Kva er godt nok?
KOMMENTAR: Det beste dei klarte på SUS den kvelden, var å pressa ei sjuk jordmor på vakt. Det er ikkje godt nok.
- Solveig G. SandelsonKommentator

Søndag kveld ringde ei fortvila og utsliten jordmor til Aftenbladet, på veg heim frå helgevakt ved SUS – Stavanger universitetssjukehus. Ho har jobba som jordmor i over 30 år. Ho har aldri hatt ein verre dag på jobb enn sist fredag. Ho hadde korona, og sjølv om ho hadde vore feberfri i eitt døgn, var ho ikkje i form. Ho burde ha vore heime. I staden kjende ho seg pressa til å gå på jobb. På ein kveld med så høgt belegg på avdelinga for sjuke gravide at det til vanleg ville blitt kalla inn ei ekstra jordmor. Men det er ferie. Det var ikkje fleire å ta av. Det beste dei klarte, den kvelden, var å pressa ei ganske sjuk jordmor på vakt. Aleine.
Ho som måtte gjera det, avdelingsjordmor Wenche Sola Maudal, er ikkje mindre fortvila. Ho kjenner seg bunden på hender og føter av toppleiinga ved sjukehuset. «Vi har ikkje ressursar nok til å sikra forsvarleg drift, og blir tvinga til å driva uforsvarleg», seier ho.
Dette er sterk kost. Det kjem frå folk vi veit kjenner stort ansvar for jobben sin og pasientane sine. Dei veit at fødeklare, svært gravide kvinner kan bli redde av å lesa dette, redde for ikkje å få god nok hjelp på sjukehuset. At dei ikkje blir passa godt nok på, at ikkje nokon kjem når dei treng det. At ikkje nokon kjem når babyen gjer det.
Jordmor med korona følte seg presset til å jobbe: – Jeg var helt alene på en overfylt avdeling
Jordmormangelen
Ifølgje Jordmorforbundet mangla vi i fjor 1000 jordmødrer i kommunane, og 250 i spesialisthelsetenesta – altså sjukehusa. Samtidig har talet på jordmødrer i kommunane auka med 50 prosent frå 2015 til 2020. For det finst ein tanke frå Stortinget om at alle nybakte mødrer treng besøk av jordmor i løpet av dei tre første dagane etter at dei har kome heim, i tillegg til besøk av helsesøster. Og det finst ein tanke frå Helsedirektoratet – Bjørn Guldvog sine – om at ei styrka jordmorteneste i kommunane, vil avlasta sjukehusa. Kor godt stemmer det? Eller når stemmer det?
Dei kan førebyggja, ha tidleg kontakt, dei kan hjelpa ei kvinne med fødselsangst – kanskje etter ein gjennomlevd, vanskeleg fødsel, så ho klarer ein naturleg fødsel igjen, og ikkje må ta keisarsnitt. Men ei jordmor meir i kommunen betyr jo ikkje nødvendigvis at ein kan ha færre jordmødrer på nattevakt og helgevakt på sjukehuset? Fødslar har det med å setja i gang når kropp og baby er klare for det, ikkje nødvendigvis på dagtid, eller fint ordna på rekke, så det ikkje blir uoversiktleg på føden. Ikkje er det så lett å skunda på folk som driv og føder, heller, dei er stort sett prisgitte naturen, som herjar på med å utvida vev og sener og ledd til det blir plass og kraft til å pressa ut ein baby. Det er overveldande greier, det er ikkje er til å tukla med, sjølv ikkje for å få ei vaktliste eller eit budsjett til å gå opp.
Konkurransen
Akkurat nå konkurrerer sjukehus og kommunar om å få tak i jordmødrer. Politikarane har lagt opp til det. Dei siste åra, både med denne regjeringa og den før, har kommunane fått øyremerkte midlar til den konkurransen. Dei har rett og slett ekstra pengar å gi som skal gå til akkurat dette.
Det betyr at ei jordmor som er sliten av å stå i tredelt turnus på sjukehuset – altså jobba både dag, kveld og natt, i tillegg til helger og juledagar og påskedagar og 17. mai-ar – kan få like godt betalt i kommunen. Ved å jobba dagtid, måndag til fredag.
Men dette går ikkje opp. Jo, det skal utdannast fleire; jo, det blir lyst ut fleire stillingar på SUS; jo, det hjelper med jordmorutdanning i Stavanger. Og jo, leiinga ved SUS er i ei kattepine. Dei ligg hundre millionar bak budsjett og har pålagt alle å spara. Halda nede kostnadene, også lønnskostnadene. Ikkje bruka vikarbyrå. Ikkje gjera som Helse Bergen, som alt i fjor sommar betalte jordmødrene sine meir enn det doble av det ei jordmor her får for å gå ekstra på sommaren. Her får alle sjukepleiarar, spesialiserte eller ikkje, same sats.
Og så?
Men så er det også sånn, på eitt eller anna tidspunkt, at vi andre ikkje berre kan ropa på meir pengar og fleire folk til helsevesenet. Det kan ikkje politikarane heller.
Kanskje må ein sjå på korleis flest sikrast får tilgang til jordmor, når dei treng det mest? Altså når dei føder? Kanskje går det an å tilsetja jordmødrer på sjukehuset, men med avtale om også å jobba i kommunen? Sånne idear finst, og dei bør løftast fram. For vi treng jordmødrer i kommunane også, før fødsel. Fastlegane kan ikkje få endå fleire i kø utanfor døra. Men det er heilt sikkert meir effektivt å få ammeråd og -hjelp mens du enno er på sjukehuset, der jordmora ikkje må setja seg i bilen og køyra frå ein annan kant av kommunen for å hjelpa akkurat deg.
Men akkurat nå, denne sommaren, finst det jordmødrer på sjukehuset som er så fortvila etter ei vakt at dei ringer Aftenbladet. Sjølv om avdelingssjef Marit H. Christiansen meiner det enno er forsvarleg, om ikkje heilt ønskeleg, å driva som dei gjer på føden og barsel nå. Det er jordmødrer som jobbar heile vakta med ei klo i magen – ei stadig uro for om dei vel rett, om dei er ved rett seng til rett tid, om fleire treng hendene deira, omsorga, erfaringa, fagkunnskapen. Samtidig. Mens dei berre er eitt menneske på vakt.
Mangelen på jordmødrer og nødvendig omorganisering av helsevesenet skal ikkje sitja som ei klo i den eine som er på vakt, eller i pasientane hennar. Det må løysast lenger oppe i systemet. Både akutt, og på lang sikt.
Les også
Jordmor Elin Jørpeland regner med at hun blir beordret på vakt i ferien
Det går ikkje lenger å tru at dette ikkje vil gå utover behandlinga av pasientar og arbeidssituasjonen til dei tilsette
«Er det ingen vaksne heime blant dei som styrer helse-Norge?»
– Alvorleg sjuke barn blir kasteballar. Og vi ser det ikkje
Kommentator Solveig G. Sandelson
- KOMMENTAR
– Sjukehuset trudde dei ville gå bittelitt i pluss i februar. Kor kom den tanken frå?
- KOMMENTAR
På SV sitt landsmøte diskuterer dei alt. Dei kan snakka eit demokrati i senk
- KOMMENTAR
- Du risikerer å døy ung, viss du får dårlege karakterar på ungdomsskulen. Hæ?
- KOMMENTAR
All næring dette barnet har trengt, kan det ha fått frå mor. Ikkje far
- KOMMENTAR
Rema 1000 frys samarbeidet med Sophie Elise. Det gjer ikkje NRK. For NRK er jo ikkje akkurat Rema. Eller?
- KOMMENTAR
Jo, vi må snakka om det