Læring for livet og arbeidslivet

GJESTEKOMMENTAR: I arbeidet med å heve kvaliteten i utdanningane våre ved UiS ser me stadig nye former for samarbeid og samhandling.

UiS-campusen har vakna til liv att etter den verste koronaen – til eit tilvære i stadig endring, i eit samfunn i stadig endring.
  • Klaus Mohn
    Klaus Mohn
    Rektor og professor, Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

Ei av dei viktigaste årsakene til at eg står opp og går på jobb kvar dag, er det heldige høvet eg har til å arbeide med dei unge og håpefulle blant oss. Og no krelar det av dei på campus, etter at pandemien nok ein gong har sleppt taket. Igjen er det skvaldring i kantinene, summing på bibliotek og lesesalar – og stundvis tilløp til skrål i uteområda. Universitetet har skifta ham frå spøkelsesby til student­maur­tue.

Tenk å kunne by kunnskap til dei som står nyfikne ved grinda til vaksenlivet. Meir eller mindre medvitne stakar dei no ut kursen for reisa gjennom eigne liv, og for mange startar mykje med høgare utdanning.

Universitetsutdanning handlar sjølvsagt om å ruste unge menneske for eit utkomme i arbeidsmarknaden. Men det handlar òg om meir enn sysselsetting. For livet er trass alt så mykje større enn arbeidslivet. Oppdraget vårt handlar dermed om danning, ikkje berre utdanning.

Mange fleire studentar enn før

Samstundes ser me at krava til arbeidsrelevans er på veg oppover. Tendensen er kopla til tunge trendar i utdanningsbiletet. På tre tiår år har talet på studentar gått frå 130.000 til over 300.000. I 1990 valde om lag 20 prosent av 19-åringane høgare utdanning, i dag nærmare 40 prosent.

Slike tal reiser viktige spørsmål for forskarane våre, og som alle me andre gjerne kan grunne på og diskutere. Til dømes kan ein lure på om betre tilgang til høgare utdanning gjort at ulikskap ikkje lenger blir reprodusert? Ikkje heilt, er eit førebels svar frå Kunnskapssenteret for utdanning ved UiS. Sosial bakgrunn har framleis noko å seie for graden av suksess i høgare utdanning.

For oss som universitet har den langsame studenteksplosjonen uansett implikasjonar me ikkje kan sjå bort frå. Høgare utdanning er ikkje lenger for dei få. Utdanningar som tidlegare var tilpassa eit lite utval, passar ikkje utan vidare for større masser. Det er grenser for kor mykje arbeidslivet kan svelge unna av sprenglærde intellektuelle og reinskorne teoretikarar. Spesielt gjeld dette i ei tid der endringar skjer raskt og krava er høge – til relevans, nytte, verdiskaping og omstilling.

Som ei driv­kraft for kunnskaps­utvikling og omstilling må studentar og til­sette ved UiS vere i kontinuerleg sam­spel med sam­funnet rundt.

Universitet, ikkje yrkesskule

Samstundes er det viktig å ikkje la seg rive fullstendig med. Universiteta må halde på sin eigenart. Me skal tilby oppøving i kritisk refleksjon over det studentane ser og høyrer. Me skal stimulere dei til å grunne, ikkje berre over det dei lærer, men òg over eigne tankesett og åtferd. Berre slik kan ein løfte verksemda vår frå utdanning til danning, frå kunnskap til erkjenning, frå opplæring for arbeidslivet til læring for livet.

Strategien for UiS mot 2030 reflekterer denne avveginga på eit godt vis. Med «Læring for livet» som ei av tre faglege temasatsingar, er målet vårt å vere banebrytande på utdanningsfeltet. Det skal me legge til rette for gjennom utforsking og etablering av nye måtar å samhandle på, nasjonalt og internasjonalt. Me skal førebu menneske til eit samfunn i stadig endring og tilby relevant utdanning for alle fasar av livet, noko som omfattar kunnskap om danning, demokrati og kultur- og historieforståing.

Årvaken for omverda

Arbeidslivsrelevans er også tett kopla til målet vårt om å legge til rette for eit opent universitet. På våre kantar har me lang tradisjon for tett kontakt med omverda. Ved UiS vil me gjerne vere ei drivkraft for kunnskapsutvikling og omstilling, og då må studentar og tilsette ved UiS vere i kontinuerleg samspel med samfunnet rundt. Dette skal likevel ikkje vere til hinder for ubundne søk etter ny kunnskap. I tida som kjem skal me legge til rette for endå fleire levande møteplassar for kritisk refleksjon, kunnskapsdeling og danning.

Nettverk og samarbeid med omverda fell naturleg for mange forskingsmiljø. Ved UiS skal me vere opne og utforskande, nysgjerrige og nyskapande. I eit høveleg ordskifte skal me ha mot til å vere usamde, og våge å sette grenser. I motsett fall vil integriteten vår kome under press, me risikerer å tape tillit og truverd, og i ytste konsekvens kan den akademiske fridommen stå på spel.

For studentane er det nokså opplagt at relevant praksis og nærleik til arbeidslivet kan vere attraktivt og verdifullt. Likevel må ein sikre at samarbeidet med arbeids- og næringslivet gir gevinstar for studentane sitt utbyte av sjølve utdanninga. For medan samhandling med arbeidslivet er eit verkemiddel, er det overordna målet å legge til rette for stadig betre kvalitet i utdanninga.

Utdanning og danning til reisa

Ved UiS er det spesielt viktig at me byd studentane det dei ikkje kan få andre stadar. Sjølvsagt gjeld dette teoretiske fundament, som ikkje så lett let seg opparbeide i arbeidslivet. Men vel så viktig er det å forsyne studentane med eit grunnlag for kritisk tenking, kjelder til refleksjon, og evner til å gjere gode val for seg sjølv og andre gjennom eit langt liv.

Samarbeid med arbeidslivet har ved UiS lang tradisjon i utdanninga av lærarar, helsepersonell og musikarar. No er liknande verkemiddel på veg inn i andre fakultet og fagområde, med aukande arbeidslivskontakt blant anna i utdanninga av samfunnsvitarar, økonomar og kandidatar til sosialt arbeid. I arbeidet med å heve kvaliteten i utdanningane våre ser me stadig nye former for samarbeid og samhandling.

Slik tek me vare på dei viktigaste av universitetet sine perspektiv og tankesett, samstundes som me førebur studentane for livet – og for arbeidslivet.

Følg på Twitter: @mohnitor

Les også

  1. Må fryse russisk samarbeid: – Beklagelig, men ikke til å unngå i den situasjonen vi står i

  2. UiS forbereder seg på å ta imot flyktninger

Publisert:
  1. Gjestekommentar
  2. Klaus Mohn
  3. Universitetet i Stavanger (UiS)
  4. Høyere utdanning
  5. Arbeidsliv

Mest lest akkurat nå

  1. Tok avskjed med Tor Martin (19) fra Hommersåk: – En gledesspreder

  2. Alle nye sykehjem skal ha eget kjøkken

  3. Trafikkuhell ved Kvadrat

  4. Mistet førerkortet etter farlig forbikjøring

  5. Ingve Bøe slakter tv-ekspert etter Tripic-episoden

  6. Enighet mellom byggherre og utbygger om Sola Arena - Folkehallene punger ut med 49 millioner kroner