Skam­laus sports­kapital­isme i strid med fot­ballens sjel

GJESTEKOMMENTAR: Grådige kapitaleigarar trugar fotballens fellesskap og tradisjon. For å stanse nye kuppforsøk trengst politikk.

Manchester United-supporterar protesterte mot den amerikanske eigaren ved «United Trinity»-skulpturen (George Best, Dennis Law, Bobby Charlton) utanfor Old Trafford stadium. Utan å informere verken tilhengarane eller klubben, ville den amerikanske eigaren ha Manchester United med i den frittståande europeiske superligaen.
  • Svein Erik Tuastad
    Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

Eit nytt fotball-EM står for døra, i 11 land frå 11. juni til 11. juli. Samstundes set andre utviklingstrekk det sportslege i skuggen:

  • Først, like før jul neste år er det fotball-VM – i Qatar. På eit ekstraordinært fotballting 20. juni skal NFF ta stilling til boikott eller ikkje.
  • Dernest, den 19. april annonserte seks engelske toppklubbar saman med seks andre toppklubbar i Europa, som Barcelona og Juventus, at dei ville danne sin eigen europeiske superliga for å vere sikra endå meir av tv-inntektene i ein liga utan risiko for å måtte rykke ned.
  • For det tredje, og apropos tv-inntekter: TV2 vil frå hausten på ny auke prisen på sin fotball-pakke. Interessa er så stor at dei vil prøve å auke prisane for å sjå fotball til 899 kroner i månaden, ein auke på 80 prosent på to år.
Les også

Han brukte fotballkrigen til å bli enda mektigere

Superligaen, Qatar-VM og nesten dobling i tv-prisar vitnar om det same. For å male si eiga kake bryt kapitaleigarar, eller autoritære land med behov for omdømebygging, den uskrivne kontrakten om å tene samfunnsinteressene i fotballen.

Superligaen er eit endepunkt på ei gradvis utvikling der dei rikaste klubbane tar mindre ansvar for dei med mindre ressursar, og der Uefa og Fifa (den europeiske og globale samanslutninga av nasjonale fotballforbund) har svikta når det gjeld å halde oppe demokratiske verdiar.

Når avstanden vert stor mellom slik vi vil ha det og slik røyndomen er, treng vi demokratiets kollektive handlekraft.

Er det tid for politikk no?

Fotballen tilhøyrer vanlege folk

Klar melding fra Liverpool-suporterar. Fotball og klubben er deira, – og nei takk til den amerikanske eigaren og pengemakta sine prioriteringar.

Fotballklubbar er ikkje det same som familieparkar ein går på no og då for å få underhaldning. Klubbar er sosiale institusjonar som gir tilhøyrsle og fellesskap, og dei har ofte ei lang historie. For mange er fotballen, og det som følgjer med den, det mest innhaldsrike i livet.

Den interessante politiske utviklinga skjer no i England, paradoksalt nok i miljø som vanlegvis ikkje likar for mykje politisk regulering. Den britiske statsministeren Boris Johnson har sagt at for å stoppe utbrytar-klubbane, var han var klar til å «bombe dei med lover».

Les også

Boris Johnson truet med å slippe en «bombe» på klubbene. Slik kan superligaen bli storpolitikk igjen i fremtiden.

Vanskeleg terreng

Ny regulering må ta høgde for eksisterande konkurransereglar, arbeidsrettar og vernet av frie medium. Jonathan Wilson (The Guardian) er ein av dei fremste fotball-journalistane i Europa og forfattar av 11 bøker. Wilson er usikker på om dei mest diskuterte demokratiske verkemidla vil føre fram.

Det inkluderer den såkalla 50-pluss-1-regelen med supporterfleirtal i viktige styrer, som i Tyskland, eller eit sterkare omfordelingssystem mellom klubbane slik det var før. Storklubbanes sine ønske om å vere best både nasjonalt og internasjonalt kan gjere det vanskeleg å motverke privilegia til dei nasjonale toppklubbane, meiner Wilson.

Å innføre lønnstak i ein bransje med dels absurde lønningar er også lettare sagt enn gjort. I England vart det forsøkt innført eit lønstak for å styrke dei mindre ressurssterke klubbane i League One og League Two. Men både spelarorganisasjonane og dei klubbane som kunne rykke opp, protesterte, og ordninga vart oppheva.

Politiske inngrep

Eg spør meg likevel om ikkje Wilson her er for defensiv. Den sentrale lærdommen etter Superliga-havariet er at å undervurdere supportermakta, kan koste dyrt. Det er makt bak dei knytte supporterskjerfa.

No er det avgjerande at det politiske nivået tar stafettpinnen vidare, og utviklinga i England gir grunn til håp. Initiativ for styrkt supportermakt er reist i det britiske parlamentet. I Liverpool har styret gått med på ein ny type samarbeid med supporterorganisasjonen.

Og kanskje viktigast: Den 21. mai sette den britiske kultur- og sportsministeren Oliver Dowden ned eit utval som skal sjå på korleis fotballen kan verte styrt på ein annan måte. Supporterar og representantar for den folkelege delen av klubbane er tungt representerte. Eitt av medlemmene er tidlegare Viking-trenar Roy Hodgson.

Tida verkar moden for politiske initiativ. Bury vart i 2019 utestengd frå den engelske League One på grunn av økonomisk uføre. Då Bury hamna i krise, var det på grunn av for lite regulering heller enn for mykje, var ein gjengs analyse.

Les også

Bjarne Berntsen: Kreftene bak Superligaen vil ikke gi seg selv om de gikk på et ydmykende tap

Børs og katedral

Det kan det vere grunn til å minne om kva som skjedde for eit drygt tiår sidan då fotball-VM, landskampar og liknande berre skulle visast på betal-tv, slik at til dømes barn og ungdom i låginntektsfamiliar ville verte ekskluderte frå VM-festen med meir.

Fleire medieaktørar og kommentatorar meinte det ikkje var nokon sjanse for å regulere media annleis. Dei tok feil. EU hadde tidlegare gått inn og regulert mediebransjen slik at sentrale kulturelle hendingar skulle kunne verte tilgjengelege for alle, og ikkje berre dei betalingssterke. Folk flest fekk vere med på fotballfesten att.

Den britiske kultur- og sportsministeren Oliver Dowden sa nyleg at fotballen er del av ein nasjonal tradisjon med like mykje krav på vern som katedralane.

Han har rett. Fotball er både børs og katedral. Når eigarane berre ser børsen, må vi andre trygge katedralen.

Les også

  1. Norsk fotball bør være en motgift til grådigheten

  2. Nå kan fotballen bli forandret for alltid

  3. Hvorfor stormet United-supporterne sin egen hjemmebane? Her er syv spørsmål og svar om opptøyene

  4. «Klopp vil ikke ha plagsomme spørsmål. Men er det så lurt?»

  5. Inkompetansen var total. Nå kan prosjektet bli skutt i fille­biter

  6. Når de sløser penger, ser sjefene kun én løsning: Skaffe mer penger

Publisert:
  1. Svein Erik Tuastad
  2. Gjestekommentar
  3. Fotball
  4. Fotball-EM
  5. Idrettspolitikk

Mest lest akkurat nå

  1. Viking-tilskuer utestengt etter rasistiske rop mot Glimt-spiller

  2. Dette anlegget kan snart gi deg høyere strømpris

  3. Trafikkulykke i Sandnes

  4. 28-åring dømt til ungdomsstraff for overgrep mot barn

  5. – Fest løse gjenstander

  6. Denne uka måtte flere ut med 3000 kroner for bruk av et slikt skilt