Skulen ingen vil inn i

KOMMENTAR: 1 av 16 søkjer lærarutdanning i år. 15 av 16 vil ikkje tilbake til den skulen dei sjølv har gått i. Det er alvorleg.

Studentane snur ryggen til skulen. Det er kanskje eit signal?
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Ei jente på 13 kan bli vurdert med karakter rundt 44 gonger i løpet av eit skuleår. I form av prøvar, presentasjonar, praktiske framføringar, video, eller fagsamtale. Og det er berre av sine eigne lærarar. I tillegg kjem sånt som nasjonale prøvar, kartleggingsprøvar og prøvar kommunen måtte meina er nødvendige.

Det finst graderingar på kor god du er til å baka bollar, der blank overflate og eventuelle sprekker tel med. Det finst prøvar med kryss-av-rett-svar i tolking av ein fars følelsar i ein litterær tekst.

For førsteklassingane ventar ein kartleggingsprøve frå staten på dei den aller, aller første våren. Du må kunna lesa og skriva og rekna for å klara å gjennomføra den. Sjølv om tanken bak prøven er å finna dei som treng ekstra hjelp. Den er eigentleg frivillig, den prøven – skulen eller kommunen kan velja. Men den obligatoriske ventar i tredje klasse. Kanskje best å øva seg opp alt før du fyller sju.

Timetalet har auka med to år. Eitt av dei for seksåringane, det andre i fleire timar. Nesten alle dei timane har blitt lagt på dei yngste elevane, i norsk og matematikk. Norge er også eitt av landa i Norden som medisinerer flest barn. Frå 2004 til 2017 dobla talet på barn som blei medisinerte for ADHD seg. Vi snakkar om dei mellom 4 og 9 år.

Det andre

Alt det andre, som å syngja saman, vera ute, leika, løfta fram den eleven og det barnet som gjer ting på ein annan måte, som ikkje passar inn, som ikkje har fasitsvaret i diktanalysen, men kanskje av og til ein tanke som går utanom kryss-av-boksane. Eller støtta den som ikkje når målet akkurat nå, som treng tid, men har fått til så veldig mykje, likevel. Byggja tillit. Alt dette. Det har blitt skvisa. I årevis.

Men 15-åringane våre gjer det ikkje betre på dei internasjonale Pisa-testane enn dei gjorde før alt dette begynte. Dei gjer det likt. Det har ikkje endra seg, verken med alle desse timane, eller prøvane, eller åra, eller kontrollen av både lærarar og elevar.

Likevel lempar ikkje politikarane på det.

Sjølv om fleire og fleire elevar mistrivst. Fleire og fleire blir stressa av skulepress og testing og karakterjag. Særleg blant jentene, der er det det store fleirtalet, og særleg i 10. klasse og i tredje vidaregåande. Av alt vi kan tenkja oss kan stressa dei, er det skulepresset som stressar dei mest. Vi har lest om det i årevis.

Ufrivillig skulefråvær – også kalla skulevegring – har blitt eit stort, stort problem. Åtferdsproblema aukar, truslar og vald i skulen og mot lærarar aukar, samtidig som elevens rettar står sterkare.

Dei har jo ropt

Lærarane har etterlyst verktøy, ikkje berre for sitt eige arbeidsmiljø, men for dei andre elevane sine. For å gi alle i klasseromet eit trygt miljø. Skapa eit fellesskap. Det fellesskapet er ikkje bygd av noko anna enn menneska i rommet.

Dei har ropt om meir tid, meir tid til eleven, meir tid til å undervisa, meir tid til å byggja tillit.

Dei har tapt og tapt i lønnskampane. Streiken i fjor varte i det uendelege, blei stoppa av regjeringa – og fisla ut i ingenting. Høgre gjorde lærarutdanninga femårig i 2017, like lang tid som det tar å bli sivilingeniør. Men lønna følgde på ingen måte med.

Og er det heilt, heilt sikkert at det ein treng for bli ein god lærar, er eit siste år der ein skriv masteroppgåve? I staden for å vera i praksis?

Gapet

Alt dette minner om ropa frå golvet i helsevesenet. Der gapet mellom oppgåvene som skal gjerast og tida til å gjera dei, er så stort at det går utover pasientane. Der alt som er av trykk endar opp hos dei som står pasienten nærmast. Der ein likevel, sjølv når ein meiner å villa løysa det, tilfører endå fleire oppgåver, og endå høgare frustrasjon hos dei som kjenner dei ikkje får gjort det viktigaste av det viktige.

Men søkjartala stuper heldigvis ikkje like mykje i helsefaga. Kanskje er det lettare å halda fast på draumen om kva du kan utretta som sjukepleiar enn som lærar? For den som skal velja seg yrke? Skulen har dei alle kjent på kroppen i årevis. Dei har gått i den. Det er kanskje ikkje draumar igjen.

I alle fall ikkje viss draumane skulle vera å hjelpa små menneske på vegen fram mot vaksne, heile menneske. Som kan lesa og skriva og rekna, utan å bli knuste på vegen. Utan å sitja utrygge i eit klasserom der nokre elevar får utagera og dei andre må krympa.

Suget

De må slutta med det som ikkje funkar, alle de som er politikarar. Legg vekk ideologien! Legg vekk fastgrodde tankemønster! Trua på kontrollen, dokumentasjonen, vurderingar så intenst mange at dei forstyrrar tillitsforholdet mellom lærar og elev. Trua på at det viktigaste er å visa politisk handlekraft.

Alt det der tar krafta frå både lærarar og elevar. Vi kan ikkje ha det sånn. Vi kan ikkje mista alt som ikkje synst igjen på eit papir, alt som tar tid og byggjer tillit og gode opplevingar.

Løft læraryrket. Løft lønna. Løft vekk oppgåvene som får ein politikar eller forskar eller byråkrat til å kjenna seg vel, og ein lærar til å kjenna seg nedtynga.

Vi kan ikkje mista gode lærarspirer til andre yrke. Og vi kan ikkje mista barn som heile menneske.

De kan jo begynna med lønna. Det er tid for det nå.

Publisert: