Kva kan folka i NIF, eigentleg?

KOMMENTAR: Det er openbart at ein ikkje treng å vera musikalsk for å jobba i Norges Idrettsforbund. Men det hadde kanskje hjelpt å ikkje vera heilt tonedøv.

Publisert: Publisert:

Idrettspresident Tom Tvedt er klar på at legitimiteten får dei i toppen frå idrettslaga. Dei burde snart klara å halda seg med legitimitet sjølv. Foto: Jan Inge Haga

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Norges Idrettsforbund må ganske lenge ha strevd med å ha heilt feil folk i heilt feil jobbar.

I perioden 2011−2015, for eksempel, såg dei seg nøydde til å kjøpa tenester for 10 millionar kroner hos kommunikasjonsbyrået First House.

First House har også kome med råd om twittermeldingar det kan vera lurt å senda ut.

Heilt naturleg

Kommunikasjonssjef Niels Røine forklarar til NRK at dei ikkje hadde ekspertise på huset til sjølv å jobba med å få OL til Oslo.

First House hjelpte, blant anna, til med strategiarbeid og politisk påverknad. Statsråd Sylvi Listhaug, som den gongen jobba hos First House, blei hyra inn for å kviskra gode ord i alle viktige Frp-øyrer. Tidlegare statsråd for Ap, Bjarne Håkon Hanssen, var viktig hjelpar, det same var tidlegare informasjonsjef hos Idrettsforbundet, Ketil Lindseth, og sjefen sjølv, Per Høiby.

First House hjelpte også til med den såkalla Tvedt-reforma, som både skulle evaluera toppidretten og staka ut kursen vidare. Tom Tvedt, president i forbundet sidan 2015, men den gongen styremedlem, leia arbeidet med rapporten.

«Når det kjem til anten OL-søknad eller ekstraordinært ting, har vi valt å bruka ekspertise», seier han til NRK.

First House har også kome med råd om twittermeldingar det kan vera lurt å senda ut, dei har svart på e-postar for både Tom Tvedt og tidlegare generalsekretær Inge Andersen, dei har kome med forslag til kronikkar, og dei har skrive kronikkar.

Niels Røine, som altså er kommunikasjonssjef i forbundet, ser det som heilt naturleg at eit slikt byrå tar seg av slike løpande oppgåver.

Sjølv med ekstern hjelp i millionklassa, kan det ikkje seiast at dei har lykkast veldig godt i det som går under kommunikasjon med omverda dei siste åra.

Kva kan dei, då?

Det er så ein ikkje veit heilt kor ein skal begynna.

For Niels Røine leiar ei kommunikasjonsavdeling som nå har ni tilsette. I tillegg har forbundet ei juss- og organisasjonsavdeling som tel fire personar. Dei har generalsekretariatet, og dei har president Tom Tvedt på heiltid, med ei lønn på rundt 1,2 millionar.

Ein skulle tru at desse folka til saman kunne klara koma opp med både gode twittermeldingar og riktige svar til journalistar, og kanskje til og med kunna avsjå ein medarbeidar til å driva gjennom arbeidet med ein stor rapport.

Men nei.

Vidare kan ein verkeleg lura på kva det er dei faktisk kan gjera, dersom det verken er det ekstraordinære, som OL-agitering og utviklingsarbeid, eller daglege oppgåver som mediehandtering og å svara på e-postar.

Og sjølv med ekstern hjelp i millionklassa, kan det ikkje seiast at dei har lykkast veldig godt i det som går under kommunikasjon med omverda dei siste åra.

Det der med OL til Oslo, for eksempel, hadde eg faktisk gløymt, sjølv om det var folkeavstemning og greier om det i hovudstaden i 2013.

Idrettsforbundet betalte First House nesten 5 millionar for OL-stuntet.

Så lenge dei lever av fellesskapet sine pengar, må dei sjølvsagt kunna svara overbevisande på kva dei bruker pengane våre til.

Dei og oss

Idrettsforbundet får for tida får rundt 1,5 milliardar kroner i offentleg støtte i året. Det er omtrent alt dei har å leva og driva for. Sjølv drar dei inn 47 millionar i sponsorinntekter og 95 millionar i andre driftsinntekter, viser tal frå 2016.

Så lenge dei lever av fellesskapet sine pengar, må dei sjølvsagt kunna svara overbevisande på kva dei bruker pengane våre til. Mange av oss vil til og med ta det for gitt at dei kan klara det for eigen maskin. Utan ekstern hjelp i millionklassa.

Les også

Tippemidlene er blitt en religion

Dei er også øvste leiarar og representantar for ein svær, frivillig organisasjon. Der dei fleste medlemsklubbane sel dorullar og lodd og brus og pølser og er parkeringsvakter på fotballcupar både lørdag og sundag. Og der mødrer og fedrar bruker fritida si på å læra andre og eignes ungar å spela fotball og handball og turna og bryta og ta omsyn til andre og ta ein for laget og stilla opp og halda ut. Og bli gagns menneske.

President (sidan 2015) Tom Tvedt, heilt på toppen i Idrettsforbundet, skriv i rapporten deira for 2016 at dette må dei alltid ha klart for seg − dei er ein frivillig organisasjon som hentar sin legitimitet frå idrettslagsnivået.

Sugerøyr

Dei har lagt seg til med svære sugerøyr ned i idrettslaga for å få fatt i nok legitimitet, ville eg heller ha sagt. I tillegg til den dei prøvde å kjøpa seg frå First House.

For dei har sant å seia svært lite slikt sjølv, på toppnivået i Idrettsforbundet.

Dei går på glasskår. Dei klarer ikkje overbevisa deg og meg og idrettslaget på Forus og Gausel om at dei eigentleg er dei frivilliges fremste stemmer, samtidig som dei meiner det er heilt naturleg å trengja hjelp til å skriva ei twittermelding. Noko dei lenge kjempa hardt for å unngå at skulle bli kjent.

Det går ikkje, det.

Ein av dei som ikkje lar seg overbevisa, er skiveteranen Gudbrand Skraastad, som er organisatorisk leiar for ski-NM på Gåsbu i januar 2018.

I november i år, før First House-rekningane var kjent, fortalte han Hamar Arbeiderblad at han ikkje ville invitera Tom Tvedt til NM. Det var manglande openheit om forbundet sine utgifter som var årsaka. Skiforbundet sentralt greip inn, og instruerte Skraastad i at Tvedt skal inviterast.

Toppane i Idrettsforbundet kan nok ennå suga legitimitet av idrettslaga. Men det kjennes ikkje som glans, akkurat, det forbundstoppane kastar tilbake.

  • Tidlegare kommentarar av Solveig G. Sandelson finn du her
Publisert:

Les også

  1. «Du vinn ikkje «morer og farars» tillit når du sjølv sender rein mistru deira veg. Sjølv om du er president i Norges Idrettsforbund.»

  2. Brede Hangeland i mai 2016: «La Tom Tvedt heller steke vafler»

Mest lest akkurat nå

  1. Jobbet uten sikring i høyden. Fikk 117.000 kroner i «straks-bot»

  2. Da Charlotte Selstø fikk korona var det særlig to symptomer som dominerte

  3. Se Pøbel sitt penis-stunt i Stavanger

  4. Elev på Stavanger-skole smittet med korona - hele trinnet i karantene

  5. Kan tre familier være samlet? Og telles et par som en person? Kommuneoverlegen svarer

  6. Over 900 smittetilfeller i Rogaland

  1. Norges Idrettsforbund
  2. First House
  3. Tom Tvedt
  4. Solveig G. Sandelson