Ikkje rør sanninga mi!

KOMMENTAR: Facebook er staden du kan halda deg med dine eigne og hata andre, eller vera taus. Og vi som trudde det skulle bli så fint.

Publisert: Publisert:

Likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm er bekymra for tonen i nettdebattane. Det er det god grunn til. Foto: Vidar Ruud, NTB Scanpix

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Denne veka la likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm fram funn frå ein rapport om hatytringar.

Den er ikkje akkurat lysteleg lesing. Halvparten av norske Facebook-brukarar seier dei lar vera å delta i debattar der fordi tonen er så stygg. Av den halvparten som deltar, seier seksti prosent at dei har støytt på nedsetjande og krenkande kommentarar når dei har debattert.

Bjurstrøm slår fast at det er eit demokratisk problem.

Draumen

Facebook er i utgangspunktet staden der kven som helst kan koma til orde. Direkte, utan å bli redigert. Det er lett å koma i kontakt med likesinna, få støtte for sine argument, og byggja opp ei større gruppe. Ein draum for eit kvart demokrati, kunne ein tru.

Men dei same eigenskapane, viss ein nå skal tilleggja Facebook eigenskapar, utgjer også eit demokratisk problem. Ein snakkar helst med sine eigne, ein treng i lita grad å ta inn at det finst andre meiningar, og den direkte, uredigerte debatten kan kvela andres ytringsfridom og truga dei på livet.

Flyktningar, migrasjon og asyl er det folk svarar at dei oftast debatterer. Og ifølgje dei same folka, er det personar med annan etnisk bakgrunn enn norsk, politisk aktive og kvinner som oftast blir hetsa. Kan du kryssa av på to av tre av desse, blir det riktig ille.

Lan Marie Berg, for eksempel, byråden i Oslo for Miljøpartiet de Grønne, har fått så mykje hets at kommunen har oppretta ekstra sikkerheitstiltak rundt henne.

Ho synest sjølv det blir drygt å lesa at ho først skal bli slått i bakhovudet med ein spade, deretter nedgraven, for til slutt å bli asfaltert over, etter at forfattaren av trusselen har tatt ein telefon til Veidekke.

Dei som hatar mest

Ein av dei som har lese flest kommentarfelt her i landet, er Øyvind Solstad. Han har dei fem siste åra hatt ansvaret for dette hos VG og slår fast at minst ni av ti av dei som ytra seg så hatefullt og grovt at dei blei utestengde, var menn over femti.

Det er mykje ein kan tenkja om dette. Første tanken er om vi i Aftenbladet røktar ansvaret vårt godt nok på vår side.

Andre tanken at folk rett og slett må ta seg saman. Internett er ikkje nytt, det finst inga unnskyldning lenger for ikkje å forstå at det er verkelege folk der ute, sjølv om du sit aleine framfor tastaturet. Hatytringar kan vera straffbare. Og dei rammar andres fridom og ytringsfridom hardt, sjølv når dei ikkje er straffbare.

Ein tredje tanke er kva det er med desse mennene som i stor målestokk og heilt skamlaust hetsar, hatar og herjar på nettet.

Ifølgje sosialpsykolog Arnulf Kolstad, er det ofte menn som har lidd nederlag i livet, og som kjenner seg forbigått av grupper dei ser på som lågare på rangstigen enn seg sjølv.

For eksempel kvinner og innvandrarar, legg vi til for eiga rekning.

Den eine sanninga

«Det eg kjenner er sant, og nåde den som trakkar på sanninga mi», er ei slags lov i dette på alle måtar kjensletunge universet.

Det går dårleg saman med demokrati.

For det første krev det ingen innslag av kritisk tanke, eller på noko tidspunkt å sjekka om påstanden din har noko for seg, utover det du sjølv kjenner at den har.

Det fører ganske ofte til at ein legg skulda på det som måtte vera galt på ei anna gruppe enn den ein tilhøyrer sjølv. Og nettopp evna til å peika på store grupper heller enn enkeltmenneske, blir ofte trekt fram som eit bevis på at ein er fornuftig og rasjonell.

Det kan vera viktig å sjå det store bildet, prøva å vera konsekvent, og ikkje vikla seg inn i enkeltsaker. Men dette er eit grumsete farvatn. Der ein plasserer folk i grupper basert på kjønn, etnisitet, legning og religion, og gjer dei litt mindre verde enn sine eigne, litt meir framande, litt mindre menneskelege.

Difor er det ikkje alltid naivt når nokon insisterer på å sjå enkeltmennesket i brennbare saker. Det kan vera heilt nødvendig for å sikra at vi ikkje rasjonaliserer bort andres menneskeverd. Den vegen fører mot reinspikka fascisme.

Dei unike

Men trua på at eiga sanning trumfar alt, gjeld ikkje bare for dei sinte og forbigåtte. Det gjeld også for dei krenka og unike. Som ofte fornektar at dei mindre unike − som menn i femtiåra − kan forstå. Den siste som fekk gjennomgå, var sosiologen Kjetil Rolness. Som fekk beskjed om at han ikkje kan meina noko om «kategoriane» ung, kvinne eller homofil, sidan han ikkje tilhøyrer nokon av dei sjølv.

Au! Det der går også skikkeleg dårleg saman med demokrati. Vi er avhengige av ein viss tillit til kvarandre, på tvers av dei gruppene vi til ei kvar tid finn det fornuftig å dela folk inn i. Og ei viss anerkjenning av at andre menneskes erfaringar også kan kvalifisera til å kjenna igjen dine.

Tillit?

Men tillit? Til folk som hetsar uhemma i veg på bakgrunn av andres kjønn, etnisitet eller legning, og som meiner det er rasjonelt og fornuftig å snakka om folk som grupper?

Tillit til dei som insisterer på at du ikkje kan forstå noko anna menneske du ikkje deler kjønn, legning, etnisitet og identitet med?

Eg veit ikkje heilt kor dette endar. Men eg vil heisa eit flagg for modige politikarar, kvinner og innvandrarar som driv på, sjølv når dei blir trua på livet.

Og eitt stort eitt, for at demokrati tar tid. Ein må få tenkt seg om. Lenge nok til at ein får korrigert seg sjølv. Og gjerne lenge nok til at ein får gjenkjent den andre som ulik deg, men som eit slags menneske, likevel.

Publisert:

Les også

  1. Med ryggen mot veggen

  2. «Kven skal slå opp dørene?»

  3. Metoo − lamma av skam

Mest lest akkurat nå

  1. Ingebrigtsen gjør narr av Warholm-utspill

  2. Sigrid Sollund blir kjempeengstelig hver gang sjefen ber om et møte. Det er hun ikke alene om

  3. Bil begynte å brenne under kjøring på fylkesvei 44

  4. Den kommende Røde Kors-presidenten har alltid en plan. Da sønnen fikk skallen splintret på Utøya, hadde hun 27

  5. Viking-helten fortsatt taus om fremtiden: – Vil ikke tenke på det nå

  6. City Bistro legger ned etter 33 år: - Det er trist, men vi ser ingen annen utvei

  1. Demokrati
  2. Facebook
  3. Hanne Bjurstrøm
  4. Lan Marie Nguyen Berg
  5. Kommentar