Alt godt, Varhaug. Alt godt!

KOMMENTAR: Det kan ikkje finnast større utfordringar for eit lokalsamfunn enn dei folk på Varhaug må stå i nå.

Sunniva Ødegård fekk ikkje eingong bli 14 år.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Ho fekk ikkje ein gong bli 14 år. Ho fekk ikkje gå rundt og kjenna at ho hadde kjærast i meir enn ein kveld. Sunniva Ødegård blei drepen, funnen ikkje langt frå heimen sin, på ein sti på Varhaug, ein snarveg heim som alle kjende til. På ein plass ikkje veldig mye større enn at alle kjenner alle, eller i alle fall kjenner nokon som kjenner nokon, og der barn og unge trygt skal kunna gå frå heim til heim.

Det finst ikkje ord som kan romma slikt. Men alle tankar går nå til Varhaug, til dei aller næraste, til familie og venner, til alle vaksne som akkurat nå må støtta alt dei kan, der dei kan. Og spesielt til alle barn og unge, som må kjenna både sorga og sjølve tryggleiken i seg skjelva. Som må ta innover seg at ei jente på 13 år, ein venn, ein klassekamerat, ein nabo, er død, og det heilt ufattelege - at nokon har tatt livet hennar.

Svar trengst

To store drapssaker i regionen vår har aldri fått dei svara som trengst. Både over Tina Jørgensen-saka og Birgitte Tengs-saka ligg det uløyst uro av lammande slag. Den gir seg ikkje. Den fortset å skada menneske, og banda mellom menneske.

Difor håpar vi innstendig at politiet klarer å oppklara drapet på Varhaug. At alle får svar, at det skjer raskt, men forsvarleg.

Ein 17-åring er sikta. Også han frå Varhaug. Han kom til politiet som vitne, han blei i løpet av kvelden og natta sikta for drapet. Han har erkjent å ha vore på funnstaden, men nektar for å ha noko med handlinga å gjera.

Det er det vi i skrivande stund veit. Han er ikkje dømt. Det er viktig å hugsa nå: Han er ikkje dømt.

Så kan det vera at ein på Varhaug ein dag lenger framme må forholda seg til at to familiar, to miljø, er hardt ramma. Ein som har mista barnet sitt på grufullt vis, og ein som kanskje har ein drapsmann i familien. Smerta skal ikkje samanliknast. Men den vil finnast på begge stader.

Gå heile vegen

Det kan ikkje finnast større utfordringar for eit lokalsamfunn enn det Varhaug står i nå.

Dei klarer dette. Fordi dei må. På små stader gjer ein det ein må. Dei som har levd ei stund på Varhaug, er vant med å stiga over djupe grøfter. Ein gong djupast mellom misjonshus og idrettslag, mellom dans og ikkje dans, mellom sterk tru, gøymd tru, og ikkje-tru. Ein har kjent at banda som knyttar folk saman, også gir merker. Likevel er ein er vant til å stilla opp, vant til å ta i eit tak, vant til å stiga over grøftene og gå heile vegen. Og ein veit at det kostar.

Banda mellom folk er mange og sterke, og miljøet gjennomsiktig. Så blir det sjølvsagt på godt og vondt det nå. Det gjer det lettare å sjå kven som slit og treng nokon, det kan gjera vegen kortare å gå, både for den som treng hjelp, og for den som skal hjelpa. Samtidig kan det vera vanskelegare å finna stader der ein kan få vera i fred, gjera og tenkja på noko anna. For det kjem dagar der ein treng pause.

Trøyst og fakta

Måndag kveld var kyrkja open. Der var både prest og politi, både trøyst og fakta. Ein stad å finna saman, og ein stad å prøva å hindra at ryktespreiing i vill fart kastar mistankar over nær sagt alt og alle.

Folk treng svar. Barn og unge treng svar. Ærlege svar, men ikkje for detaljert. Litt om gongen, med rom for å få gå ut og inn av dette, og av og til få vera i fred for det, og bare barn.

Det går an å trygga barn, også etter dette. Krisepsykiater Atle Dyregrov forsikra oss om det, den gongen to barn i Forsand opplevde at far drap mor. Sjølv har han brukt ord som tankepoliti og stopptankar for å forklara til barn. Dei aller, aller fleste av oss har stopptankar som hindrar oss i å gjera andre vondt. Men nokre få har ikkje det.

Må barn og unge på Varhaug desse dagane få støtte og trøyst så dei kan kjenna seg trygge igjen. Må alle som treng det, få rom til å sørgja. Og må saka finna si løysing, så ein i det minste kan finna ro ein stad der framme.

De klarer dette, Varhaug. De klarer det når de må. Og de veit at nå må de.

Les også

  1. Siktet 17-åring skal være mistenkt for innbrudd og brannstifting

  2. Se politiet orientere om pågripelsen av 17-åringen

  3. Kjærestens mor: - Sønnen vår snakket med Sunniva på telefonen da linja ble brutt

  4. Åpen kirke etter at Sunniva Ødegård ble funnet død: – Saken bør og skal oppklares

  5. Politiet tror Sunniva ble drept

  6. Jenta ble funnet nær hjemmet

Publisert:

Varhaug-drapet

  1. Vil ha ny rettssak etter Varhaug-drapet

  2. Varhaug-drapet: Forsvarer krever at dommene blir opphevet

  3. Drapsdømt 19-åring anker til Høyesterett

  4. Varhaug-drapet: Statsadvokaten innstiller på anke

  5. Varhaug-drapet: Drapsmannens far anker ikke dommen

  6. Varhaug-drapet: Faren dømt for å ha motarbeidet politiet

  1. Varhaug-drapet
  2. Drap
  3. Tina Jørgensen
  4. Birgitte-saken