Å, du heilage kviledag! − Den eine med sin Bibel, den andre med sitt øl

GJESTEKOMMENTAR: «Fleire tar til orde for å endre heilagdagslovgjevinga. Men frislepp av sirkelsager på søndagsføremiddagen er bokstavleg talt å be om bråk.»

Dei som lèt vere å støye eller forureine, tar ikkje bort fridomen til nokon. Men dei som støyar mykje, tar bort fridom til dei som vil nyte freden. Og støy er lydleg forureining som kan senke livskvaliteten til folk. Foto: NTB Scanpix

  • Svein Erik Tuastad
    Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Lovverket som regulerer ferie- og heilagdagar, er under diskusjon. Kva med å bytte til dømes andre pinsedag med ein dag som passar muslimane? spurde studentleiaren Ingvild Yrke.

Kulturminister Trine Skei Grande (V) er ikkje snauare enn at ho vil avvikle heile lova. Folk må kunne klippe plenen når dei har fri, seier ho.

Ho får entusiastisk støtte frå Aftenbladet på leiarplass: «De fleste kommer uansett ikke til å bruke motorsaga på søndagsformiddagene», er Aftenbladets optimistiske prognose.

Dei har rett i at lova kallar på ei oppdatering. Men det gjeld primært grunngjevinga for reguleringa, ikkje at det trengst ei regulering. Tallause avisrapportar og omfanget av naboklager ber bod om at haldninga til kulturministeren og Aftenbladet er for lettvint.

Støy er lydleg forureining som kan senke livskvaliteten til folk.

Oppussing og støy

Lover har normgjevande effektar. Å fjerne bestemminga i lov om helligdager og helligdagsfred om at «ingen noe sted må forstyrre med utilbørlig larm» på søndagar og i høgtider, vil vere som eit godkjenningsstempel for motorisert støyande utearbeid også då det tidlegare var forbode.

Problemet bør ikkje bagatelliserast. Støy er lydleg forureining som kan senke livskvaliteten til folk. Dersom du bur i ei blokkleilegheit med små ungar og ein av naboane stadig dundrar på med høg musikk halve natta, har du eit alvorleg levekårproblem. Dersom ein nabo gjer uteområdet sitt til ein byggeplass til bruk kvar bidige sommar, søndag eller ikkje søndag, kan han gjere det uleveleg for dei andre i nabolaget.

Fortettinga tiltar; dei færraste bur langt frå andre der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Samstundes har hageutstyret vorte motorisert, for ikkje å snakke om elektrisk oppussingsutstyr som støyar veldig. Såleis har behovet for støyregulering over tid truleg vorte større slik, Ulf Winther i den norske foreininga mot støy har peika på.

På den andre sida må jo folk få pusse opp. Men til no har heilagdagslova gjort at naboar i teorien har kunne kvile i ro og fred på søndagane, og somme andre dagar, utan å måtte rekne med massiv påført støy. At mange diverre ikkje bryr seg om lova, slik ei vandring i somme bustadfelt i Stavanger ein typisk høgtidsdag vitnar om, kan snarare tale for å ta problemet meir på alvor enn å sleppe ting endå meir fritt.

I utvalet gjekk både representantane for arbeidsfolk og frå NHO mot tilrådingane til fleirtalet om liberalisering.

For snevert

Det høyrer med i biletet at eit regjeringsoppnemnd utval leverte utgreiinga si om søndagsope i desember 2017. På grunn av eit snevert mandat frå regjeringa handla det meste om kvadratmeter og butikkstorleik. Dei prinsipielle avvegingane var få og ikkje særleg djuptloddande.

Ifølgje utvalet bruker vi «25 prosent mindre tid på inntektsgjevande arbeid på laurdagar og søndagar enn på kvardagar» (NOU 2017: 17, side 109). Men i utvalet sine eigne tabellar og fleire ulike typar undersøkingar til Statistisk sentralbyrå kjem det klårt fram at vi i snitt arbeider fem til seks gonger meir i vekedagane. Søndagane er reelle kvile- og fritidsdagar; søndagsarbeid er i regelen pålagd arbeid.

I utvalet gjekk både representantane for arbeidsfolk og frå NHO mot tilrådingane til fleirtalet om liberalisering. Det spørs vel om resultatet heilt trefte blinken.

I dag vert majoritetsreligionen favorisert på ein unødvendig ekskluderande måte.

Fridomen til kven?

Nokon trur at å avvikle støykrav i lovgjevinga handlar om å gje folk meir fridom. Men i lys av det anerkjente skadeprinsippet (til filosofen John Stuart Mill) stoppar min fridomsrett der han øydelegg for din. Dei som lèt vere å støye eller forureine, tar ikkje bort fridomen til nokon. Men dei som støyar mykje, tar bort fridom til dei som vil nyte freden.

Derimot taler eit anna grunnleggjande liberalt prinsipp, om at staten lyt behandle oss borgarar som likeverdige og ikkje favorisere somme grupper, for å modernisere lovgjevinga. I dag vert majoritetsreligionen favorisert på ein unødvendig ekskluderande måte.

No har stilla vorte som ein truga fugleart.

Lag ein heilskapleg politikk

Regjeringa bør lage ei stortingsmelding der dei ser grannelova, med sin diffuse ordlyd, heilagdagslova og diskusjonen om søndagsope i samanheng – under eit samlande prinsipp om føreseieleg fred.

Også i ei tid der vi har oppnådd eit fantastisk nivå på den individuelle fridomen, treng vi å ta vare på fellesskapa og å kunne ha ein felles samfunnsrytme. Det bind nasjonen saman. Felles kviledagar i ferie og høgtider må sikre folk lik rett til fridom, inkludert rom for religionsfeiring for både majoritet og minoritet.

I det tredje kristne bodet heiter det at du skal halde kviledagen heilag. Men innsikta i at det finst eit behov for avbrekk og kvile, er rasjonell like mykje som ho er gudegitt. Endeleg skal vi kunne slappe av. Endeleg skal vi kunne nyte fred og ro og ta oss inn att etter kvardagsstrevet – den eine med sin Bibel, den andre med ein øl. Same kva: Å, du heilage kviledag!

Stilla er verneverdig

Det er mange utryddingstruga fugleartar i naturen, slik som nattergalen, songlerka og svartrødstjerten. No har stilla vorte som ein truga fugleart.

Så ikkje lys ut skotpremie på ho!

  • Tidlegare gjestekommentarar av Svein Erik Tuastad, og artiklar om han, finn du her
  • Andre gjestekommentarar finn du her

Les også

  1. Kulturministeren vil fjerne helligdagsfreden

  2. Aftenbladet mener: «På tide å avvikle helligdagsfreden»

  3. Prest vil kutte kirkelige helligdager

  4. 35.000 færre deltagere på gudstjeneste i fjor

  5. Trampoliner er ikke bare til glede

Publisert:
  1. Gjestekommentar
  2. Svein Erik Tuastad
  3. Politikk
  4. Trine Skei Grande

Mest lest akkurat nå

  1. – En kollektiv kollaps, nå må vi gå i oss selv

  2. En person skadd i løfteulykke på Johan Sverdrup-feltet

  3. Se målene: Haaland scoret to og ble cup­mester i Tyskland

  4. Sørlandsbanen stengt fredag etter brann i Agder

  5. Selger fritidseiendom for 40 millioner kroner

  6. 22 nye smittede på Nord-Jæren det siste døgnet