Sp går for langt i motstanden mot nødvendige reformer

GJESTEKOMMENTAR: Senterpartiet sin nærast automatiske motstand mot reformer kan verte ein hemsko for framtidig samarbeid på raud-grøn side.

Publisert:
Svein Erik Tuastad
Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger

Trygve Slagsvold Vedum og Sp set eit framtidig raud-grønt regjeringssamarbeid på spel med motstand mot nødvendige forformer, som her i stortingsdebatten om statsbudsjettet 7. oktober. Foto: Håkon Mosvold Larsen, NTB scanpix

Eg har vakse opp i Distrikts-Noreg. Det var først då eg var 19 år eg reiste frå Husnes i Sunnhordaland til byen – Bergen – for å studere. Foreldra mine bur enno i vakre Kvinnherad. Så for å slå det fast: Eg er verkeleg 100 prosent for at alle som bur på mindre stadar i dette vidstrekte landet, skal få eit likeverdig tenestetilbod.

Men når eg har prøvd å gå inn i dei to siste aktuelle sakene som Senterpartiet nyleg har ropt varsku om, tyder lesinga på at Senterpartiet framstiller i alle fall desse sakene urett. Dei handlar mindre om sentralisering enn Senterpartiet vil ha det til. Og grunngjevingane for reformene verkar solide.

Nokre gonger verkar reformene til Solberg-regjeringa for ideologiske, som om samanslåing, sentralisering og at stort er godt, alltid gjeld, – og då har Senterpartiet gode poeng. Men andre gonger kan jo reformene vere godt grunngjevne.

Flest mogleg skattekontor?

Slik som dette lydde kritikken frå Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum på Stortinget sin talarstol 7. oktober i debatten om Statsbudsjettet:

«Dette er en regjering for sentralisering, for større forskjeller, og hver eneste gang i hvert eneste budsjett kommer det nye grep. Det nye store sentraliseringsgrepet i dette budsjettet er at man skal legge ned 237 skattekontor – klassisk dårlig sentraliseringspolitikk og statliggjøringspolitikk.»

Men kor treffande var kritikken hans?

To grundige utgreiingar omtalar skattekontora. I NOU 2004: 12 («Bedre skatteoppkreving») tilrår eit klårt fleirtal, inkludert alle ekspertmedlemmene, statleg overtaking og større fagmiljø. I NOU 2007: 12 («Offentlig innkreving) skriv fleirtalet (det vil seie alle utan KS-medlemmen) rett ut at det trengst sterkare sentralisering, mindre fragmentering og meir samordning, slik som i Danmark og Sverige, for å betre arbeidet med skatteinnkrevjinga.

I dag er det 1300 årsverk som tar seg av skatteinnkrevjinga, men i på nær halvparten av dagens 237 kontor er det to eller færre årsverk. Lokal forvaltning er smart når det er behov for nærleik til publikum eller tilpassing til lokale tilhøve. Slik er det ikkje for skatteinnkrevjinga. Når skatteetaten skal verte betre til å ta seg av avansert arbeidslivskriminalitet og svart arbeid, krevst det musklar i form av sterke fagmiljø. Det vert det når skattekontora samlast i færre miljø som er fagleg sterkare, og som lettare let seg samordne.

Slik eg forstår det, har finansminister Siv Jensen her ei god sak.

Les også

Problemer i kø for skattekontoret Siv Jensen la til Stavanger

Les også

Siv Jensens skattekontor i trøbbel: – Vi tar situasjonen på alvor

Rettstryggleik med svake tingrettar?

Eit anna angrepsmål for Senterpartiet har vore framlegget om å omstrukturere tingrettane, slik at det vert 22 tingrettar i Noreg i staden for 60, som i dag. Det er verdt å merke seg at dette førebels ikkje er eit framlegg frå regjeringa, men konklusjonen i ei ny offentleg utgreiing, NOU 2019: 17 («Domstolstruktur»). Senterpartiet hevdar at den breitt samansette kommisjonen har levert eit bestillingsverk for regjeringa, og at det inneber meir sentralisering. Men slik eg les utgreiinga, undervurderer Senterpartiet at omsyn til rettsryggleiken og rettsutviklinga i seg sjølv krev reformer. Utgreiinga syner at sakene over tid vert meir krevjande, og at behovet for større fagmiljø aukar. Utan sterkare fagmiljø og ei viss spesialisering vil advokatar med svært stor spesialistkunnskap, kunne køyre over generalist-dommarar. Dessutan vil det vere mykje meir effektivt å ha nokre dommarar som til dømes kan EØS-retten godt. Fleire dommarar same stad sikrar også rettstryggleiken som ligg i tilfeldigheitsprinsippet betre, og gjer påverknad av dommarar vanskelegare.

Færre tingrettar betyr rett nok at nokon får lengre reisetid. Men for det første er ikkje det å møte i tingretten noko folk gjer ofte. For det andre vil 99 prosent av befolkninga også etter eit vedtak om ny struktur ha mindre enn tre timars reisetid, og 95 prosent vil bu mindre enn to timar unna tingretten. Det er ikkje urimeleg, vega opp mot gevinstane.

Les også

– Tre tingretter bør slås sammen til Rogaland tingrett og ligge i Stavanger

Risikabelt for dei raud-grøne

Det er ikkje nok at samfunnsinstitusjonar har fungert godt i fortida. Dei må setjast i stand til å møte dei nye utfordringane også. Dersom mi lesing av dei to siste sakene er rett og representativ, oppstår det eit dilemma for Arbeidarpartiet og heile det raud-grøne prosjektet. Skal reformmotstanden til Senterpartiet definere den raud-grøne politikken? Risikerer ikkje dei raud-grøne då å verte bakstreverske?

Det vil i så fall kunne bety – viss mi lesing av dei to sakene er rett – at det er Høgre som står att på arenaen som det store, ansvarlege partiet i norsk politikk.

Eldrebølgja og dalande oljeinntekter er ikkje ein fiks borgarleg idé. Dette er realitetar som gjer at effektivisering av offentleg sektor er nødvendig, og at det bør vere eit mål for ansvarlege parti.

Look to Brexit?

Landsmøtet til Fellesforbundet i LO synte samfunnsansvar og avviste sist veke å arbeide for å seie opp EØS-avtalen. Senterpartiet på si side ønskjer ei folkeavrøysting for å få Noreg ut av EØS.

Som om det vi treng dei neste åra er Brexit-kaos på norsk.

Les også

Rød-grønne partier leser Fellesforbundets EØS-vedtak ulikt

Les også

Sven Egil Omdal: «Hardt mot hardt i handlingsrommet»


Les også

Domstolkommisjonens leder: «Bedre rettssikkerhet med større rettskretser»

Les også

– Rettssikkerhet kan ikke måles i antall kilometer

Les også

Tror distriksopprøret kan redde Dalane tingrett

Publisert: