Likestillingslova bør endrast

KOMMENTAR: Innspel til det nye mannsutvalet: Start med å få likestillingslova til også å handla om menn!

Regjeringa lova i Hurdalsplattforma å sjå på menns likestillingsutfordringar. Nå kjem eit nytt mannsutval.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

Sist veke inviterte kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) til det som på byråkratnorsk heiter «regionale innspillsmøter om mandat til mannsutvalget» i Kristiansand, Hamar, Bodø og Oslo.

Her kjem eit innspel frå Stavanger: Stryk tredje avsnitt i paragraf 1 i likestillingslova. Få lova til også å handla om menn.

Norge er verdas nest mest likestilte land, etter Island, ifølgje Word Economic Forum sin kjønns­gap-rapport frå 2020. Sannsynlegvis har likestillingslova bidrege til dette lukkelege faktum.

Les også

Trettebergstuen sparker i gang menns likestilling

Mannsdominans

Norge var, forsiktig sagt, i ein annan situasjon då lova blei innført i 1978. Til dømes blei det – med god grunn! – sett som eit problem at det var langt fleire menn enn kvinner som tok høgare utdanning. 59 prosent av studentane var menn, berre 41 prosent kvinner. Kvifor var dette eit problem? Av same grunn som i dag: Utdanning er ein av dei viktigaste nøklane eit menneske har til eit godt (arbeids)liv.

Likestillingslova blei skriven på 1970-talet. Med tanke på situasjonen på det tidspunktet, er det kanskje ikkje til å undrast over at formålsparagrafen inneheld følgjande setning: «Loven tar særlig sikte på å bedre kvinners stilling.» Sjølv om dette ikkje akkurat er ei kjønnsnøytral formulering.

Ny lov

I 2018 fekk me ny likestillings- og diskrimineringslov. «Paragraf 1 Formål» går sånn:

«Lovens formål er å fremme likestilling og hindre diskriminering på grunn av kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgaver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsettelse, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder og andre vesentlige forhold ved en person.

Med likestilling menes likeverd, like muligheter og like rettigheter. Likestilling forutsetter tilgjengelighet og tilrettelegging.»

Og så kjem avsnitt nummer tre. Avsnittet eg meiner bør fjernast:

«Loven tar særlig sikte på å bedre kvinners og minoriteters stilling. Loven skal bidra til å bygge ned samfunnsskapte funksjonshemmende barrierer, og hindre at nye skapes.»

I 2022 er det ikkje berre
kvinnene som treng særleg vern,
men også mange menn.

Logisk?

Kvifor bør dette avsnittet ut? Framfor alt fordi det første og det andre avsnittet seier det som bør seiast. Der kjem det tydeleg fram kva som er målet med lova, altså å fremma likestilling og hindra diskriminering på grunn av personlege forhold. Og så definerer andre avsnitt kva likestilling betyr.

I dette perspektivet heng ikkje det tredje avsnittet saman med dei to første. Tvert om skisserer formuleringa om at lova særleg tek sikte på å betra kvinners og minoritetars stilling, ei forskjellsbehandling basert på kjønn eller minoritetsstatus. Mens poenget med lova altså er å hindra forskjellsbehandling basert på slike personlege forhold.

Det viktigaste argumentet for å fjerna avsnittet, er altså logisk og prinsipielt.

Politisk?

Men også om me skulle sett pragmatisk og politisk på det, som på 1970-talet, burde lovteksten omformulerast. For i 2022 er det ikkje berre kvinnene som treng særleg hjelp, men også mange menn.

På 2020-talet toppar menn ei urovekkande rekke negative statistikkar. Som Ap sin byrådsleiar Raymond Johansen skreiv i ein kronikk i Aftenposten i februar, der han argumenterte for å sjå med nye auge på mannsrolla, maskulinitet og menn som utsett gruppe i samfunnet:

«Menn lever kortere, dør oftere i ulykker, begår oftere selvmord og er mer avhengig av sosialhjelp.» Og lista held fram: Menn dominerer både som offer og gjerningsmenn for alvorleg vald, som innsette i norske fengsel, som tunge rusmisbrukarar. Nesten alle som døyr i arbeidsulukker, er menn.

Kjønnsdelt utdanning

Og for å venda tilbake til utdanningsfeltet: I dag er (kjønns)rollene bytta heilt om. Nå er 59 prosent av studentane i høgare utdanning kvinner, og berre 41 prosent menn. Og skal me tru Statistisk sentralbyrå, vil kjønnsforskjellane auka.

Om denne kjønnsubalansen var eit likestillingsproblem i 1978, er det vel eit like stort likestillingsproblem i 2022. Også når det handlar om menn?

Sjølv om Norge er verdas nest mest likestilte land, er me eit av OECD-landa med størst kjønnsgap i utdanning. Gutar får dårlegare karakter enn jenter i alle fag, utanom gym. (Ann Margareth Gustavsen har teke doktorgrad på temaet. Ho og pedagogikkprofessor Thomas Nordahl meiner 87 prosent av forskjellen skuldast læraranes ulike vurdering av gutar og jenter, basert på oppførsel. Altså trynefaktor. Langt færre gutar enn jenter fullfører vidaregåande utdanning. Og på attraktive fag som psykologi, veterinærmedisin, odontologi og farmasi er 70–80 prosent av dei som fullfører, kvinner.

Les også

Norske gutar har eit skuleproblem. Eit problem som kan bli livsvarig

Rapport til skuffa?

Før ho via seg til koronaen, leia Camilla Stoltenberg utvalet som i februar 2019 leverte si offentlege utgreiing om kjønnsforskjellar i skulen. Utvalet konkluderte med at kjønnsforskjellane i norsk utdanning er ei samfunnsutfordring.

Men då Aftenbladet snakka med Stoltenberg eitt år seinare, i mars 2020, hadde det skjedd fint lite. Stoltenberg sa oppfølginga av rapporten bar preg av at ein på politisk hald ikkje er tilstrekkeleg opptekne av å utjamna kjønnsforskjellane i skulen.

– Det er ikkje uvanleg at det går sånn med offentlege utgreiingar, sa Stoltenberg.

Då er det berre å venta og sjå korleis det går med mannsutvalet.

Les også

  1. MFK skulle satse på jentene. Men hva har egentlig skjedd de tre siste årene?

  2. Gi nye familiar større pusterom. Sjølv om dei då ikkje gjer heilt som staten vil

  3. Menn heiar på menn og kvinner heiar på dei same mennene. Difor har du mindre sjanse til å vinne pris om du er kvinne

  4. Ein barnehage i Gjesdal begynte å ringe far først når eit barn blei sjukt. Då skjedde noko uventa

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. Ei vekes kulturell makt­demonstrasjon

  2. Kjære Equinor: Gratis­kon­sert på Tor­get var kan­skje ikkje så lurt nå?

  3. I 2022 er det ikkje berre kvinnene som treng særleg vern

  4. Over natta blei eg den livredde 14-åringen igjen

  5. Det viste seg å vera langt enklare å stå utanfor og kritisera enn å sitja med ansvaret

  6. Kva er viktigast, kunstens fridom eller politiske krav om mangfald?

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Likestilling
  3. Diskriminering
  4. Anette Trettebergstuen
  5. Camilla Stoltenberg