Kan Ap kollapse totalt?

GJESTEKOMMENTAR: Dei siste åra har fleire store parti i Europa kollapsa. Skjer det same med Arbeidar­partiet?

Ap-leiar Jonas Gahr Støre og Kari Nessa Nordtun under valkamp-opninga i Stavanger i 2019, valet som gjorde ho til ordførar.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Då Jens Stoltenberg var partileiar i Ap frå 2002 til 2014, fekk Ap i snitt 33 prosent oppslutnad i stortingsvala. Når dette vert skrive, på den nest siste målinga, er partiet nøyaktig halvert, med oppslutnad på 16,7 prosent. Den siste målinga er endå verre, 15,4 prosent. Det er den nest verste målinga for Ap i historia.

I land som Nederland og Frankrike har tidlegare dominerande sosialistparti klappa saman i dei siste parlamentsvala. Kan ein liknande kollaps skje for det norske sosialdemokratiet?

Bak skrekkeksempla

I Nederland håpte sosialdemokratane (PvdA) at veljarane ville forstå at kutt i velferdsordningar var nødvendige for å redde økonomien. Dessutan trudde dei at folk ville akseptere å betale for det grøne skiftet. Dei tok feil. Veljarane flykta frå partiet i hopetal. Høyrest det kjent ut?

I den utmerkte boka «Sosialdemokratiet i en skjebnetid» (2019) reiser forfattar og redaktør Halvor Finess Tretvoll rundt i Europa som ein slags sosialdemokratiets Asbjørnsen og Moe – ein folkeminnesamlar som samlar informasjon og tidlegare eventyr. I Frankrike sprang krisa til Partie Socialiste (PS) ut av at leiar og president François Hollande var konfliktsky og svak. Spenninga mellom ideologane og pragmatikarane i PS vart ikkje lenger konstruktiv, peikar Halvor Finess Tretvoll på, og eit tomrom oppstod. I dette tomrommet trådde Emmanuel Macron inn med ei ny partidanning – La République En Marche!, no Renaissance (RE) – litt til høgre for PS, og han overtok rolla PS før hadde i fransk politikk. Fordi dei franske sosialistane mangla eit sterkt band til fagrørsla, slik dei skandinaviske sosialdemokratane har hatt, vart fallhøgda større.

Nedturar i Skandinavia

Kva er grunnane bak når store skandinaviske parti taper oppslutnad? Frå det siste tiåret – på både sosialistisk og ikkje-sosialistisk side – kan to viktige lærdommar trekkast: Utviklinga i andre parti er også viktig. Og nye partidanningar er farlege.

Det særmerkte med Sverige har vore den gradvise, kraftige svekkinga til konservative Moderaterna frå 2014 og utover. Sverigedemokraterna kom på banen og fanga opp misnøya med den naive innvandringspolitikken – Moderaterna vart for moderate.

I Danmark gjekk det konservative Venstre først kraftig fram i 2019 fordi naboen på høgre flanke, Dansk Folkeparti, hamna i intern krise og rasa nedover. I 2022 var det Venstre sin tur til å falle djupt av liknande grunnar. Etter bråk i eige parti braut to sentrale Venstre-politikarar ut. Dei danna kvart sitt nye parti, dei to nye partia fekk til saman 17 prosent av røystene i valet 1. november i år. Venstre fall frå 23 til 13 prosent.

I Noreg er det sosialdemokratane, ulikt i dei to andre landa, det har gått dårleg med. Ap har falle mest i to omgangar. Først skjer tilbakegangen gradvis frå 2017 og eitt år fram. Deretter fell Ap endå djupare dette siste året med straumkrise. Det er verdt å merke seg at det første, store fallet skjer før Giske-gate. Grunnen var at Senterpartiet tok over initiativet i opposisjonen. Sp makta å plasserer ei rekkje saker på sin by/land-akse og tok opposisjonsveljarane Ap normalt skulle hatt.

Les også

Svein Tuastad: «Har Ap sjanse i lokalvalet?»

Som ein sparekonto

Det er likevel mest sannsynleg at Ap ikkje vil kollapse slik søsterpartia i Frankrike og Nederland gjorde. Partiet har sterke band til fagrørsla og solide lokale organisasjonar som inneber ein slags sparekonto. Det skal meir enn eit par svake val til for å skusle bort den kapitalen.

Når det er sagt, team Støre gjer stadig svake strategiske val. Kontrasten til Danmark og dei treffsikre sosialdemokratane strategane der er enorm. Det gjeld til dømes i bypolitikken. Og det gjeld regjeringsforhandlingane, som vitna om ein fatal mangel på strategisk vurderingsevne. Med opne auge sette Arbeidarpartiet seg i ein situasjon der partiet konstant blir målskive for fordelingspolitisk kritikk og etterfølgjande omdømetap.

Eit leiarskap i Ap beståande
av Jonas Gahr Støre, Raymond
Johansen, Kari Nessa Nordtun
og Tonje Brenna ville stråle ut
klokskap og hatt appell.

De har jo byane!

Har ikkje Arbeidarpartiet oppdaga at dei har ordførarane i alle dei største byane i dette landet? Kvifor støttar ikkje Ap opp om desse, i staden for stadig å angripe dei? Det er nesten ikkje til å tru at når Ap får ordføraren i Kristiansand, vert han undergraven av eiga regjering. I Oslo er regjeringa jamleg motparten i miljøpolitikken.

På same vis er jamvel den vanlegvis forsonlege Stavanger-ordføraren Kari Nessa Nordtun stadig opprørt over å ikkje verte lytta til i regjeringskvartala. Den statlege tappinga av Lyse skal mellom anna finansiere spinnville prosjekt som Viken-reverseringa: Den mest irrasjonelle politikken i nyare norsk historie får premie av regjeringa.

Les også

Økonomiprofessor: «Et historisk ran av Lyses eier­kommuner»

Det er lett å tenkje at statsminister Støre er problemet. Men vel så viktig er det å sjå bak Støre, på resten av leiarskapet også. I staden for dei som er no, la oss heller tenkje oss at tettast bak Støre stod Raymond Johansen, Kari Nessa Nordtun og Tonje Brenna. Dei kunne stråla ut klokskap og hatt appell.

I motsetnad til den lumske fyrsten i Trøndelag, ingen ville ha tvilt på lojaliteten dei hadde – til kvarandre og til partiet.


Hilde Øvrebekk: Trond Giske har klart å lage sitt eget protest­parti inne i partiet. Tar han snart over hele konge­riket?


Publisert: