Dei siste kan bli dei første

GJESTEKOMMENTAR: To mislukka skulebarn enda opp som vår tids beste politikarar.

Publisert: Publisert:
  • Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger

Jens Stoltenberg og Erna Solberg hadde begge sitt å slite med i oppveksten, og mykje er likt i politikarkarrierane deira òg. Og så har dei den same fronesisen. Foto: Vegard Wivestad Grøtt, NTB Scanpix

  1. Leserne mener

Den eine måtte ofte sitje einsam og sjå på at jamaldringane leika. I gata heime, som i barnehagen, vart det knapt med venner. Betre var det ikkje då han byrja på skulen. Han stamma, sleit veldig med lesing og rekning og var i det heile utilpass i store delar av den tidlege oppveksten, som han skriv i sjølvbiografien «Min historie».

Alt frå han var 13–14 år vart han del av eit festmiljø som ikkje berre inkluderte alkohol; sjølv røyka han stundom hasj. Med andre ord høyrest ikkje barndommen til Jens Stoltenberg ut som skreddaroppskrifta for å bli mellom landets mest suksessrike politikarar. Dersom ikkje ein klok lærar, Cristian Smit, hadde vore der, kunne norsk politisk historie sett annleis ut. «Jeg har mye å takke Smit for», skriv Stoltenberg, «han har vært et av de viktigste menneskene i livet mitt.»

Erna Solberg har i fleire intervju fortald om korleis dei stadige negative tilbakemeldingane ofte fekk henne til å kjenne seg dum.

– Ta deg saman

Den andre, Erna Solberg, kom jamleg heim med nye, nedtrykkjande beskjedar i skulesekken. Lærarane bad henne om å skjerpe seg. Først på den vidaregåande skulen tok ein klok lærar affære. Det vart oppdaga at ho hadde dysleksi. Erna Solberg har i fleire intervju fortald om korleis dei stadige negative tilbakemeldingane ofte fekk henne til å kjenne seg dum. «Uansett hvor mye jeg jobbet, hadde jeg feil de andre ikke hadde. Jeg tenkte at de måtte være mye flinkere.»

Responsen frå skulelegen var ikkje den mest oppmuntrande: «Ta deg sammen og jobb litt mer!»

Ein god kur mot politikarforakt kan bestå i å lytte til somme av dei som styrte landet.

Fronesis – praktisk klokskap

Også som statsministarkandidatar starta det i motbakke for Stoltenberg og Solberg. Men no vart dei ikkje redda av kloke lærarar. Redningsaksjonane stod dei sjølve for.

For dei politiske erfaringane til Jens og Erna hadde etter kvart gitt dei solide dosar av det som Aristoteles kalla fronesis – praktisk klokskap på sitt felt. Fronesis er eit rikt omgrep. Det handlar ikkje berre om å ha sakkunnskap, men også om å ha erfart kva som fungerer, og å vite kva som er rettvist. Fronesis er den typen dømmekraft du har, når du omset felles normer og sakskunnskap til kløktige avgjersler i einskildsaker.

Nettopp oppvisinga i politikarane sin fronesis gjorde at NRK-serien «Da vi styrte landet» på seinhausten vart til noko meir enn god tv-underhaldning. Ein god kur mot politikarforakt kan bestå i å lytte til somme av dei som styrte landet.

Les også

Manuela Ramin-Osmundsen: – Det rammet meg hardest å bli kalt en løgner

Litt populist

I eit kort mellomspel av ein statsministerperiode fekk Jens Stoltenberg igjennom fleire nyttige reformer enn kva andre statsministrar kan bruke lang tid på å få til. Likefullt flykta veljarane i hopetal. I 2001 kom det første valet då Jens Stoltenberg var statsministarkandidat for Arbeidarpartiet. Det vart ein solid fiasko. Partiet enda på 25 prosent, det dårlegaste valresultatet for Arbeidarpartiet sidan 1921. «Litt må man være villig til å slåss igjennom. Selv om det er upopulært», konstaterte han etterpå. Men lærdommen var ein annan: «Litt populist må man være i et demokrati.»

Rettesnora med ein balanse mellom nytte og populisme kan gje retning i to av dei kinkige sakene for dei sosialdemokratiske partia. Sosialdemokratane hamnar i veljarspagat mellom to sett veljargrupper dei treng. I innvandringssaka lyt kan hende politikken vere streng, ta lufta ut av høgrepopulismen og vere internasjonalt koordinert. Men i miljøsaka er det gjerne på tide å ta eit leiaransvar for det store styringspartiet på venstresida.

Og så byrja ho å snakke om menneske i staden for milliardar.

– Grå mus

Først var ho anonym stortingsrepresentant – eitt einsleg Dagsrevy-oppslag på 12 år: «Jeg hadde jo ikke det der tabloid-genet.» Etter det har så å seie heile Erna Solberg si tid som statsministerkandidat og statsminister vore som ein reprise på Stoltenberg-perioden. Ho vart Høgre sin statsministerkandidat før valet i 2005. Då enda ho opp med det dårlegaste valresultatet for Høgre nokon gong. «Trekk deg Erna!» hylte overskriftene i VG. Dagbladet siterte Eli Hagen, kona til Carl I.: «Hun er en usjarmerende, ufiks, dårlig kledd grå mus.»

Bak det politiske mirakelet då alt snudde låg ei slitesterk vinnaroppskrift: Hardt arbeid. Systematisk omforming av årelang oppsamla politisk klokskap ispedd ein aldri så liten dash makeup-hjelp frå hennar trufaste våpendragar Julie Brodtkorb gjorde susen. «Man innser at man har blitt voksen, og må slutte med ungpikefrisyren», konstaterte Erna. Og så byrja ho å snakke om menneske i staden for milliardar.

Ei innsikt frå Erna Solberg høver godt før julehøgtida og tid for ettertanke. Først, ho har lært seg faktisk å lytte når dei som vil henne godt, kjem med kritikk. Dernest: «Så får du kritikk som er litt ondskapsfull. Den skal du legge vekk.» Livet er for kort til å gå rundt med mykje agg, ifølgje Erna Solberg. Den innsikta, meiner ho, må folk berre dyrke.

Døm ikkje folk for tidleg!

Dei siste og dei første

Dei siste skal bli dei første, og dei første dei siste, heiter det i bibelverset. Dei politiske karrierane til Erna Solberg og Jens Stoltenberg er eigna til å gje håp for nokon kvar.

Du treng ikkje nødvendigvis ha ein god start. Viss du står på, kan det gå veldig bra likevel. Så døm ikkje folk for tidleg!

  • Dei siste gjestekommentarene finn du her
  • Gjestekommentarar av Svein Erik Tuastad og artiklar om han finn du her

Publisert: