Det går eit gjenferd gjennom Europa

GJESTEKOMMENTAR: Torsdag i førre veke vart det kjend at det polske tryggleikspolitiet ABW har arrestert to menn, mistenkte for å planleggja terroråtak retta mot muslimar i landet. Det hende mot ein dyster bakgrunn.

Publisert: Publisert:
Øyvind Strømmen
Forfattar og journalist

Polske antisemittar (447-merket) og katolikkar med rosenkransar skulder ved skulder under «sjølvstendemarsjen» i Warszawa på nasjonaldagen 11. november i år. Foto: Czarek Sokolowski, AP/NTB scanpix

Storavisa Gazeta Wyborcza fortel at ABW helga før dette gjennomførte samtidige aksjonar fleire stader i landet, blant anna i bydelen Włochy sørvest i Warszawa. Det vart funne kjemikaliar, skytevåpen og ammunisjon, samt ei rekkje bøker om produksjon av eksplosiv.

Huset politiet slo til mot i Włochy vart også gjennomsøkt i 2013, i samband med etterforskinga mot Brunon Kwiecień. Den universitetstilsette kjemiingeniøren Kwiecień – også kalla «doktoren» – vart i 2015 dømd til 13 års fengsel for å ha planlagt eit åtak på det polske parlamentet, inspirert av terroråtaka i Noreg 22. juli 2011. Kwiecień, som blei ved å nekta for dette, døydde i fengselet i august i år.

Breivik, Tarrant, Manshaus

Ifølgje Stanisław Żaryn, ein talsmann for ministeren med ansvar for tryggleikstenestene, vart mennene arresterte i samband med etterforsking retta mot ei ekstremistgruppe som hadde planar om å gjennomføra valdelege åtak med skytevåpen og eksplosiv.

– Politiaksjonen var resultat av informasjon ein tidlegare har sanka inn om ei ekstremistgruppe som hadde som formål å truga menneske med muslimsk tru busett i Polen, sa regjeringstalsmannen Stanisław Żaryn. Han la til at planane var inspirerte av andre høgreekstremistar. Tre konkrete namn vart nemnde – to av dei norske: Anders Behring Breivik (som no heiter Fjotolf Hansen); Brenton Tarrant, gjerningsmannen bak dei anti-muslimske terroråtaka i Christchurch i mars i år; Philip Manshaus, som er sikta for moskéåtaket i Bærum i august i år, samt for drapet på si stesøster.

Slik sett føyer saka i Polen seg inn i ei rekkje av både gjennomført og planlagde høgreekstreme terroråtak i fleire land dei siste åra, åtak som har hatt koplingar til nettbaserte ekstremistmiljø der hatet veltar fram mot både muslimar og jødar.

Mørkeret i Warszawa

Men saka føyer seg også inn eit anna mønster. Ein ting er at den høgrenasjonalistiske og populistiske partiet Lov og Rettferd (Prawo i Sprawiedliwość, PiS) har hatt ei dominerande rolle i polsk politikk dei siste åra, etter at dei vann valet i 2015 på ei bølgje av misnøye og mistillit, i stor grad eit resultat av høgst reelle økonomiske og sosiale utfordringar.

I oktober vann dei på ny makta i det polske parlamentsvalet, sjølv om dei mista fleirtalet i overhuset. Partiet har spela på frykt for innvandring, på anti-muslimske idear og på ein grunnleggjande sosialkonservatisme som blant anna har råka homofile. Dei har også stramma grepet om makta på måtar som har fått mange til å samanlikna med utviklinga i retning eit «illiberalt demokrati» i Ungarn, sjølv om biletet er meir samansett i Polen, og motkreftene ofte har vore sterkare.

Ein annan ting er at den ytste høgresida har styrka seg i Polen. Dei siste åra har den polske nasjonaldagen 11. november, og ikkje minst den internasjonale mediedekninga av den, i aukande grad vorte dominert av krefter til høgre for PiS. Sidan 2010 har den såkalla «sjølvstendemarsjen» i Warszawa vakse i omfang, og den kan – diverre – fungera som ein slags lakmustest på styrken til høgreradikale og høgreekstreme krefter i landet. I fjorårets marsj gjekk sentrale representantar for regjeringspartiet saman med openlyse høgreekstremistar i marsjen. Polskfødde Aga Sadlowska omtalte det heile som ein «skammens marsj» i tidsskriftet Fri Tanke. Sosiologen og statsvitaren Rafał Pankowski, som er leiar for den antirasistiske organisasjonen Nigdy Więcej («Aldri igjen»), skildra i eit nyleg intervju med Balkan Insight fjorårets markering som «ein av dei verste dagane i livet mitt».

På norsk: «Ta vare på heile nasjonen. Sjølvstendemarsjen 2019.»

Ein knyttneve med ein rosenkrans

Han hadde neppe ein særleg mykje betre dag i år, sjølv om regjeringspartiet ikkje deltok på same måte. Årets marsj – som hadde ein knyttneve med ein rosenkrans som logo – var prega av fiendebileta til den ytste høgresida, med åtak mot jødar, mot muslimar, mot homofile og sjølvsagt mot venstresida. Den sterkt homofiendtlege amerikanske psykologen Paul Cameron var blant dei inviterte gjestane. Han rosa polakkane for kamp mot islam og mot LGBT-rørsla. «Me vil ikkje sleppa inn islamistar, me vil forsvar polske geiter», ropte demonstrantane attende. Blant dei polske flagga kunne ein sjå andre flagg, med kjende høgreekstreme symbol, som ein kvit keltisk kross mot svart bakgrunn. Flagget til det nyfascistiske italienske partiet Forza Nuova var også å få auge på.

I ein politisk atmosfære der også styringspartiet PiS promoterer ein ganske ubehageleg nasjonalisme, har høgreekstreme og høgreradikale krefter funne god såjord i Polen. Ifølgje Pankowski auka mengda hatkriminalitet etter at PiS kom i regjeringa, og det er ikkje teikn på betring. Nokre av døma er så ille at det går kaldt nedetter ryggen, som når ein holocaust-minneseremoni vart møtt av ein antisemittisk demonstrasjon i januar i år.

At det dukkar opp dei som har endå dystrare og meir ekstreme planar, er kanskje ikkje ei overrasking. Det er meir enn ei terrorsak som gjev grunn til uro over Polen. Og over Europa.


Les også

Bittersøt seier for Polens regjeringsparti

Les også

Leder: «Polens triste utvikling»

Les også

Kronikk: «Hvorfor frykter polske foreldre norsk barnevern, men stoler på barnehagen?»


Les også

Øyvind Strømmen: «Brannstifterne i Europa»

Les også

Øyvind Strømmen: «Det er ikkje sikkert du vil lika det som kjem etter Europa»

Les også

Fareed Zakaria: «Er Vestens framtid virkelig så dyster som den ser ut?»

Les også

Peter Beck: «EUs ’aksemakter’ har én fanesak: Nei til muslimsk innvandring»

Les også

Eirik Magnus Fuglestad: «Kva er populisme – eigentleg?»

Publisert: