Nær mange nok?

KOMMENTAR: Nær folk, nær kvardagen, over heile landet. Der vil Senterpartiet vera. Resten treng dei i grunnen ikkje snakka om, akkurat nå. Det blir for fjernt.

«At Trygve Slagsvold Vedum ikkje er meir konkret i vanskelege saker, er hans og Senterpartiets sterkaste og svakaste kort.» Foto: Torstein Bøe

  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Trygve Slagsvold Vedum begynner talen til Senterpartiets landsmøte heime hos seg sjølv. Ved kjøkkenbordet, på garden i Hedmark, utan manus. Far er også med, der ved kjøkkenbordet. Dei menneskelege møta, det livet handlar om, kan ikkje sentraliserast og digitaliserast bort, seier Vedum. For underforstått er det det stordrifta til Solbergregjeringa betyr.

Nær folk

«Store system gjer fort menneska små», fortset han, mens han flyttar seg ut på eige jorde.. «Og alle passar ikkje inn i eit skjema.» Han snakkar om han som fekk arbeidstrening på garden til Vedum sine, fekk nokon som såg han, motiverte, vekte han om morgonen. Hjelpte han til å bli arbeidskar. Han fortel kor viktig det er at han sjølv, som stortingspolitikar, også heng med i praktisk arbeid. For ingen byråkratireglar må bomma på den praktiske kvardagen til folk.

Nær folk, nær kvardagen, over heile landet, trygt og godt. Det står Senterpartiet for, i Vedums tale. Men mest nær folk.

Difor skal Senterpartiet driva praktisk miljøpolitikk. Ta vare på det biologiske mangfaldet, ved å lytta til dei som lever i og av det, også når det gjeld rovdyr - altså ulv.

Klimautslippa skal ned, men vi må ikkje gløyma folka. Det er ikkje dei som bur yttarst, eller har dårlegast råd, som skal ta rekninga. Omstillinga må fellesskapet ta, og omstillinga må koma gradvis. Dei som ikkje har råd til å bytta bil, skal ikkje straffast for det. Olje og gassutvinninga vil gå ned, blir det sagt så vidt inni den eine munnvika til Vedum, difor må vi ta godt vare på vatnkrafta, for også framover vil vi ha kraftkrevjande industri. Då er det viktig at vi kan ha styr på kraft og kraftprisar sjølv. At kraftprisen i Norge i fjor var halvparten av det den er i Tyskland, er eit konkurransefortrinn. Vi må ha styr på den sjølv, ikkje overlata det til EU, som vil gjera prisen lik i alle sine land.

Nær folk

Han vil ha nasjonalt eigarskap over norsk jord, og ein stat som gjer lokal verdiskaping enklare, og utanlandske oppkjøp vanskelegare. Han vil oppretta eit industri- og næringsdepartement som den synlege motoren for at staten skal jobba for verdiskaping og arbeidsplassar over heile landet. Offentlege anbod skal delast opp, så fleire norske og fleire lokale bedrifter har sjanse til å vinna dei. Klima- og miljøreglane skal bli strengare, noko som i tillegg til å vera bra for klimaet, også styrkar norske bedrifter sin sjanse til å vinna fram i konkurransen. Forskjellane mellom folk skal utliknast ved å skapa og leggja til rette for fleire arbeidsplassar i heile landet, med sterkare statleg styring for å få det til.

Han viser til Statistisk Sentralbyrå sine tal, som viser at det er det offentlege som sterkast driv fram større forskjellar i Norge. Han vil setja tak på offentlege leiarlønningar. Det får halda med 1,5 millionar.

Nær folk

Ein parkert drosje frå Stange taxi blir bildet på kvifor politikk ikkje kan bli berre ideologi. Drosjenæringa bad tynt om at det ikkje måtte bli frislepp på drosjeløyver, fortel Vedum. Men det blei det, og drosjesjåførane fekk ein endå meir krevjande arbeidsdag, lenger, med dårlegare betaling. «Målet må vera å gjera kvardagen betre for folk flest,» seier Vedum.

Skatte- og avgiftspolitikken skal brukast til å løfta dei mange. Då må dei med lågast inntekt ha lågast skattetrykk.

Kommunen må få nok pengar til å sikra gode tenester for folk, der dei bur. «Det politikk eigentleg handlar om», seier Vedum, «er folk». At folk er trygge på at dei får ein sjukeheimsplass der dei bur. At ambulansen kjem. At ikkje alt må løysast digitalt. At lokalsamfunn blir bygde for din og min kvardag. At politiet er der, og kjenner lokalsamfunnet. Politikarar skal lytta, sjå, forstå, og så handla.

Nær kven?

Det er klart det vinn gjenklang. Mot Solbergs sentralisering av politi og tenester, mot aukande byråkrati, mot Miljøpartiet De Grønnes autoritære haldning i klimaspørsmål, mot konkrete sluttdatoar for oljenæringa på eit papir.

Det han ikkje snakka om? Rus, familie, skule, internasjonalt samarbeid, innvandring og integrering, EØS. Og korleis Senterpartiet skal betala for alt dei vil få til. Det har dei planar om å gjera, men det er jo ikkje akkurat det som vekkjer engasjement og begeistring ved inngangen til eit landsmøte.

At Trygve Slagsvold Vedum ikkje er meir konkret, er hans og Senterpartiets sterkaste og svakaste kort. For altfor konkrete mål blir ofte for autoritære, for langt bort frå folk sin kvardag, for lite praktiske. For lite av alt det Vedums Senterparti vil visa folk at dei står for. Dessutan vil dei gjerne samarbeida med Ap i regjering, då bør vanskelege saker som EØS liggja i fred under valkampen.

Samtidig, i ei tid alle ser vil by på store utfordringar, med krevjande omstillingar og strammare statleg økonomi, kan det gjera dei som alt er skeptiske til Senterpartiet endå meir skeptiske. Kor nært kan du koma folk over heile landet, før du mister retninga? Men akkurat nå er det jo ikkje skeptikarane Senterpartiet treng å bry seg mest om. Akkurat nå har dei klart å koma veldig mange folk veldig nært, over heile landet.

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Det der snakket om psykisk helse først? Fislete greier, Høie.

  2. – Kva hjelper det å fortelja historia til Artin?

  3. – Kor nært kan du koma folk over heile landet, utan å mista retninga?

  4. – Det handlar om å bli store nok til å klara seg utan SV. Utan å bli ufine mot Ap

  5. «Ingen skal måtta ned på kne for å få vera del av eit fellesskap, Tix»

  6. – Kjøtt­kake­kranglar er for dei friske. Det hjelper ikkje sjuke

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Senterpartiets landsmøte
  3. Stortingsvalget 2021
  4. Solveig G. Sandelson
  5. Sentralisering