NRK, Rema 1000 og Sophie Elise
KOMMENTAR: Rema 1000 frys samarbeidet med influensaren Sophie Elise. Det gjer ikkje NRK. For NRK er jo ikkje akkurat Rema. Eller?
- Solveig G. SandelsonKommentator
- Denne kommentarartikkelen vart skriven før NRK og Sophie Elise Isachsen braut samarbeidet om podkasten «Sophie og Fetisha».

Ja vel. Det var sikkert ikkje meininga at den der vesle plastposen med kvitt pulver skulle koma med på det bildet. Eller på det utsnittet av det bildet. Altså det influensaren Sophie Elise la ut på instagramkontoen sin i helga, den kontoen som har 580.000 følgjarar. Der ho poserer saman med ei venninne, som også er influensar, og har 71.700 følgjarar på Instagram.
I handa, akkurat med i det eine hjørnet av bildet, held venninna ein pose med eit kvitt pulver i. Det kan fort sjå ut som kokain, eller det kan vera litt vanleg melis. Ein veit jo aldri når ein kan få bruk for litt melis. «Livet blir ca. en milliard ganger morsommere når man bare gir faen», slår teksten til bildet i alle fall fast.
Det låg visst berre ute nokre få minutt på kontoen hennar, det bildet, før det blei sletta. Men lenge nok til at influensaranes moralske vaktbikkje, Mads Hansen, fekk det med seg og fekk tatt ein skjermdump. Dermed tok det av. Moralske Mads har 512.000 følgjarar på Instagram, og er blant anna profilert programleiar for VGTV. Veldig mange folk får med seg kva som skjer på kontoen hans også.
Til samanlikning har instagramkontoen til prinsesse Märtha Louise fattige 215.000 følgjarar, mens sjaman Durek sin har 260.000. Kor mange av alle desse hundretusenvis av følgjarane som er dei same folka rundt forbi, det veit eg ikkje.
NRK
Torsdag har NRK mottatt over 2400 klagar. For Sophie Elise har sidan i fjor haust laga podkast for NRK, saman med Fetisha Williams (med beskjedne 38.000 følgjarar på Insta). NRK ville trekkja fleire unge jenter til seg, og gav difor dei to oppdraget med å starta podkast. Podden deira ligg som nummer ti over dei mest populære i Norge, og som nummer seks av dei mest populære blant NRK sine. «Hele historien», som toppar lista, er lytta til på 207.000 unike einingar, Sophie og Fetisha (for podden heiter sjølvsagt det) har 63.000.
Podden blei lansert i september i fjor, og som alltid når NRK skal lansera noko, toppa dei det med eit intervju hos Anne Lindmo på fredagskvelden. Og hos Lindmo må du ha ei historie å fortelja. Gjerne svært personleg, gjerne ein kamp, og helst ein kamp du har vunne og er ferdig med. Sophie Elise fortalde om sin kamp mot rusen – mot pillemisbruket. Om det lågaste punktet – innlagt til avrusing, på rehabiliteringsklinikk. Den historia fortalde ho også i den aller første episoden av podden same veka.
Det er ein teknikk som jo ikkje skil seg så veldig frå slik dei fleste av oss i media gjer det. Vi fortel historier. For å engasjera, for å få opp kjenslene rundt ei sak eller eit tema. Eller for at du skal kjenna deg igjen, kjenna at dette er viktig, for deg også. Eller for å trekkja ein flik til sides, og visa det veldig menneskelege ved eit veldig kjent menneske.
Influensarane
Borte hos influensarane er dei, i tillegg til alt dette, privatpraktiserande reklamebyrå. Dei driv for seg sjølv, og dei bruker seg sjølv. Heile tida. Kropp og privatliv, meir eller mindre velregisserte bilde og historier, frå både oppturar og nedturar. Delinga har blitt sjølve kontrakten med følgjarane, og den kan vera ganske brutal: Du deler – følgjarane gir likes, støtte, oppmuntring, eller kjem med reine karakterdrap på deg og ditt. Om brysta er for store, for små, for slappe, for rare, om rumpa burde ha implantat eller ikkje implantat, om det er eit problem med høgt hårfeste bak øyra. Om psykiske problem, om vanskar med sjølvbilde, om å akseptera sine eigne kjønnslepper som dei er, eller ikkje.
Sophie Elise tente i 2021 over sju millionar kroner. Ho er ein kommersiell suksess, og ho har i stor grad bygd den opp sjølv.
Rema 1000
Neste veke, melder TV 2, skulle Rema 1000 ha lansert nytt godteri. Snop. Sophie Elise sitt. Under namnet «Candygirl by Sophie Elise».
Etter det med plastposen og alt oppstyret det førte med seg, frys Rema den lanseringa. Internt har dei gitt beskjed om at alt sal av denne merkevara er sperra.
Det er ikkje så vanskeleg å forstå. Sophie Elise er eit levande reklamebyrå, alt ho iscenesett eller publiserer om seg og sitt liv, er ein del av den kommersielle merkevara Sophie Elise. Trør ho feil, kan annonsørar og samarbeidspartnarar trekkja seg, og slik ta avstand frå det dei ikkje ser seg tent med å stå nært.
NRKs dilemma
Men NRK? Dei har snakka med Sophie Elise, og fortset samarbeidet.
NRK betaler vi jo alle for, via skatten vår. For at dei skal sikra at også innhald som ikkje kan overleva kommersielt, blir publisert. Dei er jo ingen kommersiell aktør, dei kan vel ikkje gjera det like enkelt for seg sjølv som Rema?
Dei gjorde jo det. Dei betalte for å knyta merkevara Sophie Elise til seg, og brukte delar av privatlivet hennar – rusavvenninga – i sjølve lanseringa av produktet: podkasten. Som dei håpa skulle trekkja fleire unge jenter til seg. Omtrent slik Rema ville selja meir snop.
Kommentator Solveig G. Sandelson
- KOMMENTAR
Høgre synest fastlåste i eit gammalt mønster som ikkje tener nokon
- KOMMENTAR
Alternativet? At vi mister dei gode folka
- KOMMENTAR
«Sjukehuset trudde dei ville gå bitte litt i pluss i februar. Kor kom den tanken frå?»
- KOMMENTAR
På SV sitt landsmøte diskuterer dei alt. Dei kan snakka eit demokrati i senk
- KOMMENTAR
- Du risikerer å døy ung, viss du får dårlege karakterar på ungdomsskulen. Hæ?
- KOMMENTAR
All næring dette barnet har trengt, kan det ha fått frå mor. Ikkje far