Presseetikken gjeld, også i terrorsaker

KOMMENTAR: Det finst gode grunnar til at norsk presse ikkje deler alle detaljar i brutale saker. Ingen av dei handlar om å unnskylda terroristar.

Publisert: Publisert:

Krimteknikarar på åstaden for terrordrapa i Marokko. Foto: 2m.ma/NTB scanpix

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Maren Ueland høyrde til midt i blant oss. Ho var frå Bryne, ho var vernepleiar, ho studerte i Bø i Telemark for å kunna ta si eiga friluftsglede over i det ho jobba med. Ho ville starta for seg sjølv. Ho var veslesystera si beste venninne, ho var tett knytt til farmor i Gjesdal. Ho likte ikkje julas forbruksstyr og kjas. Ho var kreativ, nysgjerrig. Ho lo så godt.

Livet hennar blei berre 28 år langt. Saman med ei studievenninne, danske Louisa Vesterager Jespersen, blei ho funnen drepen i fjella i Marokko, funnen av andre turistar, som var på fjelltur i området, akkurat som Maren og Louisa.

Les også

«Maren elsket naturen og var veldig opptatt av rettferdighet»

Umenneskeleg

Det er ei terrorhandling. Den er umenneskeleg i alt sitt vesen. Fire menn blir ganske raskt arresterte, tre av dei er fanga opp av eit overvakingskamera på veg vekk frå staden. Ein video der dei sverjer truskap til forferdelege IS blir raskt kjent. Den skal vera tatt opp veka før drapet.

Det blir snart klart at det finst ein video til, publisert på sosiale medium. Politiet i dei tre involverte landa kan ikkje seia at den ikkje er ekte. Den viser ei drapshandling. Den danske statsministeren nemner videoen då han omtalar terrordrapa. Han ber folk om ikkje å spreia den. Politiet jobbar internasjonalt for å få den fjerna frå nettet.

Les også

Kripos jobber fortsatt med å hindre spredning av video

Rein galskap

Den omstridde nettstaden Resett.no skriv at dei har vurdert å leggja ut lenke til videoen. Sånn at folk kan sjå kor gale dette verkeleg er. I staden endar dei med å lenka til skjermdumpar frå den.

Statsminister Erna Solberg har gått ut og bedt folk om å slutta å dela videoen. Dei har fleire gonger måtta fjerna den frå statsministeren si Facebookside. Det er rein galskap.

Les også

Solberg: - De som sprer videoen, hjelper terroristene

I delar av sosiale medium blir norske, etablerte avisredaksjonar skulda for nærmast å dekka over terrorhandlinga og forsvara islamsk terrorisme fordi vi ikkje sterkt nok, raskt nok og detaljert nok skildrar korleis ugjerningane blei utførte.

Som om det ikkje finst andre grunnar til å trø forsiktig enn å villa unnskylda terroristar.

Verdien av eit menneskeliv

Det gjer det jo sjølvsagt. Når vi i norsk presse dekker brutale saker som handlar om vald, overgrep og drap, deler vi ikkje alle detaljar. For ikkje å krenka dei som er ramma, skadde eller drepne. Det er å insistera på verdien av eit menneskeliv, på retten til verdigheit, også inn i døden. Uansett grunn til at livet tok slutt. I dette ligg også omsynet til dei nærmaste. Dei som har mista det umistelege på fullstendig meiningslaust og umogleg vis.

Vi trør ikkje alltid riktig når døden rammar. Det sit heilt sikkert folk med opplevingar av at media har trødd for nært, for tidleg, for fort, for lenge. Eller bare heilt, heilt feil.

I redaksjonane går diskusjonen heile tida sånne dagar og veker. Kva veit vi, kva skal vi publisera av det vi veit, kva er nødvendig informasjon, kva er riktig å gjera?

Jo nærare sorga og misgjerninga rammar, jo lenger framme står omsynet til dei som er ramma. Omsynet til folk i sorg, omsynet til verdigheit og respekt for menneskelivet. Opp mot dette står samfunnets behov for informasjon, om faktiske forhold, om straffbare forhold, om kritikkverdige forhold.

Dette er eigentleg heilt innlysande ting. Dette er heilt, heilt grunnleggjande verdiar, det skulle bare mangla at dei er med og styrer kva pressa skriv og ikkje skriv.

Brutalt

Slik terrorsaka i Marokko står nå, er til saman 18 menn frå denne terrorcella arresterte. Politiet reknar med at dei er IS-sympatisørar som har operert på eiga hand. Forkvakla folk som i delar av islam finn grunnar til å gå ut og drepa andre – dei vantru, dei som ikkje trur på rett måte. Slik IS oppfordrar til. Og sjølv om store terroranslag har blitt vanskelegare å gjennomføra, rammar slike som dette hardt. Med relativt få menneske og lite utstyr involvert, men med like dødeleg utgang for dei tilsynelatande tilfeldige ofra. Å ta livet av turistar på fjelltur i Marokko, eit land vi har rekna som rimeleg trygt, og der folk er heilt avhengige av turistnæringa, rammar brutalt, langt og vidt.

Det skal vi på ingen måte ufarleggjera. Og det finst grunnar, gode grunnar, til å gå nærmare inn på jihadismen i Nord-Afrika.

Men å dela detaljar frå vondskapsfulle handlingar mot andre menneske stansar ikkje vondskapen. Heller ikkje når den kjem frå jihadistar. Tvert imot, å hjelpa til med å spreia grufulle bilde og detaljerte skildringar kan gi handlinga og terroristane endå større kraft. Kraft til å inspirera andre galningar, kraft til å spreia frykt, kraft til å gjera kvart menneskeliv lite verdt.

Respekt

På Bryne, i vårt nabolag, står tapet ennå vidopent. Det veg tungt. Det skal det gjera.

Å respektera det, har ingenting – ingenting! – å gjera med å leggja lokk på jihadisme og den kjensgjerninga at forkvakla terroristar kan finna støtte for å drepa i delar av islam.

Å respektera ofras verdigheit i våre eigne, offentlege handlemåtar, er ikkje naivt. Det er heilt nødvendig. Anten det er i avisredaksjonar, på nettstader, eller på din og min og kvar enkelt sin facebook-konto.

Det betyr ikkje at norske medier er gode nok til å gå skarpt nok og djupt nok inn i kven som blir jihadistar, kvar dei kjem frå og korleis ein kan stoppa dei. Heller ikkje at vi alltid klarer halda etikken på heilt rett plass gjennom alle tunge saker.

Det einaste det betyr er at vi ikkje har tenkt å bidra til å gjera terrorhandlinga større, og menneskeliva dei tok mindre.

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Akropolis i Stavanger? Det høyres ut som ein by som vil vera større enn seg sjølv.

  2. – Viss skule­barn blir meir og meir stressa av skulen, kvifor er det då barna vi skal endra?

  3. – Frp har lenge bite seg sjølv i halen i bompengespørsmålet. Det gjer vondt

  4. Det viktigaste med Frp? At dei insisterer på at folk må få sjansen til å velja sjølv.

  5. «Biskopen bør seia nei til sjamanen»

  6. Når det er Earth Hour, ja, så er det Earth Hour. I SV tar dei mørket på alvor.

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Terrorisme
  3. Marokko
  4. Jihad
  5. Solveig G. Sandelson