Ja, lat oss snakke litt om svenske tilstandar

KRONIKK: Alle veit – i alle fall nokre – at Sverige er på randa av total kollaps og på veg til helvete på fyrste klasse. Frå Kebnekaise i nord til skånske strender i sør gjallar fortvila rop om hjelp.

Publisert: Publisert:
  • Jarl Wåge
    Skribent

Viss det var slik mange hevdar, at det svenske samfunnet er i ferd med å rakne, – kvifor kjøper så mange nordmenn seg svenske ferieidyllar i grannelandet? Foto: NTB scanpix

  1. Leserne mener

Helsestell og eldreomsorg forvitrar og går i oppløysing. Det same gjeld skulevesen og høgare utdanning. Svensk næringsliv rotnar på rot. Sjølvaste Ikea er i ferd med å bli snikislamisert. Og rettsvesenet, ja, det må gradvis vike plassen for sharialover.

I kvar einaste svensk ort og stad er det dystert, mørkt og stille. Folk tør knapt gå utomhus. Medelsvensson deltar ikkje lenger i kulturaktivitetar. Svensk musikk har stilna hen. På idrettsfronten, der Sverige tidlegare hadde stolte tradisjonar, er det passivitet og håpløyse over heile fjøla. Frå kyrkjetårna høyrest bønnerop i staden for klokkeklemt.

Alle veit – i alle fall nokre – at Sverige har blitt ein kriminell pøl. At ingen kan vere trygge nokon stad. Ein følgjar på Twitter insisterer på at Sverige er like farleg som Afghanistan. Det er difor ingen nordmenn lenger tør å reise på besøk til söta bror. Eller til Afghanistan.

Gammalmedia – altså alle media som ikkje er høgreradikale – lar på fake-news-vis vere å kalle ein spade ein spade. Dei rapporterer ikkje om kva slags hudfarge dei kriminelle har. Mørkhuda, sjølvsagt. Alle veit – i alle fall nokre – at det er dei som er kriminelle. At det ganske enkelt ligg i genane.

Svenskar hamstrar i stor stil. I det svenske folkhemmet byggjer dei seg opp matlager til krisa inntreff med full tyngde.

Noreg treng ein trumpsk mur langs grensa mot Sverige. ASAP! Vi må for ein kvar pris unngå å bli sniksvensketilstandifiserte. Enkelte hevdar med styrke at det allereie har skjedd. I Groruddalen, Holmlia og på Grønland. Gettoar som folk snart må ta innover seg er «no-go-zones».

Slik tilstandane er hos broderfolket vårt, kan vi risikere at hundretusenvis snart legg på flukt. Kanskje dei akkurat no driv og pakkar med seg det mest nødvendige. Vi kan ikkje ta imot dei. Ingen kan forlange at vi skal vere heile Sverige sitt sosialkontor. Difor treng vi denne muren.

Totalt misvisande

Men nei, lat oss ikkje snakke om svenske tilstandar.

Uttrykket er totalt misvisande. Alle veit – i alle fall mange – at det går rimeleg bra i Sverige. Sjølvsagt har dei politiske og økonomiske utfordringar. Blant anna på grunn av stor innvandring. Men dei alle fleste svenskar, som vi nordmenn, lever vanlege, normale fredelege liv med jobb, skule og fritid.

Sverige ligg alltid i toppsjiktet blant verdas nasjonar når det gjeld helsevesen, eldreomsorg, velferd, likestilling, utdanning.

Det er sjølvsagt også grunnane til at stadig fleire nordmenn kjøper seg torp, stugor og villor i grannelandet. Difor dreg også hundretusenvis av nordmenn kvart einaste år over Kjølen på besøk til broderfolket. Dei einaste som faktisk hamstrar der, er nordmenn på harry-handel.

Store problem nokre stader

Lat oss heller snakke om storbyproblem. Om forstad-tilstandar i Gøteborg og Stockholm med bilbrannar, eksplosjonar, bandekrigar, valdtekter og mord på open gate. Og, ikkje minst, lat oss snakke om malmøske tilstandar. Sveriges tredje største by, Malmø, har blitt ein farleg by. Kriminelle bandar gjer gatene utrygge. Dei krigar mot kvarandre med dødelege våpen. For ikkje lenge sidan blei ei mor, med barnet sitt på armen, skoten og drepen på gata. Nyleg blei to femtenåringar skotne. Den eine døydde. Den andre blei hardt skada. Dette er berre to av mange slike drap i byen dei siste åra.

I Malmø har mykje svikta. Politikarar, integrering, politi, skulevesen, foreldre. Og lat det ikkje vere den minste tvil: Dei aller fleste i desse kriminelle gjengane er innvandrarungdom. Godt over nitti prosent. Enkelte vil sjølvsagt hevde at dei er kriminelle fordi dei er innvandrarar. Det er like absurd som å hevde at dei er kriminelle fordi dei har mørk hud. Det er sjølvsagt ein heil buffé av årsaker.

Fattigdom og utanforskap

I desse innvandringsmiljøa er det stor fattigdom og høg arbeidsløyse. Mange droppar ut av skulen og hamnar fullstendig på utsida av samfunnet. I ein slik situasjon vil det å bli tatt opp i ein bande gje ei kjensle av å høyre til og bli respektert.

I Malmø har ein narkotikamafia fått solid fotfeste. I kjent mafiastil knyter dei til seg kriminelle gjengar til å omsetje narkotikaen. Plutseleg får desse ungdomane makt og kan gjere raske pengar. Dermed sit dei i klisteret.

Politiet i byen har skremmande lav oppklaringsprosent på drapa som skjer. Dei kriminelle har slik makt og kontroll at nesten ingen tør å vitne/tyste. Dermed blir det bortimot risikofritt å utøve kriminalitet.

I Malmø tek dei endeleg nye grep for å løyse problema, men så seint at det vil bli ytst vanskeleg å få bukt med dei.

Tett på i tide

Sjølvsagt vil vi ikkje ha «malmøske» tilstandar i norske byar. Vi ser heilt klart tendensar i Oslo. Også i andre byar sit knivar frykteleg laust i slira. Valdskriminaliteten aukar blant unge. Difor er det maktpåliggjande at politikarar ikkje sit som tilskodarar, men set inn strakstiltak. Det er viktig å ta tak i fattigdomsproblematikken. Dessutan må politiet få nok ressursar til å vere tett på dei kriminelle miljøa og ikkje gje dei rom til å utvikle seg og ekspandere.

Det aller viktigaste er likevel å ta mektige, kriminelle bakmenn som lokkar til seg sårbare ungdommar med løfte om raske pengar, feite bilar og eit liv på solsida.

Publisert: