Kjemp for kjeledressane, Frp!

FRPS LANDSMØTE: Viss skule og utdanning blir ei stor sak ved neste val, kan Frp få eit kjempeproblem. Dei må finna ein heimebane. Den finst.

Publisert: Publisert:

Det er Høgre dei fleste av oss trur på når det gjeld skule. Frp har ein jobb å gjera der. Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

  1. Leserne mener

Frp har drive mest med vegar og eldre, som dei er for, og innvandring og skatt, som dei er mot. Dette har dei høg kred hos veljarane for. Men skule? Det er Høgre det. Følgt av SV og Venstre. Ap har så smått vakna og begynt å visa musklar, og KrF fekk si lærarnorm på plass, om den var aldri så omstridd.

Kva Frp vil

Frp vil at skulen skal gjera kvar elev til den beste versjonen av seg sjølv. Dei vil ha gode lærarar, fritt skuleval, dei vil ha ein mobbefri skule, mindre teori for dei det passar best for, og dei vil ha målstyring, heller enn detaljstyring.

Høgre vil også ha gode lærarar og fleire praktiske fag inn i skulen, regjeringa har alt vedteke ein mobbelov, og mobbeombod for eleven si sak er på veg til kvart fylke frå i haust av. Målstyring er sjølve årsaka til den lammande detaljstyringa i skulen, og det er ikkje sikkert det blir mindre av slikt når Frp sjølv vil fylla på med karakterar i teorifaga matematikk, norsk og engelsk frå femte klasse av, og karakterar i ordan og oppførsel frå tredje klasse.

Les også

KOMMENTAR: Sivs festtale

Frp syns heller ikkje mobbelova har fått klare nok konsekvensar ennå, og det kan dei godt ha rett i, men det er ein dårleg medisin å gjera lova endå meir detaljert - det kan gjera handlingsrommet for lite, løysingane for få, og arbeidet mot mobbing vanskelegare.

På alt dette er det tydelegaste ved Frp sin skulepolitikk at dei ikkje heilt veit kor skoen trykker.

Kva dei har pondus til

Men på eitt stort og viktig felt trur eg Frp med stor pondus kan trø til, køyra på og pesa dei andre partia skikkeleg: Yrkesfag. Kampen for fleire kjeledressar, og kampen for å få fleire til å vera stolte av kjeledressen sin, både anleggsarbeidaren, hjelpepleiaren, frisøren og snikkaren. I sine kjeledressar, uniformar, arbeidstøy og verktøybelter.

Les også

Forsvarsopprør i Frp: - Syria var bare en dråpe i havet

Heilt sidan Gudmund Hernes (Ap) sin reform i 1994 har ein trudd på at teoretiske fag er sjølve livsforsikringa for at det skal gå deg bra her i livet, for alle, uansett kor du er. Han fekk meir teori inn i yrkesfaga, du skulle ikkje lenger bare knytta engelsktimane til det du trong engelsk til i yrket ditt, eller norsk og samfunnsfag til kva skjema du måtte kunna fylla ut som næringsdrivande snekkar. Det var ikkje godt nok. Du måtte og skulle ha med deg meir teori enn som så. Eg forstår ennå ikkje kvifor.

Høgresida har på ingen måte vore betre, gjennom kunnskapsløftet gjekk dei heilt av skaftet for å driva fram ferdigheiter i teoretiske fag som norsk, engelsk og matematikk. Praktiske fag hamna endå lenger ut på sidelinja.

Kva vi har krevd

I årevis har vi krevd av alle unge at dei må leva med teorifag i meir enn ti år. Det er lenge. Det er verkeleg alt for lenge for mange. Dersom du verkeleg, verkeleg ville ta yrkesfag, måtte du ta med deg nok teori til å kunna bli ingeniør etterkvart. Det låg i lufta at alle sjølvsagt skulle vidare og vidare til høgare og høgare utdanning.

Men vi treng handverkarar. Vi treng folk som tar ei kort og praktisk utdanning, som kan byggja hus og bussvegar og bybanar og driva helse og omsorg med varme hender og ny teknologi. 100.000 av dei treng vi i åra framover, i følgje SSB.

Les også

Sylvi Listhaug: - Jonas Gahr Støre skal aldri bli statsminister i Norge

Regjeringa vil alt få inn snekring for snekkar-spirer frå første året på vidaregåande. Dei har heva tilskotet bedrifter får for å ha lærlingar, og dei pålegg dei som vil vinna offentlege anbod å ha lærlingar i flokken sin.

Alle, uansett partifarge, snakkar nå fint om fagarbeidaren. Alle er heilt for å løfta kjeledressfolket fram, og gjera det enklare for den som ikkje likar teori og skule å koma seg inn i ein jobb ein fiksar.

Kva det gjer med folk

Det er ikkje bare fordi vi treng det. Det er fordi alle ser kva det gjer med unge folk å måtta stå i ein skuledag og kvardag dei kjenner seg heilt framande for.

I Norge har vi altfor lenge latt unge gå seg fast i teoretiske skuleløp, til statistikken etter fem år reknar 30 prosent av dei som fråfalne og oppgitte. Men gjennomsnittsaldaren for å ta fabrev i Norge er 28 år. Det går bra med dei fleste. Dei må bare få ta ein annan veg. La dei gjera det også på skulen. Dei bør sleppa å bli surra fast i eit teoretisk skuleløp i fem år, utan å få det til.

Vi kan ikkje ha det slik. Dei må få dagar der dei kan bli den beste versjonen av seg sjølv, for å bruka Frps ord på det.

Les også

Landbruksminister: – Mest krevende forhandlinger siden 1980-tallet

Skal ein gjera noko med dette, må dei få sjansen til å koma seg i praksis straks, samarbeidet med næringslivet må bli tettare, det offentlege må finansiera oppdatert utstyr, heile tida, lærarane må sikrast tid til å oppdatera seg ofte nok og kjapt nok, det må finnast kjappare vegar ut i arbeidslivet, og det må finnast langt fleire lærlingeplassar. Særleg må det offentlege skjerpa seg, så omsorgsarbeidarane får plass. Og ein må sørgja for at det finst vilkår og reglar i arbeidslivet som gjer at norske ungdommar kan tru det ligg ei anstendig framtid i bygg og anlegg også for dei.

Les også

Burgerkongen i Frp åpner for å bli leder, varsler stortingscomeback og erkjenner metoo-svikt på vegne av partiet

Ta plass

Her, Frp, trur eg de kan ta breidbeint plass og fort gjera andre parti ganske nervøse for å tapa kampen om dei beste løysingane for yrkesfag. De har arbeidarveljarar, de har kjeledressfolk på Stortinget.

De kan få til eit kappløp mellom partia om ein betre kvardag for dei som vil vekk frå skulen og ut i jobb.

Ingenting ville vera betre for dei mange unge som kjenner inn til margen at teori aldri vil gjera deira framtid tryggare.

Publisert: