Ein storm i vår tid – Trump i stormens auge, gjen­klang frå bysantisk tid

GJESTEKOMMENTAR: Ei ny bok om QAnon viser oss korleis fenomenet er både gamalt og nytt.

Qanon-rørsla er ei reell kraft her og no, og ikkje berre i USA. Ei ny bok av journalisten Mike Rothschild kastar lys historisk over denne konspirasjonsrørsla. Der er den såkalla Q-sjamanen Jacob Chansley, som kallar seg Jake Angeli, eim kjend figur – òg frå storminga av Capitol.
  • Øyvind Strømmen
    Øyvind Strømmen
    Forfattar og journalist
Publisert: Publisert:

Den amerikanske journalisten Mike Rothschild kom førre veke ut med ei bok om QAnon-rørsla, «The Storm is Upon Us» (Stormen er over oss).

I den samband vart han også intervjua på podkasten Conspirituality, der han fekk spørsmål om kor utdatert boka hadde nådd å verta før ho kom ut. Det er eit godt spørsmål, for fenomenet har utvikla seg raskt frå det vart fødd seint i 2017 og fram til det spela ei knappast uvesentleg rolle i storminga av Capitol i januar 2021.

Eit spinnvilt univers

Eg har tidlegare skrive om QAnon i Stavanger Aftenblad, men her er ein kort repetisjon. Dei dreier seg om eit mangfaldig konspirasjonsteoretisk miljø, der den sentrale påstanden er at ein hemmeleg insider i Trump-administrasjonen har teke i bruk nettforumet 8kun (tidlegare 8chan), og før dette 4chan, for å rapportera om Trump sin kamp mot den såkalla «djupstaten». Denne påståtte insideren vert kalla Q, og han har etterlate seg ei mengd med kryptiske meldingar, gjerne omtalt som «dropar» eller «brødsmular». Dei såkalla anons har sverma rundt desse og sydd saman eit konspirasjonsteoretisk univers.

I dette er Trump helten, og skurkane – leiande demokratar, hollywoodelite, media og så vidare – er ikkje berre skurkar, dei representerer rein, uforfalska vondskap. I dette universet vert Hillary Clinton bokstaveleg talt sett på som eit bloddrikkande monster, og den mørke konspirasjonen står bak både drap, overgrep, falske terroråtak og covid-19.

Det verkar vilt. Men dette tankegodset speler faktisk ei rolle. Dermed er Rothschild si bok neppe utdatert enno, sjølv om det har gått månadsvis sidan den påståtte Q sist posta noko.

Les også

Øyvind Strømmen: «Q-galskapen»

Gamalt hat

Rothschild peiker allereie tidleg i boka på at QAnon har djupe røter i vestleg historie. Han viser til blodskuldingar retta mot jødar fleire hundre år attende tid, skuldingar som kan likna på påstandane om at andre drikk blodet til born.

Og så legg han til at røtene kanskje går endå lenger bak, og syner til det bysantinske bokverket «Den hemmelege historie», skrive på 500-talet. Der vert det hinta om at keisar Justinian den store var påverka av demoniske krefter, og der det – ifølgje Rothschild – vert fremma «nokre mistenkeleg Q-liknande påstandar om keisarinne Theodora sine seksuelle eskapadar».

Å kopla QAnon saman med skuldingane mot Theodora er kanskje å ta litt hardt i, men poenget står seg: QAnon-universet er knappast originalt, men snarare sydd saman av eit rikhaldig utval «konspirasjonsteoriar, gamalt hat, valutasvindlar, moralske panikkar og rykte i sosiale medium». Det startar verken med nettet, med memer eller med chan-kultur, men heng blant anna saman med antisemittiske førestillingar, i Q-universet gjerne knytt opp mot den amerikansk-ungarske bankmannen George Soros, og opp mot bankfamilien Rothschild (som Mike Rothschild understrekar at han ikkje er slekt med).

Når ein skal forstå konspirasjonsteoriar som fenomen, er det nyttig å sjå korleis dei sjeldan er teoriar, men snarare er skuldingar, – og at desse er prega av etablerte fiendebilete. Det hjelper «The Storm is Upon Us» med.

Ei historie om vår tid

Samstundes er Rothschild si bok også nyttig nettopp fordi ho går gjennom historia til QAnon som fenomen, frå den spede starten i 2017. Kanskje kan ein seia at det starta med nokre lett underlege kommentarar frå president Trump om at det var stille før stormen. Men eigentleg starta det med ein anonym påstand på eit anonymt nettforum om at Hillary Clinton ville bli arrestert på ein bestemt dag.

Det var ein påstand som ikkje ville bestått særleg mange kjeldekritiske spørsmål. Det var rein dikting. Men det spela ikkje noko rolle for framveksten av QAnon som fenomen.

I dag mistenker mange at 8chan-administratoren Ron Watkins står bak Q, kanskje ikkje dei fyrste postane (som var på 4chan), men i det minste etter kvart. HBO-dokumentarserien «Into the Storm» har ikkje minst bidrege til det. Kanskje er det rett. Rothschild zoomar i større grad ut og viser oss den sosiale rørsla QAnon. QAnon vart fødd på 4chan, men vann fram på Reddit, og så på Facebook og Instagram.

Og med koronapandemien vann konspirasjonsteoriane frå QAnon-universet også eit nytt publikum. Det gjeld jamvel her til lands.

Demonstrasjon mot maskepåbod i Montreal i Canada, med QAnon-tilhengarar på plass. Det er overtydde om at heile koronapandemien er eit påfunn frå elitane.
Les også

Øyvind Strømmen: «Ytre høgre lurer i skuggen av koronaen»

Vegen vidare

«Etter for det meste å ha oversett eller gjort narr av Q i tre år, overkorrigerte media seg sjølv i etterkant av [det amerikanske president-] valet», skriv Rothschild.

Ikkje så rart, kan henda: Dei ganske ikoniske bileta av den såkalla Q-sjamanen inne i Capitol bidrog nok til det.

Men kor går vegen vidare? QAnon kan snart høyra fortida til, og Rothschild si bok kan bli utdatert. Tilsynelatande. Men det større konspirasjonsteoretiske miljøet vil ikkje forsvinna. Difor er «The Storm is Upon Us» ei nyttig bok, og difor trengst det også fleire bøker som utforskar Q-fenomenet.

Diverre er det å forstå konspirasjonsteoriar naudsynt for å forstå også vår tid.

Publisert:
  1. Gjestekommentar
  2. Øyvind Strømmen
  3. Konspirasjonsteorier
  4. Donald Trump
  5. Qanon

Mest lest akkurat nå

  1. Gjenåpningen ble feiret skikkelig i Stavanger lørdag. Ikke minst i Farge­gata

  2. Tusenvis feiret gjen­åpningen på Torget: – Velkommen tilbake, Stavanger

  3. De mener bildet er verdt millioner, og har kjempet i flere år for å få det slått fast. Til nå har de bare møtt mot­stand

  4. MC-fører tatt i 160 km/t i 60-sone

  5. De trives i høyden, både Signe og Regine. Men slik har det ikke alltid vært

  6. I over 30 år har Egil Tveit jobbet nattevakt på Shell-en i Løkkeveien. Nå rives stasjonen – uten at det stopper Egil