Draumen om ein rasekrig?

GJESTEKOMMENTAR: Finsk politi har arrestert fem menn mistenkt for terror. Dei fem vert knytte til ein høgre­ekstrem ideologi, men mykje anna er stadig uklårt.

Etterforskingsleiar Toni Sjöblom med bilete av beslag av våpen og sprengstoff etter arrestasjonen av fem høgreekstremistar i Kankaanpää i Finland.
  • Øyvind Strømmen
    Øyvind Strømmen
    Forfattar og journalist
Publisert: Publisert:

Arrestasjonane fann stad for rundt to veker sidan. Fem menn vart arresterte, mistenkt for terrorrelaterte brot, mellom anna på finsk våpen- og sprengstofflovgiving. Dei kjem alle frå traktene rundt Kankaanpää i landskapet Satakunta. Den vesle tettstaden er ein slik stad «der alle kjenner alle», ein slik stad der ungdomen køyrer traktor for å treffa andre utanfor samvirkelaget.

Den fyrste fredagen i desember heldt politiet ein pressekonferanse, der det mellom anna kom fram at finsk tryggleikspoliti, Supo, koplar dei fem mistenkte til høgreekstremisme. Politiet kunngjorde også bilete av skytevåpen og eksplosiv dei har beslaglagt. Avisa Iltalehti har fortalt at beslaget inkluderer ammoniumnitrat, eit stoff brukt i kunstgjødsel, men også kjent som ingrediens i bomber.

Ei oppsiktsvekkjande sak

Saka er oppsiktsvekkjande av fleire årsaker. Det er fyrste gong finsk politi etterforskar eit høgreekstremt terrorbrotsverk i det heile. Berre éin gong har nokon blitt dømd for terrorisme i Finland, nemleg gjerningsmannen bak eit jihadistisk åtak i Turku (Åbo) i 2017.

Koplingar mellom finsk høgreekstremisme og valdskriminalitet er ikkje ny: I 2013 vart til dømes tre personar angripne med kniv i Jyväskylä, etter at aktivistar frå den finske avleggjaren av nynazistgruppa Den Nordiske Motstandsrørsla (NMR) vart nekta tilgang til eit arrangement på biblioteket i byen. Dette er ein organisasjon som også har hatt ein viss aktivitet i Noreg. I Finland har han sidan vorte forboden. Medlemer av organisasjonen har gått vidare til andre organisasjonar, inklusive Kohti vapautta (Mot Fridom), som står fram som ei meir eller mindre rein vidareføring av finske NMR.

Storavisa Helsingin Sanomat skriv på leiarplass at finsk høgreekstremisme har flytta seg frå gata til internett, og at online-samfunn fungerer som ei rekrutterings­plattform.

Dei skriv også at ytre høgre sin vekst i Finland fortel ei historie «om nasjonens spirituelle tilstand», om at det finst «såjord for rasisme og nasjonalisme». Så viser dei til at politiet set dei fem i samband med ei heilt konkret form for høgreekstremisme, «akselerasjonisme og Siege-kultur».

Les også

Dei var kanskje åleine om terroren. Men dei var ikkje åleine på nettet.

Les også

Høgreekstremismen kom på nettet allereie i 1983

Akselerasjonisme

Her kan det vera at mange av lesarane ramlar av. Difor ei forklaring:

Akselerasjonismen er ein politisk strategi som bygger på ein grunntanke om at samfunnet går i retning ein uunngåeleg undergang. Akselerasjonistar meiner at denne kollapsen kan påskundast, og at det faktisk bør gjerast for å erstatta det noverande samfunnssystemet med det dei ser på som eit nytt og betre system.

Idéen eksisterer i fleire former, men dei siste åra har den særleg vorte knytt til ein høgreekstrem variant, ein variant som baserer seg på trua på ein uunngåeleg og apokalyptisk rasekrig mellom kvite- og ikkje-kvite, ein rasekrig som må framskundast ved hjelp av polarisering og politisk vald.

Denne høgreekstreme akselerasjonismen hentar inspirasjon frå tidlegare amerikansk høgreekstremisme. Frå William Pierce, mellom anna forfattar av høgreekstrem valdsfantasiar i romanform. Frå Joseph Tomassi som leia ein sjølverklært nasjonalsosialistisk frigjeringsfront, og som opent argumenterte for «politisk terror». Og frå James Mason, som frå 1980 til 1986 gav ut nyheitsbrevet Siege. Den gongen vakte dette kanskje mest merksemd fordi han omfamna den fengsla kultleiaren Charles Manson som ein slags nasjonalsosialistisk leiarfigur.

I dag har Siege fått ein renessanse i internettmiljø som dyrkar politisk vald. Mason sin idé om revolusjonære einmannshærar passar desse godt. Trua på «systemet» sin nært framtidige undergang, og på den komande rasekrigen, gjer også det.

Siege-kulturen blandar eldre høgreekstrem tankegods, konspirasjonsteoriar og internettkultur. I denne groteske subkulturen vert såkalla einsame ulvar hylla som heltar, for ikkje å seia: dyrka som helgenar.

Dette handlar om meir enn Finland. Den norske terroristen Philip Manshaus viste til akselerasjonisme då han stod for retten, tiltalt for drapet på si eiga søster og for drapsforsøk i ein moské i Bærum. Det er ikkje tilfeldig at PST konkret nemner akselerasjonismen i si siste trugsmålsvurdering.

Mange spørsmål

Samstundes er det fleire spørsmål finsk offentlegheit førebels ikkje har fått svar på. I førre veke oppsummerte Helsingin Sanomat dei fire som kanskje er viktigast

  1. Kva er det dei fem mennene er mistenkt for å ha planlagt?
  2. Kva roller har dei enkelte spelt, og er det også andre involvert?
  3. Etterforskinga av saka starta alt i desember 2019, etter at politiet kom på sporet av dei fem i samband med ei heilt anna etterforsking, knytt til narkotikakriminalitet. Dei har også tidlegare vorte arresterte, men var då berre mistenkt for brot på våpenlova. Kvifor vart dei arrestert på nytt no?
  4. Ifølgje Supo har dei mistenkte inga kopling til organiserte høgreekstreme grupper. Men har dei hatt kontakt?

Svara på desse spørsmåla vil truleg fortelja mykje, kanskje også om korleis akselerasjonismen kom til vesle Kankaanpää.

Les også

  1. Det som er felles for heilt ulike ekstreme ideologiar

  2. I ly av motstand mot korona­restriksjonane nytta ytre høgre 17. mai til å samle folk

Publisert:
  1. Finland
  2. Terror
  3. Høyreekstremisme
  4. Gjestekommentar
  5. Øyvind Strømmen

Mest lest akkurat nå

  1. Testet positivt? Dette gjør du

  2. Skamslått Borgli vil gå nye runder om huset i Oalsgata

  3. Konen var skeptisk da de ringte fra «Mesternes mester»: – Hun hadde aldri sett meg grine før

  4. Har du lagt merke til er at kampropet «ubuntu» er borte. Hva skjedde?

  5. Folk for­tjener bedre og sanne svar fra en olje- og energi­minister midt i en strøm­krise

  6. Stavanger-investorer sprøyter penger inn i e-sport-satsing - vil ikke røpe beløpet