Det viktigaste? Koronagenerasjonens kvardag

KOMMENTAR: Ingen treng alt som gir kvardagen mål og meining meir enn dei yngste blant oss. Tysdag kveld fekk dei det meste av det tilbake.

Statsminister Jonas Gahr Støre på tysdagens koronapressekonferanse.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Eg høyrer til dei som syns vi skulle opna opp nå. Eg ville ikkje hatt «munnbind, meter og sunn fornuft». Eg ville hatt sunn fornuft. «Du må sjå kor vi kom frå, i desember», var statsminister Jonas Gahr Støre sitt svar då han på pressekonferansen tysdag kveld blei spurt om kvifor dei ikkje fjerna meir.

Der vi kom frå

Nei. Der vi kom frå, det vi må samanlikna med nå, det er kvardagen før 12. mars 2020. Og sett derifrå er ikkje munnbind og meter ein rørande liten rest av kontakthindrande tiltak og påbod og reglar. Sett derifrå er munnbind og meter svært unormalt. Det er tiltak vi ikkje lenger treng som vern mot alvorleg sjukdom og død, eller mot for få ledige senger til livsviktig pustehjelp på intensiven. Nå er det sjukefråværet vi skal halda oss frå kvarandre for. Det er langt frå ein normal ting å gjera med munnbind og meter, og det er det viktig å seia, så vi ikkje går med på å flytta og flytta og flytta på kva som er normalt og rimeleg. Sjølv om munnbind og meter sannsynlegvis forsvinn innan 17. februar.

Sånn. Vekk med alt det for resten av denne teksten, vekk med at vi ikkje kan gå ut og dansa, med at vi ikkje kan stå tett på konsert, med at ikkje alt uteliv kan driva som dei vil. For tysdag kveld fekk barn og unge nesten heile kvardagen sin tilbake.

Alt som gir retning

Barna kan vera saman med kven dei vil på skulen, utan at staten legg seg opp i det. Dei kan syngja i kor, bryta, klatra, gå på speidar eller spela i korps som tel kor mange som helst, inni kor dårleg gymsal eller gammalt bomberom som helst – akkurat som vanleg.

Dei må ikkje i karantene viss nokon andre heime blir sjuke, dei må ikkje testa seg kvar dag for å sleppa den karantenen, – nei, dei skal berre testast viss dei har symptom. Får dei korona, skal dei berre halda seg heime i fire dagar og vera feberfrie den siste av dei, før dei får springa ut igjen. Dei skal ikkje sitja og ha ei slags rar nødundervisning på skjerm inne på kvart sitt soverom. Det er ferdig, det er slutt!

Det einaste dei enno blir bedt om, i tillegg til å testa seg og bli heime når dei er sjuke, er å hugsa å halda litt avstand til folk når dei er ute og rundt forbi. I eit par veker til.

Og studentane? Studentane våre skal tilbake til universitet og høgskular. Dei skal ikkje ha noko meterkrav mellom seg i undervisninga. Dei skal ikkje sitja aleine på hybelen eitt minutt lenger enn dei må. Dei får alle dei viktigaste rammene og møtepunkta heilt tilbake. Alt det som deler ein dag opp i passelege delar, det som gjer at vi sjølv på ein dårleg dag kjem oss frå a til b, frå senga til aulaen til lesesalen til middag i kantina. Til trening, kor og pub.

Slitet

Kven som helst av oss vil slita når alle dagar ligg tomme, lange og blanke framfor oss. Når ingenting er med på å gi deg og dagen din retning. Og jo yngre du er, jo viktigare er alle slike rammer og stolpar og innhald og møtepunkt. Jo mindre erfaring du har med å prøva å setja opp slike sjølv – eller rett og slett vera ein slik, for andre – jo meir avhengig er du av at dei alt finst.

Det er ikkje berre dei som var mest sårbare frå før som har slite gjennom altfor mange slike dagar, det er mange fleire. Studiar frå land som Storbritannia viste at teikn til angst og depresjon gjekk opp når samfunnet stengde ned, og ned når samfunnet opna opp.

For nokon, og la oss håpa for mange, vil det vera nok at normalen kjem tilbake. Skikkeleg tilbake. Men det er ikkje nok for alle. Vi veit at mange fleire treng hjelp av BUP, at ventelistene er lange, lidingane alvorlegare, og barna som kjem dit yngre. Vi veit det nå, og vi har visst det lenge.

Ikkje med

Likevel har dei i praksis ikkje nådd opp. Ikkje talt heilt med. Når omsynet til barn og unges psykiske helse står opp mot tiltak som kan avgrensa koronasmitte, vinn koronasmitta. Også i siste runde strenge tiltak. Dei fekk karantene på karantene på karantene, friske barn fekk ikkje gå på skule, elevar i vidaregåande fekk heimeundervisning. Igjen. Sjølv om det ikkje ein gong var eit fagleg råd.

Barn og unges psykiske helse har ofte blitt nemnt, dei sårbare blant dei har ofte blitt nemnt. Så mange gonger at begge delar har blitt klisjear. Det er ord utan innhald. For i praksis har altfor mykje av det som gir retning og meining i dagen, blitt tatt frå dei.

Nå er det tilbake. Så godt som heilt tilbake. Det aleine er verdt ganske mykje plunder og heft rundt i heimane våre, etter kvart som vi blir smitta og sjuke. Det aleine var verdt endå ein koronapressekonferanse. Det var det viktigaste av alt som blei endra tysdag kveld.

Og det var ikkje ein dag for tidleg.

Les også

  1. Isolasjons­kravet, meteren og munn­bind­på­budet er borte – disse reglene gjelder nå

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – At 12 prosent av jen­tene på vidare­gåan­de seier dei har blitt pressa eller tvinga til seks­uelle hand­lingar, er ikkje over­raskande

  2. «A-senteret inn under sjukehuset? Eit sterkare fagmiljø på rus? Det klarer eg ikkje tru på»

  3. – Det beste dei klarte på SUS den kvelden, var å pressa ei sjuk jordmor på vakt. Det er ikkje godt nok

  4. Jan Groths strek er eit opent bidrag til andres tankar. Fleire av oss burde prøva på det

  5. – Denne samtalen er tynn­sliten, seier sjaman Durek Verrett. Det syns eg også

  6. – Alvorleg sjuke barn blir kaste­ballar. Og vi ser det ikkje

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Koronaviruset
  3. koronapandemien
  4. Ung