Etterlysing: Eit halvt sjukehus
KOMMENTAR: Det er ikkje sjukepleiarar, legar og reinhaldarar som må jobba smartare nå. Det er politikarane.
- Solveig G. SandelsonKommentator

Denne veka måtte styret i Helse Stavanger leggja til sides alle planar om ein siste halvpart nytt sjukehus til oss. På ubestemt tid. Dei har ikkje råd til å byggja vidare. Og vi snakkar om det som for tida er det største byggeprosjektet i Norge. Den offentlege tenesta som er der ved alle store og mindre store merkesteinar i liva våre. Når nytt liv blir tatt imot, når nokon får livet snudd opp ned på ein augeblink, når sjølve livet slepper taket, når sjukdommen aldri vil gjera det. Når mormors ankel gav etter på glatta, eller når minsten brakk armen. Igjen.
Skyver andre byggetrinn av nye SUS ut i det blå
Splitta
Mot slutten av 2024 står den første halvparten klar, like ved Motorvegen, rett sør for Auglendstunnelen. Der kjem akutten, sengeplassane og det desse treng rundt seg. Resten, som dagkirurgi, poliklinikkar, psykiatri og rehabilitering, blir igjen der dei er. På Våland, i Hillevåg, på Lassa.
Drifta blir delt. Ingen veit for kor lenge, eller om den i det heile tatt vil kunna samlast igjen. For berre nokre veker sidan låg det an til at psykiatrien – som alt nå har dei dårlegaste pasientane sine i eit bygg statsforvaltaren meiner er ueigna for pasientar – kunne få flytta inn i den andre nye halvparten rundt 2040. Viss du ikkje tar heilt inn kor lenge det er til, så tenk på kor gammal du sjølv vil vera i 2040. Men ikkje heng deg for mykje opp i det heller, for ikkje ein gong det gjeld lenger. Det er ikkje sikkert det blir eit heilt, nytt sjukehus der ved Motorvegen i det heile tatt.
Sjukt dyrt
For vi har lagt oss til ein sjukt dyr måte å byggja sjukehus på i Norge. Den går omtrent som dette: Sjukehuset vårt, Helse Stavanger, må betala det sjølv. Altså må dei låna pengar, av Helse- og omsorgsdepartementet, og av Helse Vest, som er ein slags mellomleiar mellom departementet og sjukehuset vårt. Då må dei ha tretti prosent eigenkapital. Det kan dei få ved å setja av midlar ved eiga drift, og ved å selja tomta der det nåverande sjukehuset står. Eit heilt nytt sjukehus vil kosta rundt 22 milliardar.
Sjukehuset fiksa eigenkapital og lån til første halvparten. Til første femtedel av den andre halvparten, altså ein tiandedel av totalsummen, skulle sal av tomta der sjukehuset er nå, vera eigenkapital – cirka 650 millionar. Den planen ryk fordi den første halvparten går på ein budsjettsprekk på minst 450 millionar. Av det vi kjenner til så langt, kan 424 av desse skuldast krig og pandemi. Ting utanfor kontroll.
Kor mykje som kan skuldast dårleg planlegging eller for dårlege kontraktar, er uvisst. Kor mykje det blir til slutt er også uvisst. Styret torer ikkje ta fram planane for den andre halvparten før sluttsummen for den første er klar. Kva tid det blir? Eg veit ikkje, men i løpet av eitt par års tid.
Smart?
Når den første halvparten blir klar, skal pengar frå drifta ved sjukehuset – som jo ikkje er best på å tena pengar, men på å behandla pasientar – klara å betala ned på lånet til denne første halvparten, og samtidig dekka kostnadene ved å drifta to stader. Ikkje i to, tre, eller fire år, nei på ubestemt tid.
Kanskje må dei som er i Hillevåg nå, flytta opp til Våland. Kanskje må ein leiga tilbake sine eigne bygningar når tomta er seld. Heilt sikkert må ein driva nødvendig vedlikehald på bygningane, som nå ikkje berre skal brukast i eitt par år ekstra, men i ein liten mannsalder ekstra. Psykiatrien får ikkje ned tvangsbruk og skadar, pasientar må fraktast mellom dei to stadene på forsiktig vis, legar og sjukepleiarar må finna ut korleis dei best kan vera litt på to stader, dei mister dei enkle møtepunkta der du kjapt kan få ein kollega sitt synspunkt eller underskrift i forbifarten i gangen. Dei kan mista retninga på kor dei skal. Dei veit jo ikkje kor dei skal. Ikkje når heller.
Ekstragiret
For å hjelpa til i denne spagaten, kan dei få eit lån av Helse Vest på 500 millionar. Viss dei skulle tatt sjansen på å byggja femtedelen av den andre halvparten, kan dei også få lånefinansiert det 100 prosent, frå departementet og Helse Vest. Men då må dei klara å gå skikkeleg, skikkeleg i pluss på drifta, kvart einaste år.
I år er dei så langt 125 millionar i minus på drift. Alle klinikkar har fått beskjed om å spara. Kutta kostnader, få opp aktiviteten. Bruk mindre pengar, jobb fortare og betre. Viss vi tenkjer tilbake på den der pandemien, ligg der nok alt ein viss slitasje hos alle som jobbar på sjukehuset. Anten dei har drive smittevask eller pasientbehandling. Det er ikkje sikkert dei har så mange fleire ekstra gir inne.
Ikkje truverdig
Det går ikkje lenger å tru at sjukehuset kan klara å byggja seg sjølv ferdig. Det går ikkje lenger å tru at forsøket på det ikkje vil gå utover behandlinga av pasientar, og arbeidssituasjonen til dei tilsette.
Dei skulle stå med eine foten på brygga og andre i båten i ein kortare periode. Så sklei båten ut. Alle veit korleis det går.
Men alle pengane til sjukehuset, uansett kva ein kallar det, kjem frå staten. Det er smart at sjukehusa i stor grad får bestemma over investeringane sine sjølv. Om det er nytt røntgenutstyr som trengst, eller heilt ny teknologi ein annan stad. Men det treng verkeleg ikkje å bety at dei også må byggja sjukehusa sine sjølv.
Det finst eit utval som skal gi politikarane råd om dette nå. Dei skal vera ferdige i mars neste år – som jo nærmast er rundt neste sving.
I mellomtida har Norges største byggeprosjekt stansa. Det var ikkje nok at legar og portørar sprang smartare i gangane. Politikarane må jobba smartare. Dei må finna ein betre veg. Blir det ropt høgt nok om det?
Kommentator Solveig G. Sandelson
- KOMMENTAR
«Sjukehuset trudde dei ville gå bitte litt i pluss i februar. Kor kom den tanken frå?»
- KOMMENTAR
På SV sitt landsmøte diskuterer dei alt. Dei kan snakka eit demokrati i senk
- KOMMENTAR
- Du risikerer å døy ung, viss du får dårlege karakterar på ungdomsskulen. Hæ?
- KOMMENTAR
All næring dette barnet har trengt, kan det ha fått frå mor. Ikkje far
- KOMMENTAR
Rema 1000 frys samarbeidet med Sophie Elise. Det gjer ikkje NRK. For NRK er jo ikkje akkurat Rema. Eller?
- KOMMENTAR
Jo, vi må snakka om det