Journalistens blindsone

KOMMENTAR: Det blir laga mange seriar om det vi alle kan frykta, bli ramma av, eller kjenna oss igjen i. Det kan bli farleg snevert.

Publisert:
Solveig G. Sandelson
Debattredaktør

Vanlege arbeidsfolk blir stadig mindre synlege i mediebildet Jonas Haarr Friestad

Medieforskarane Elisabeth Eide og Tine Ustad Figenschou har lese eit kvartals utgåver av Aftenposten, Dagens Næringsliv, Klassekampen, VG og Dagsavisen i 1996–97, 2006–2007 og 2016–17. Det er bygningsarbeidarane og omsorgsarbeidarane dei har sett etter. Vanlege arbeidsfolk. Og dei er langt mindre til stades i dei vanlege nyheitssakene enn dei var før. I 1996–97 fann dei 249 artiklar i utvalet sitt, i 2016–17 fann dei 132. Nesten ei halvering. Det bekymrar forskarane, for folka som arbeider i desse sektorane, er dei som er på golvet. Det er sektorarar som har vore under sterkt press desse åra, med krav til effektivisering og med konkurranse frå arbeidsinnvandring frå land med lågare lønningar og lågare standard for kva ein arbeidstakar har rett på.

Kvifor?

Grunnen til at det har blitt slik? Forskarane peikar på fleire. Dei meiner det tyder på at journalistane har eit «middelklasseblikk» på verda - få har sosiale røter i arbeidarklassa. I tillegg har redaksjonane nedbemanna kraftig i den same perioden, og journalistane er ikkje like mykje ute som før, meiner dei.

Her kan ein leggja til at det heller ikkje er så lett å få vanlege arbeidsfolk i tale lenger. Arbeidsgivarar - ikkje minst offentlege - er redde for omdømmet sitt, og arbeidstakarar er redde for jobben sin. Det er ikkje sikkert du berre kan oppsøkja ein arbeidsplass, slå av ein prat med folk og setja praten på trykk.

Viss klasseperspektivet forsvinn, kjem arbeidslivsspørsmåla lett i bakgrunnen, meiner Elisabeth Eide, og det til fordel for meir konfliktfylte perspektiv som innvandringsspørsmål, identitet og kultur.

Det vi har felles

Ja. Det blir laga mye journalistikk om slikt som kan skje oss alle, om det som kan endra eit liv, om det vi er redde for kan skje, om det vi vil andre skal sjå kan skje kven som helst. Det vi kan finna saman i.

Og journalistane bruker seg sjølv. Mikkel Niva i NRK laga ein serie på fem episodar om korleis det har prega han å veksa opp utan ein far, Solveig Kloppen har laga tv om sorga, saknet og sjokket over å mista mor i kreft og syster i sjølvmord, då Line Jansrud var programleiar i Newton såg vi fødselen hennar på tv, og var lenge før det med henne inn på do då ho tok graviditetstesten. Helsejournalist Helene Sandvig flyttar inn blant alvorleg skadde på opptrening på Sunnaas, blant dei som på Hospice Lovisenberg veit dei skal døy av kreft, i ein bustad for funksjonshemma barn, på nyføddintensiven og på alkoholikaravvenning. Og serien heiter «Helene sjekker inn».

I mellom alle nære, samansette møta mellom programleiar og dei som bur og jobbar der, får vi journalisten sine tankar, tolkningar og kjensler rundt det vi nettopp såg eller skal sjå.

Løftar fram

Det er ikkje vanskeleg å forstå at bak alt dette ligg ønske om å bryta tabu, stilla like store krav til seg sjølv som til den du intervjuar, gi ord og ansikt og bilder til det vi fryktar og veit kan ramma oss alle - alvorleg sjukdom, også psykisk sjukdom, rusmisbruk, død, tap, sorg og sakn.

Som eitt, stort ønske om å halda fram det vi har felles, der vi alle blir sårbare, der vi alle mister kontroll. Det er klasselause tema. Kroppspress høyrer også med der, i alle fall i NRK. Gry Blekastad Almås, tidlegare dagsrevyankar og korrespondent i London, nå programleiar i Urix, tok oss med til time hos ein plastisk kirurg. Med nærbildet av ansiktet hennar høyrer vi kirurgen føreslå å løfta augebryn og augelokk og bulldogkinn, før ho tar oss med utanfor og fortel oss korleis ho følte det. Emma Clare i serien «Innafor» oppsøkte intimkirurgien, og fortalte oss nokså fortruleg om kor inderleg nervøs ho var for å la ein kirurg kikka på underlivet hennar og vurdera om kjønnsleppene var pene nok.

Dårlege arbeidsvilkår og kvardagsleg fattigdom høyrer sjeldan med i den typen journalistikk.

Det som blir tilbake

Nei, eg meiner sjølvsagt ikkje at det er Helene Sandvig, Solveig Kloppen eller Line Jansrud sitt personlege ansvar å laga meir arbeidslivsjournalistikk i staden.

Det skulle jo også ha tatt seg ut om Helene Sandvig hadde sjekka inn hos ein familie med låg inntekt, eller blitt med ein omsorgsarbeidar på vakt. Det er jo ikkje noko vi fryktar, og heller ikkje noko vi har felles. Difor ville det også ha blitt ein raritet - eit besøk hos dei andre, ei stadfesting av at det finst eit klasseskilje. Og at journalistane ikkje tilhøyrer same klasse som arbeidsfolka på golvet.

Men at arbeidslivet vårt fungerer, at det finst ein balanse mellom sterke fagforeiningar og sterke arbeidsgivarar, at det finst respekt for arbeidsfolk, at alle stemmer talar og tel med, er heilt grunnleggjande for at landet vårt skal fungera slik vi har vent oss til at det gjer.

Respekten for enkeltmennesket, tilliten til samfunnet, og viljen til å gjera ein innsats for fellesskapet, er avhengig av dette.

I staden kan ein av og til få inntrykk av at respekt for enkeltmennesket betyr at journalisten heile tida skal identifiseringa seg med det eller dei ein står overfor - ei slags «det-kunne-vore-meg»- innstilling. Det er jo prisverdig. Men det er langt frå nok. Vi må ha fleire stemmer med. La folk snakka sjølv, også når dei ikkje står heilt på kanten av eiga toleevne eller til det heilt private. Også når vi ikkje kjenner oss igjen.

Elles risikerer vi å leggja store og viktige deler av folk og samfunn i ei varig blindsone.

Les også

På utstilling?

Les også

Himmelropande naivt

Les også

Retten til si eiga stemme

Publisert: