Ja, eg veit det singlar i glashus nå. Men likevel

KOMMENTAR: Både NRK og TV2 må gå kraftig i seg sjølv etter valet. Valkampdekninga deira har for lengst gått ut på dato.

Publisert: Publisert:

Ingunn Solheim har ledet NRKs valgdebatter sammen med Jarle Håkon Roheim. Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

  1. Leserne mener

I USA sit galne Donald Trump med makta. I Europa raknar EU i saumane. Orkanane blir villare og verre, det same gjer oljepengebruken i Norge. Flyktningstraumen inn mot Europa har ikkje vore større sidan andre verdskrig, og Russlands Putin minner oss med jamne mellomrom om kor kaldt og usikkert forholdet til vår store nabo i nordaust kan vera. Uavhengig av kvar ein står politisk kan ein kjenna ein streng av alvor dirra gjennom tida.
Snart er det stortingsval i Norge. Men verken TV2 eller NRK har brydd seg med å løfta alvoret inn i valkampdekninga si.

I staden inviterer dei til kaklekor og munnhoggeri, der ingen tema når lenger enn til slagord og frekke replikkar.

Ja, eg veit det singlar i glashus nå. Vi kunne heilt sikkert vore betre i Aftenbladet også. Men likevel

Singlar i glashus

Ja, eg veit det singlar i glashus nå. Vi kunne heilt sikkert vore betre i Aftenbladet også. Men likevel.

Torsdag denne veka sende Legar utan Grenser eit opprop til alle EUs leiarar, pluss Norge og Sveits, der dei innstendig ber at ein gjer noko med situasjonen i Libya. For der ein først inngjekk kontrakt med den ikkje heilt siviliserte president Erdogan i Tyrkia om å halda flyktningane tilbake frå Europa mot betaling, har ein nå bedt tvilsame militsar om hjelp for å hindra flyktningar i å leggja ut i båtar frå Libya.

Legar utan Grenser melder om folk som vert haldne fanga i mørke rom, så tronge at dei må liggja i haugar. Om menn som blir tvungne til å springa nakne i luftegarden til dei segnar om, om kvinner som blir haldne fanga og valdtekne, før dei blir tvinga til å ringa heim og be om løysepengar. Dei skildrar lovlause tilstandar, tortur, fangenskap og menneskehandel. Og heilt uavhengig av korleis ein meiner flyktningkrisa bør handterast - er dette verkeleg det beste siviliserte land klarer koma opp med?

I Dagbladet fortvilar informatikkforskar Torstein Harildstad over norske politikarars manglande vilje eller evne til å modernisera ein tungrodd og stadig veksande offentleg sektor. Der vi på nittitalet trong ti tilsette for å løysa offentlege oppgåver, treng vi nå ein til to, meiner han dersom vi tar teknologi og digitalisering i bruk på skikkeleg vis. Og gjer vi ikkje det, kjem den til å treffa oss som ein boomerang i bakhovudet.

LES OGSÅ:

Les også

KOMMENTAR: De som nå godter seg over problemene til Arbeiderpartiet, bør tenke seg om én gang til

Tusenvis av veljarar

Det er snakk om tusenvis av arbeidsplassar og veljarar. Og det er snakk om frykteleg mange offentlege kroner som kunne vore spart eller brukt andre stader. For Norge går i minus. Det syns bare ikkje, sidan regjeringar både til høgre og venstre strekkjer ut handa og tafsar til seg frå Oljefondet når pengane vi eigentleg tener, kjem til kort.

I Dagbladet varslar også overlege Stein Førde og professor Trond H. Diseth at undervisningsmetodane i norsk skule gir mange barn tunge belastningar, både fysisk og psykisk. Dei jobbar med sjukehusinnlagte barn med samansette fysiske og psykiske plager, og er bekymra for korleis testkulturen og den omfattande sjølvevalueringa i norsk skule skadar barns helse. Fysisk og psykisk, på kort og lang sikt.

Det kunne vore interessant og fått fram tankerekkene frå ulike perspektiv.

I Aftenposten skriv politisk redaktør Trine Eilertsen om den økonomiske risikoen både staten og aktørane tar, ved fortsatt omfattande oljeutvinning.

Den går rett og slett ut på at dersom nå utvikling, tilgang og pris på fornybar energi tar heilt av, kan oljeprisen søkkja som ein stein. Og vi sit igjen med store ressursar, både råvarer, teknologi og kompetanse vi ikkje kan omsetja.
Det kunne vore viktig å høyra mykje om dette. Det kunne vore interessant og fått fram tankerekkene frå ulike perspektiv. For så å få fram forskjellane i måten dei ulike partia vil løysa dette på. For i den digitale verda vi lever i er det ikkje det kjappe og fragmenterte moderne mediehus treng dyrka. Det får vi overalt.

Men nei

Vi lever i eit privilegert land. Det er ikkje dommedag. Aps forteljing om kor frykteleg galt det har gått under dei blåblå, kjenner få seg igjen i.

Men eg trur dei fleste av oss kjenner at vi lever i ei tid der ein må ta store val på høgaste politiske nivå. Om det er dei tradisjonelle arbeidsplassane i bygda ein er redd for, om det er klimaendringane, om ein kjenner at eigen kultur og levesett er truga, om ein ser unge slita og mista livsmotet lenge før dei er ferdige med skulen, eller om ein ikkje lenger trur at alle ville velja seg demokratiet som styremåte viss dei bare kunne.

Les også

Valgforsker: Lofoten er mindre «hot» nå

Les også

Det er grunn til å takke politikerne

Utdatert TV-debatt

Likevel driv NRK og TV2 med sitt. Som er ei for lengst utdatert og temmeleg ubrukeleg debattform. Der ein anten er for eller i mot, og dette alltid blir likt vekta. Der ei kvar innvending er relevant, og ein kvar detalj eller replikk som kan svekka den andre sitt resonnement, er eit teikn på at ein driv framoverlent og fordomsfri folkeopplysning.

Det gjer ein verkeleg ikkje. Ingen store tema blir opplysande debattert på dette viset. Heller ikkje politiske tema.

Det gjeld forsvaret og utanrikspolitikken. Det gjeld klima. Det gjeld den offentlege pengebruken. Det gjeld kva vi skal leva av, og korleis vi skal leva. Det gjeld dei store folkevandringane, og det gjeld skulen som utdanning og danning for barna våre.

Det går ikkje mange dagane mellom kvar gong alvoret dirrar under føtene våre. At dei store tv-kanalane ikkje klarer løfta det fram og inn i valkampen er ikkje bare trist. Det er nitrist.

Publisert: