Klarer USA og Russland å la det bli med dette?

Så bomba dei Syria i natt, USA, Frankrike og England. Russland seier angrepet vil få konsekvensar.

Publisert: Publisert:

Verden venter nå på Russlands respons. Foto: Maxim Shipenkov / TT NYHETSBYRÅN

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over to år gammel

USA, Frankrike og Storbritannia bomba i natt strategiske mål i Syria for å få slutt på president Assads bruk av kjemiske våpen. Angrepa skal ifølgje angriparlanda ha vore vellykka.

Så langt er det ikkje meld om at liv har gått tapt, men seks soldatar og tre sivile skal vera skadde.

Russland fordømmer angrepet, og kritiserer dei tre landa for å bomba hovudstaden Damaskus nå. Dei hevdar Syria hadde ein sjanse til å finna ei fredeleg løysing, og at den sjansen nå er bomba vekk.

Så langt har Nato, Israel, Tyrkia, Danmark, Canada og Japan støtta angrepet, Syria, Iran og Hizbollah fordømmer det.

Les også

USA, Frankrike og Storbritannia med felles angrep i Syria

Norge forstår

Vår utanriksminister, Ine Eriksen Søreide (H), seier Norge forstår bakgrunnen for angrepet. Syria har gjentatte gonger brukt kjemiske våpen, og sikkerheitsrådet i FN kom tilbake til 2013 med eit klart pålegg om at landet må destruera dei anlegga sine.

Eriksen Søreide legg til at det er syns at FNs sikkerheitsråd nå er handlingslamma, sidan Russland igjen la ned veto i rådet mot å etabelera ein uavhengig undersøkingsmekanisme.

Ho sluttar seg til oppfordringa frå FNs generalsekretær om at alle land nå held seg tilbake, så situasjonen ikkje eskalerer.

Les også

Søreide: – Norge forstår Syria-angrepet

Må reagera

Det internasjonale samfunnet kan ikkje la vera å reagera når kjemiske våpen blir brukt. Det må stoppast.

Storbritannias Theresa May er sikker på at det ikkje fanst andre mulegheiter enn å bomba, og Frankrike seier dei er klare til å finna politiske løysingar nå, saman med dei landa som måtte melda si interesse.

USAs president, Donald Trump, seier USA kjem til å fortsetja angrepa til Syrias president Assad stoppar bruken av kjemiske våpen. Forsvarsministeren hans, Jim Mattis, dempar den beskjeden, og seier dei ikkje har planar om fleire angrep nå.

Mange land har strategiske interesser i Syria. Blant dei er USA, Storbritannia, Frankrike, Russland, Iran, Saudi-Arabia, Tyrkia og Israel.

Spørsmålet er difor om ein klarer å stoppa her.

Det må stoppa her

Erfaringane frå Afghanistan, Libya og Irak viser på alle vis at militære angrep ikkje er vegen å gå. Det hjelper ikkje folk i desse landa at ein bombar vekk diktatoren eller det diktatoriske styresettet. Det finst ingenting igjen etterpå som kan fungera. Både IS, og før dei al-Qaida, vaks dessutan fram av vestleg krigføring i Irak og Afghanistan.

Kan vi tru at USA, Frankrike og England difor nå vil halda igjen? Og kan vi tru at Russland og Iran etter dette vil setja seg til saman med desse og forhandla?

Kan vi tru at Donald Trump og Vladimir Putin vil la omsynet til det syriske folket vega tyngre enn eigne, strategiske interesser i konflikten, og at Putin kan finna seg i å forhandla med landa som bomba, utan først å visa militære musklar sjølv, for å gjenoppretta balansen?

Vi har liten grunn til å stola på det.

Men det er å håpa at erfaringane frå tidlegare krigar er nok til at alle land bidrar til å hindra at angrepet i natt bare blir starten.

Vi må visa til FN. Vi har ikkje noko anna val.

Publisert:
  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Syria
  3. Russland
  4. USA