Høgres tru på seg sjølv
KOMMENTAR: Å møta seg sjølv i døra utan å blunka, er ein slags kunst. Høgre er gode på det.
- Solveig G. SandelsonDebattredaktør

Høgre har hatt landsmøte i helga, og Høgre vil sleppa kommunane fri. La dei bestemma sjølv. Driva barnehagar, skular og eldreomsorg som dei vil, utan innblanding frå staten. Dei vil la seg inspirera av Danmark, som har gjort nettopp dette. Det er ganske sprekt. Av fleire grunnar.
Om igjen
Kommunefrisleppet betyr at dei enno ønskjer seg færre og sterkare kommunar, og at dei vil leggja ned fylkeskommunane. Som dei jo nettopp har fått til å slå seg saman og bli større. Sure, samanslåtte fylke driv nå og deler seg igjen. Til saman både ganske dyrt, og ganske surt.
Nei, Solberg-regjeringa sin kommunereform og regionsreform kom ikkje særleg vakre og vellykka ut på andre sida, akkurat. Den første har vore sånn halvvegs, den andre mindre enn det. Difor er det friskt å ta opp igjen tråden. Prøva igjen, stikka ein tur rundt huset, finna ein annan inngang. Så slepp ein å møta seg sjølv i døra, i alle fall ikkje ansikt til ansikt.
På tur
Så før landsmøtet, der dette skulle diskuterast, inviterte Solberg med seg VG til ein barnehage i Lier for å visa kva som ville fungert betre dersom Høgre får setja kommunane fri. Slik det er nå, kan ikkje barnehagane sjølv bestemma kor mange barn dei meiner dei kan ha, nei, dei må styra etter kor mange barn staten har bestemt det kan vera per vaksen og per barnehagelærar. Tre av dei minste barna per vaksen, seks av dei største. I skulen har staten plassert lærarnorma. Der har dei bestemt at ein lærar ikkje kan ha ansvar for meir enn femten barn i ein klasse på dei yngste trinna, tjue på dei eldste. Det, seier ordførar Gunn Cecilie Ringdal (H) i Lier, gjer at kommunen ikkje kan setja inn flest lærarar på dei skulane som treng det mest. Ringdal har leia Høgres arbeid med kommunefrisleppet.
Det rare, og grunnen til at det er nødvendig for Høgre å ta seg ein frisk tur rundt huset, ein avstikkar til Danmark og ein tur til Lier, er at det er dei som har vore staten. Det er Solberg-regjeringa. Det var dei som innførte både lærarnorm og barnehagenorm. For tre-fire-fem år sidan. Særleg den siste blei det bråk av. Den blei innført utan at det kom ekstra pengar. Høgre meinte kommunane hadde pengar nok. Det var det mange kommunar som ikkje meinte. Dei hylte høgt. KS, kommune-Norge sin organisasjon, kalla det ein skandale, ei detaljstyring utan finansiering som ville gi kommunane mindre handlingsrom.
Poenget
I fjor ville Henrik Asheim, som denne helga blir valt til ny nestleiar i Høgre, at skulane skulle prøva nivådeling igjen. Altså kunna dela elevane inn i grupper etter nivå i dei ulike faga, og særleg i fag det er viktig å prestera godt i. I Høgre betyr det matte, engelsk og norsk. Sånt har vore forsøkt før, men det er ikkje poenget her.
Poenget er at Høgre i praksis, altså i regjering dei siste åtte åra, ikkje har vore så veldig gode til å halda fingrane av fatet og la kommunane styra sjølv. I barnehagar og skular og slikt. Og i eldreomsorga, der dei også har prøvd seg med ei statleg hand. Den var det Frp som fekk gjennom, det med lærarnorm og barnehagenorm var noko KrF ville ha sitt stempel på, Venstre fekk regionreforma. Alt for at Solberg-regjeringa kunne fortsetja å regjera. Og om dei akkurat nå er det største partiet i Norge på meiningsmålingane, vil dei nok måtta ha med seg eit parti eller to til, også neste gong.
Kommunalminister Bjørn Arild Gram (Sp) meiner Solberg og Høgre har sove seg gjennom dei åtte åra i regjering. Det har dei vel eigentleg ikkje, dei har tvert imot vore ganske ivrige etter å få bestemma sjølv, som staten, langt inn i kvart klasserom, på kvar skule, og i kvar kommune.
Motet
Det er jo den øvinga som blir litt vanskeleg: Korleis selja inn at du kjem som ein slags frigjerande engel til kommunane, når det er for å sleppa dei fri frå grepa du sjølv innførte?
Du tar ein tur ut. Til Danmark. Og kjem friskt inn igjen frå ei anna dør.
Høgre har sjølvtillit til å gjera det utan å blunka. Og til sjølv å trekkja på smilebandet når du minner dei om slikt. Eller spør dei kor lett det blir å få folk til å tru på den setninga dei også har med oppi alt dette, om at Høgre skal bidra til at det blir like attraktivt å bu i bygda som i byen. Dei skal få slita litt med den, trur eg, sjølv om Trygve Slagsvold Vedum har blitt finansminister og slutta å le.
Sånt bekymrar ikkje Høgre. Det er på ’an igjen. Det er politisk verkstad, diskusjonar, flytting av argument, meter for meter. I opent lende. Dei treng berre å få det fram endå betre, fram mot neste val, kvifor deira løysingar faktisk er best. Sjølv om dei ikkje alltid har tatt nettopp det til følgje mens dei hadde makt til å gjera det.
Les også
Kommentator Solveig G. Sandelson
- KOMMENTAR
På SV sitt landsmøte diskuterer dei alt. Dei kan snakka eit demokrati i senk
- KOMMENTAR
- Du risikerer å døy ung, viss du får dårlege karakterar på ungdomsskulen. Hæ?
- KOMMENTAR
All næring dette barnet har trengt, kan det ha fått frå mor. Ikkje far
- KOMMENTAR
Rema 1000 frys samarbeidet med Sophie Elise. Det gjer ikkje NRK. For NRK er jo ikkje akkurat Rema. Eller?
- KOMMENTAR
Jo, vi må snakka om det
- KOMMENTAR
Tillit nok til dei som styrer, frå dei som står ved pasienten? Det blir vanskeleg