Lærarstreik i stampe

KOMMENTAR: Politikarane finn på den eine lure tingen etter den andre, for å få opp lysta til å bli lærar for alltid. Men ikkje høgare lønn. Aldri høgare lønn.

Det er tredje året på rad at retten til å gå på skule berre gjeld sånn passe for ein del norske barn.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Det er ikkje bra, dette. Den lange lærarstreiken. Der den eine parten – arbeidsgivarsida – er fullstendig utan ansikt. Der det synest som om streikeretten i beste fall berre kan klara å demonstrera kor viktige lærarane er for elevane, kor stor mistillit dei har til arbeidsgivarsida og kor påfallande tause politikarar av alle fargar blir når det gjeld lønna til lærarane. Sjølv om dei same politikarane meiner mykje om å gjera læraryrket meir attraktivt, og om å rekruttera, utdanna og tilsetja fleire lærarar.

For å ta det siste først: Høgre, som har gjort lærarutdanninga til femårig masterutdanning, vil fortsetja satsinga på læraren, og sørgja for at lærarutdanninga blir halden relevant og av høg kvalitet. SV vil arbeida for at alle elevar blir underviste av lærarar med godkjent lærarutdanning. Frp vil styrka læraryrkets status, og gi alle «de dyktige lærerne i norsk skole bedre utviklingsmuligheter og økt status». Ap vil både tilsetja og rekruttera fleire lærarar. Rekrutteringa vil dei auka blant anna med meir praksis i utdanninga.

Lønn?

Ingen av dei nemner lønn. Dei synest rørande overbeviste om at lærarar berre er opptekne av utdanninga si, utdanninga til kollegaene sine, og av å utdanna barna våre. Lønn synest så uvesentleg oppi alt dette at det er uverdig å nemna. Det er eit lærarsyn frå femtitalet ein gong, på tvers av politiske parti, og det er ganske pinleg for dei alle.

Ein sivilingeniør i kommunen tener i snitt 727.755 kroner, viser tal frå fagforeininga Tekna. Ein lærar med like lang utdanning vil etter 16 år tena 646.100 kroner. Er du sivilingeniør, for eksempel i petroleum, bergverk og metallurgi, og vel å jobba i privat sektor, vil du fort vippa over millionen i lønn.

Tekna kan også informera om at når nordmenn skal velja seg ein framtidig jobb, står lønn høgast på lista. Dette står jo i nokså skarp kontrast til kva politikarane meiner lærarfolket burde vera mest opptekne av.

40.000 lærarar jobbar andre stader enn i skulen. Nesten ein av fem som underviser i norsk skule er forresten utan godkjent utdanning. Halvparten av dei som får spesialundervisning i norsk skule får det av nokon utan utdanning. Og søkinga til lærarutdanninga har gått ned tre år på rad. Sjølv om – eller kanskje på grunn av, kva veit eg – det er innført masterutdanning.

Detaljane

Samtidig blandar politikarane seg meir enn gjerne inn i undervisningskvardagen til lærarane. Henrik Asheim (H) meinte i fjor at Høgre burde styra korleis læraren skal dela elevane sine i grupper, Ap vil innføra lese-, skrive- og reknegaranti i skulen, SV vil nekta lærarane å gi lekser. Lokalt har politikarane i Stavanger meint noko om kor tidleg førsteklassingane bør bruka laptop (chromebook) i klasserommet, og vil meir enn gjerne bestemma kor mobilane skal vera i alle kommunens klasserom. Sjølv om ingen av rektorane meinte dei trengde slike reglar.

Men lønn? Stille. Heilt stille.

Streik

Lærarorganisasjonane, med det svære Utdanningsforbundet i spissen, godtok ikkje årets lønnsoppgjer i kommunal sektor, der dei høyrer til, og gjekk ut i streik. Det kan tyda på at det er eit visst misforhold mellom kva politikarane meiner bør inspirera lærarane, og kva dei sjølv meiner.

Måten lærarorganisasjonane har gjort dette på, må dei tola kritikk for. Dei har tatt ut lærarar litt etter litt etter litt, sannsynlegvis for å demonstrera at dei kan streika lenge. Men samtidig rammar dei elevane svært skeivt. Det finst dei som har vore utan undervisning sidan før sommarferien. Og det finst dei som enno ikkje har merka at det er streik. Og, på grunn av pandemien, er det tredje året på rad at retten til å gå på skule berre gjeld sånn passe for ein del norske barn.

Det er alvorleg. Men det er også heilt urimeleg at berre lærarane blir haldne ansvarlege for dette. At det er dei mot elevane. Det finst ein part til, som heller ikkje lar seg rikka ein millimeter i dette: KS, kommunesektorens organisasjon. Arbeidsgivarsida. Styret i KS er stappfullt av politikarar. Berre for å ha nemnt det. KS som part i streiken, er stort sett usynlege for oss andre.

Terrenget

Terrenget denne streiken står og stampar i, ser omtrent sånn ut: Kommunesektoren er det største tariffområdet i Norge, og forhandlar fram tariffar for 40 grupper. 37 av desse har sagt ja til dette årets lønnsoppgjer. I protokollen står det at dersom ein eller fleire av gruppene oppnår eit betre resultat, gjennom forhandlingar, nemnd, eller liknande, kan alle dei andre reforhandla. Det ligg i KS sin ryggsekk, kvar gong dei uttalar seg om lærarstreiken.

I den ryggsekken ligg også lønnsoppgjeret i dei såkalla frontfaga – industrien. Det styrer i Norge resten av oppgjera. I år blei deira ramme på 3,7 prosent. I kommunesektoren gjekk dei litt over, og landa på 3,84 prosent.

I kommuneoppgjeret fekk også helsesektoren eit velfortent nikk, i form av høgare tillegg for kvelds-, helge- og nattarbeid. For kommunane slit også med å få nok helsepersonell. Mange av helsefagarbeidarane høyrer heime i Fagforbundet, som er det største forbundet i heile kommunesektoren.

Handlingsrom?

Det er ikkje mykje handlingsrom igjen, med andre ord. Ikkje for nokon. Sjølv om partane er ueinige om det også.

Å ha gode lærarar og nok gode lærarar bør jo vera ønskeleg. Blant anna for at alle barn skal ha omtrent lik rett til kunnskap og utdanning. Og før alle politiske parti set seg ned for å formulera nye, lure ting lærarar kan bli kjempeglade for, så burde dei tenkja gjennom korleis dei same lærarane faktisk kan klara å forhandla fram høgare lønn og betre vilkår.

Det kan jo vera det ville bety noko.

Publisert: