Frp har hamna i SV-fella

GJESTEKOMMENTAR: Regjeringsslitasjen har gått mest ut over Frp. Samstundes må partiet handtere to store utfordringar.

Publisert:
Svein Erik Tuastad
Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger

Siv Jensen og Sylvi Listhaug etter FrPs ekstraordinære landsmøte om bompenger. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Framstegspartiet vert stadig meir stovevarmt i rolla som pregande og ansvarleg regjeringsparti. Men prisen er at partiet vert likare dei andre partia.

Det er eit problem for ein god del av Frp-veljarane. Framstegspartiet var jo kanalen som gav dei utløp for generell misnøye mot politikarar og elite. Så vart Frp ein del av den same eliten sjølv. I bompengesaka strevar Framstegspartiet. Faren er at det som før gjorde partiet attraktivt for mange veljarar, går opp i eksosrøyken under bom-stasjonane.

Jamvel den tidlegare veljar-magneten Sylvi Listhaug verkar handlingslamma som eldre- og folkehelseminister. Det er ikkje som snorklyppar Listhaug skaffar veljarar til Frp.

Halvert

Oppslutnaden om Frp er no (Poll of polls, juli) halvert samanlikna med då partiet gjekk inn i regjering. Kanskje eit friskt bompengeutpel frå Frp kan få valvinden til å snu. Men av to grunnar risikerer Framstegspartiet at vondt blir verre.

1) Miste imaget som protestparti

Nylig prøvde Bergens Tidende å avdekke tankegangen til fleire av veljarane til Folkeaksjonen nei til bompengar (FNB). Mønsteret i dei følgjande intervjua er interessant lesnad og må skremme Frp-strategane.

Slik brannmannen Robert Njåstad ser det, har det oppstått ein politikarklasse som ikkje er i kontakt med resten av folket, og som ikkje har lytta til veljarane på mange år. For han er det å røyste på FNB ein protest mot dei eksisterande partia. På same måten er det for yrkessjåføren Dagfinn Johannesen. Resultatet blir likt same kva ein røyster på, hevdar han. 

Anette Haugland er uføretrygda. «Eg er 50 år», seier ho. «Eg er så gamal at eg forstår at alle lovar og lyg». Men FNB har ho trua på. Gaute Bleie, som er truck-instruktør, er inne på det same. «Ingen andre politikarar gjer godt arbeid for oss», seier han. «Og me er leie av løgn».

Fellestrekk

Det siste dømet, Monica Sunde, leiar eit treningssenter og har tidlegare røysta Framstegspartiet. «Men no viser det seg jo at Frp er med på å godkjenne bompengar,» held ho fram, «så dei er ikkje så mykje mot som dei seier».

Synsmåtane til dette knippet veljarar har interessante fellestrekk. For det første har dei knappast tillit til politikane samla. For det andre søkjer dei, difor, eit parti som er annleis,  eit parti som er for dei.

Men det var jo Frp som hadde ei slik rolle – partiet vanlege folk kunne stole på. Det BT-intervjua illustrerer, er at mange av dei som før var kjernetroppar for Frp, ikkje oppfattar partiet som deira lenger.

2) Nye og farlege konkurrentar

Men har det no så mykje å seie for Frp om protestparti-ryet bleiknar, slik den tidlegare nestleiaren i partiet, Per Sandberg, har antyda?

Problemet med Sandberg sitt resonnement, om at å gje frå seg innvandrings- og bompengesaka er greitt nok, er den andre utfordringa: At då ville dørene verte vidopne for nye parti-konkurrentar. Det manglar ikkje på kandidatar som gjerne vil spele rolla som dogg-friskt protestparti. Ein ting er bompengepartiet, FNB. I fleire av landets største byar har mellom ein tredel og halvparten av tidlegare Frp-veljarar gått til FNB. I Stavanger er det no fleire av Frps veljarar frå 2017 som vil røyste FNB enn Frp.

Heller ikkje det andre, attverande trumfkortet, innvandringssaka, gir nødvendigvis sikre stikk framover. Det kan vere plass for eit nytt parti til høgre for eit regjerings-moderert Frp, slik Gunnar Stavrum i Nettavisen hevda for ei tid sidan.

Eit nytt trekk i europeisk politikk er at også dei nasjonalkonservative partia kan få avskaling slik dei sosialdemokratiske partia alt har opplevd. Til dømes har konkurrentar til Dansk Folkeparti, som liknar på Framstegspartiet, tappa dei for ein drøss veljarar. Du treng ikkje vere erfaren partistrateg for å skjøne at rommet til høgre for Framstegspartiet fortast mogleg bør stengast.

Sprellar i SV-fella

SV-fella er å tape oppslutnad på å vere lojal regjeringspartnar i skuggen av eit dominerande parti. SV mista, på nøyaktig same vis som søsterpartiet SF i Danmark, om lag nøyaktig halvparten av veljarane då dei var i regjering.

Eit viktig fagleg bidrag frå den norske statsvitaren Kåre Strøm for 30 år sidan, kan kaste lys over kvifor parti stadig går i «SV-fella». Internt i parti er det på ulike nivå jamleg strid om balanseringa mellom primær-oppgåvene. Dei er å vinne maktposisjonar, få gjennom politikk og auke veljartalet. Høgare og lågare partinivå vurderer ting ulikt, delvis prega av eigne interesser.

Ministrane kan fort oppvurdere nytta av eigen innsats. – Sjå på alt gjennomslaget vi får, seier ministrane til partiet. Og leiinga følgjer opp: –No må vi alle bli flinkare til å selje sigrane.

Men partiaktivistane og representantane bak i salen riv seg i håret. Dei ser at veljaroppslutninga dalar endå lenger ned.

Då Frp gjekk inn i regjering, hadde partiet gjort heimeleksa si om SV-fella. Frp kravde å få, og fekk, markere seg.

Difor er det overraskande at Frp no ligg og sprellar i den same fella.

Les også

Demokratiet er fornya; framgangen til bompengelistene og dei grøne gjer politikken meir representativ

Les også

Fire som viste politisk mot i 2018: Leif Arne Moi Nilsen, Hadia Tajik, Knut Arild Hareide og Christine Sagen Helgø

Publisert: