnakka meine at denne boka kanskje har gjort det umoglege. Nilssens aktivisme mot Bergen kommune har påverka politikarane til å endre på vedtak som påverkar familiar med autistiske barn. Eg vil tru at «Tung tids tale» har hatt ein direkte innverknad på dette.

Litteratur kan gjere at ein får ein realitet til å kome under huda på seg sjølv. Både kronprinsesse og statsminister instagrammar boka svært voldsomt, la oss håpe at det ikkje berre blir med det! I tillegg er boka svært godt skriven.

Til klassikaren

Naja Marie Aidts roman «Har døden tatt noe fra deg så gi det tilbake» er ei nydeleg bok om tida rundt sonens plutselege død. Dette er ei bok om sorgarbeid og om korleis kroppen reagerer på ei slik sjokkarta hending.

Men i tillegg er det ei bok som handlar om litteratur. Aidt viser til svært mange gamle skrifter og viser med dette korleis vi menneske har vore mennesklege i tusenvis av år. Korleis skriftkunstnarar har forfina kjenslene sine til evig-litteratur. Boka er ein formidlar av gamle klassikarar som det fire tusen år gamle verket Gilgamesh. Her er diktutdrag frå Stéphane Mallarmé og Inger Christensen. Det er vakkert, vakkert, vakkert.

Viss du skal på sykkeltur med familien i sommar vil eg ikkje anbefale same forfattars kritikarroste bok «Bavian» som oppladning. Boka skildrar familiesykkelturen frå helvete. Så er du advart.

Til høgtlesaren

«Lars er LOL» av Iben Akerlie. Kan litteratur tilføre noko mellom foreldre og barn? Denne boka gjorde det i heimen min iallfall. Høgtlesinga mellom foreldre og barn kan vere litt rutinearbeid. Men denne boka gjorde sterkt inntrykk.

Boka handlar om ein fjerdeklassing som skal få sitt første fadderbarn. Det går bra ei stund, og så går det skikkeleg skeis. Boka skildrar ope korleis det er å leve med svært dårlege, men også svært menneskelege avgjerder. Boka er ulideleg spennande, og vi kjem tett på ein hovudperson som må leve med å gjere feil, og som må vere modig viss ho skal klare å rette det opp igjen. Kor langt vil ein gå for å passe inn? Og kven er det du vil bli likt av? Den mest populære jenta i klassen, som du ikkje likar, eller fadderbarnet ditt med Downs syndrom?

Passar godt for barn mellom sju og ti.

Til den som synest at vi har det for godt og treng ein reality check

Sara Omars «Dødevaskeren» er ein kalddusj av ei bok. Kan litteratur gi deg ein reality check? Det kan «Dødevaskeren». Horrible og bestialske skildringar kan også vere god litteratur. Når boka til dømes tener ei høgare sak, nemleg å setje fokus på kvinner som rømmer frå kvinnefiendtlege kulturar. Klarer Vesten å passe på dei? Denne boka seier at vi sviktar desse kvinnene. Kva skal vi gjere med det?

Ein påminnar om at den gamle Georg Brandes sitt mantra, «å setje problem under debatt», enno gjeld i vår tid.

Til bilferien

Kan ein gjenoppdage regionen med litteratur? Det vil eg meine. Skal du på biltur til Vestlandet i sommar, så kan du lade opp med «Vestlandet» av Erlend O. Nødtvedt. Boka er ei kulturhistoriske røvar-reiseskildring av verste sort. Finst der bjørnjegarar på Vestlandet? Har vi tunellar med magiske krefter? Og korleis smakar sideren til eplebonden og poeten Olav H. Hauge i Hardanger? Med denne boka kan du reise inn i det mytiske Vestlandet. Kven hadde trudd at biltur på Vestlandet kunne vere så spanande. Boka er også svært moderne. For her er Rogaland ikkje med. Og det kan vi trege ein heil haug på.

Til den som er svak for engelsk romantikk

«Sjøormen i Essex» av Sarah Perry. Kvalbein-korsettene blir opna under småblomstrete sengetøy, og kjærleiken er så komplisert som den kan vere hjå engelske politikar-enker frå 1800-talet. Spe på med mystikken og hysteriet rundt ein sjøorm som forpestar den engelske småbyen, så er du inne i eit nydeleg univers som liknar ei filmatisering av ein Jane Austen-roman. Her er også mykje tåke. Og det kan vere svalt og godt i denne Afrika-varmen vi har over oss no.

  • Samleside for Aftenbladets bokanmeldelser
Les også

Kulturlivet skal være snille med hverandre, sier kultursjefen i Stavanger? Nei, og atter nei!

Les også

– Kultursjefen har lite å melde

Les også

  1. Solveig G. Sandelson: «Skulepresset er verst»

  2. Gamermamma: «Angriiip, for helvete!!!»

  3. Torbjørn Eriksen: «Fortidens fremtid; om retorisk spill og fakta som blir til klisjéer»

Publisert:
  1. Litteratur
  2. Gjestekommentar
  3. Kristin Auestad Danielsen
  4. Sommerferie
  5. Bøker

Mest lest akkurat nå

  1. Kraftig skjerping av koronatiltakene

  2. Disse korona­reglene gjelder nå

  3. Trafikkuhell i Klepp - kø på stedet

  4. – Håpløs «Kiss and fly» ved Stavanger lufthavn

  5. Viking før søndagens folke­fest: – Det er trygt å komme på stadion

  6. Da Sol­skjærs etter­følger sa sin mening på TV, fikk han mange uvenner