Ei vakker oppvisning i demokrati

«Det har vore ei vitamininnsprøyting for demokratiet,» sa Knut Arild Hareide då han hadde tapt. Har det vore det også i Rogaland KrF?

Knut Arild Hareides forslag fekk 90 stemmer. 98 stemte for Erna Solberg, to stemte blankt. Foto: Anders Minge

  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Det er ei vakker oppvisning i demokrati. Det er Brynjar og Arne og Unni og Helge og Haldis og Ola og Gunn, dei kjem frå alle kantar av landet, dei er valde utsendingar frå fylket sitt, bak dei igjen står lokallaga av andre Haldisar og Helgar. På scena presenterer heile partileiinga saman kva som er KrFs kjernesaker. Det er likeverdsreform, barnereform, og eit perspektiv utover oss sjølv og eigne landegrenser. Det er gjensidig takk og respekt mellom leiar Knut Arild Hareide og nestleiar og uformell kronprins Kjell Ingolf Ropstad. Det er Olaug Bollestads stemme, tydeleg prega av alvoret og knivseggen KrF står på, som innstendig ber partikolleger om å strekkja ut ei hand etter dette, om ikkje å la ein KrF-stol bli ståande tom i ein einaste kommunestyresal etter dette.

Det er landsstyret sitt kompromiss frå kvelden før, om å la alle tre alternativ bli stemte over samtidig, slik at alle får stemma på førstevalet sitt, men at avstemminga blir skriftleg. Kompromissforslaget ryk nesten, for omtrent halve landsmøtet vil ha open avstemming, det må finteljing til, det blir til slutt vedtatt, med 101 mot 89 stemmer.

Hjartesakene

For her står det om hjartesaker, her blir alle måtar vegvalet skal avgjerast på vegd på gullvekt - kva slags stemmemetode gir ei side eit overtak, kva slags rekkefølgje gir ei gruppe mindre sjanse til å vinna fram enn ei anna?

Jo, det er vakkert. I ganske mange timar går dei på talarstolen. Argumenta for å gå inn i regjeringa til Erna Solberg spenner frå at dei ikkje kan fella ein populær statsminister utan at det er ei sak å fella henne på, det vil svekkja tilliten til heile systemet vårt,det gjer det ustabilt og lite føreseieleg, viss eit lite parti som mellom to stortingsval prøver å finna seg sjølv, kan koma til å velta regjeringa i same slengen. Det er frykt for å gjera seg avhengig av SV. Det er enkeltsakene dei har fått gjennomslag for i dei fem åra dei meir eller mindre har vore støtteparti for mindretalsregjeringa Solberg. Det er uro for å hiva seg uti noko dei ikkje veit kva er. «Det er som å stupa ut i eit basseng utan å vita om det er vatn i det,» seier Geir Toskedal, som meinte problemet SV var underkommunisert, som lurte på kva dei skulle fella regjeringa Solberg på, og kva som eventuelt var gjort av hemmelege avtalar med Ap.

LES MEIR: Har du gått glipp av noko i KrF-saka? Les alle sakene her.

Mest av alt syntes det å vera kampen for menneskeverdet og mot sorteringssamfunnet.Den historiske sjansen mange såg til å få endra paragraf 2c i abortlova, som opnar for abort når fosteret kan ha alvorlege sjukdommar og avvik, deriblant Downs syndrom.

Mens Erna Solberg opnar for diskusjon, går Ap til demonstrasjon mot oss, blei det sagt. og ingen som høyrde på, kunne vera i tvil om at dette er heilage saker i KrF. Å bli kalla homohatar, kvinnefiendtleg og kristenfundamentalist av Ap-politikarar, er det så mye betre retorikk enn den Frp har brukt, blei det spurt.

Løftebrot

Den andre sida? Hareidesida? Dei minte om at eit sentrumsparti netttopp må kunna samarbeida til både høgre og venstre, og ikkje låsa seg til ei blokk på høgresida. Dei minte om at jo visst får vi enkeltsaker gjennom, men det er saker som ikkje betyr så mye for regjeringspartia, dei store pengane går til skattelette for dei som alt har milliardar frå før, og til vegbygging. Dei meinte den største utfordringa er at forskjellen aukar mellom folk, og vi er i ferd med å bli oss sjølv nærast i altfor stor grad. Og at KrF har lova veljarane - skriftleg, blei det understrekt - at dei ikkje skulle gå i regjering med Frp. 2600 nye medlemmer har meld seg inn.

Det var ikkje alt. eg har ikkje med så mye om familiepolitikken, om å byggja samfunnet nedanfrå, om Erna-sida som fryktar kristne verdiar i skule og samfunn skal lukast endå lenger ut, og kanskje mest av alt fryktar at dei ikkje vil bli forstått, rett og slett, av Ap. Så blei punktum satt av Solveig Sollie, på vegne av æresmedlemmene Kjell Magne Bondevik, Einar Steensnæs, Valgerd Svarstad Haugland og henne sjølv.

Ho gjekk i rette med paragraf 2c-bølgja, og minte om at deira eigen Bondevik II-regjering prøvde å endra den paragrafen. Men det er så komplisert at dei til slutt la det til sides. Ho minte om at Erna ikkje har lova dei veldig mye. Før ho på vegne av æresmedlemmene la deira samla tyngde og autoritet inn på Hareides side, samanlikna begeistringa etter talen hans 28. september med begeistringa i 1997, då KrF var oppe på over 13 prosent.

Løpet køyrt

Likevel verka løpet køyrt mye tidlegare på dagen. Etter Hareide og Ropstads talar. Hareide såg utanfor partiet, han oppfordra til ein breiare politikk, til eit politisk engasjement som kunne engasjera heile landet, gi dei nok nye veljarar til å få gjennomslag. For han er det ved å gå nye vegar - mot det han kallar ei moderat venstreside - Ap og Sp. For at KrF skal overleva. Så sa han det alle visste, at han ikkje kunne leia partiet viss dei bestemte seg for å gå til Erna.

Då Ropstad overtok talarstolen, verka Hareide sin tale alt som ein avskilstale. Ropstad rekna i begeistring opp kva dei har oppnådd hos høgresida. Og avslutta med kjernesaka - kampen mot sorteringssamfunnet «Skal vi verkeleg gå til hovudmotstandarden vår i den saka, til venstresida?» spurte han Og minte om historisk høgt bistandsbudsjett og opninga for å endra paragraf 2c.«Du må lova at sånne som meg kan bli fødd,» siterte han ein gutt med Downs syndrom.

«La oss vera den varme stemma på ikkje-sosialistisk side,» avslutta han. Han klarte sjølv å høyrast ut som den stemma, for ein sal der eit lite fleirtal ennå kjenner seg mest heime ved Ernas side.

Sjølv om oppslutninga har falt og falt og falt gjennom dei samarbeidsåra.

To stemte til slutt blankt, 98 stemte blått, 90 stemte rødt. Det går godt an å tenkja seg at viss Rogaland hadde valt representativt, som alle dei andre, kunne det stått heilt likt.

Det er sant at nesten heile KrF har gitt oss ei oppvisning i opent demokrati. Med unntak for Rogaland, der ein let fleirtalsmakta rå. Det blir også skrive inn i denne politiske historia, og det er ikkje eit vakkert kapittel.

Les også

  1. KrF ofret Hareide for Solberg

  2. KrF-ere i tårer under Knut Arild Hareides avskjedstale

  3. - KrF ville fått større gjennomslag ved å samarbeide i sentrum og til venstre

  4. Sjekk bildet: Dette kaller KrF-profil en skandale

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Akropolis i Stavanger? Det høyres ut som ein by som vil vera større enn seg sjølv.

  2. – Viss skule­barn blir meir og meir stressa av skulen, kvifor er det då barna vi skal endra?

  3. – Frp har lenge bite seg sjølv i halen i bompengespørsmålet. Det gjer vondt

  4. Det viktigaste med Frp? At dei insisterer på at folk må få sjansen til å velja sjølv.

  5. «Biskopen bør seia nei til sjamanen»

  6. Når det er Earth Hour, ja, så er det Earth Hour. I SV tar dei mørket på alvor.

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Knut Arild Hareide
  3. Kjell Ingolf Ropstad
  4. Bioteknologi
  5. Geir Toskedal