Nokon må syngja

KOMMENTAR: Regjeringa seier dei vil styrka fag som musikk og kunst og handverk. Men dei vågar lite for å få det til.

Publisert:
Solveig G. Sandelson
Debattredaktør

Gosenrevyen 2019. Vi treng meir av dette, meir musikk, meir sløyd, meir kreativitet. Fredrik Refvem

Nokon kjem til å syngja, den dagen du ikkje klarer det sjølv, den dagen livet er for stort for deg. Når du har fått eit barn, når du har funne ein du lovar å dela livet med, når du har mista nokon av dine. Til ungdommen kan dei syngja, Deilig er Jorden, Din tanke er fri.

Kor lenge kan vi det? Syngja krefter og trøyst i andre?

Vi blir fattigare

Det finst lærarar i estetiske fag som går rundt med ei sorg i seg. Fordi faga ikkje får plass, ikkje får eigenverdi, ikkje får nok ressursar, ikkje skikkeleg kompetanse. Det er fattig. Vi blir fattigare av det. Estetiske fag har ingen god tradisjon i norsk skule. Dei har vore sett på som kosefag. Men det er dei faga som får hjernen til å tenkja på tvers, finna nye samanhengar, forstå noko ein elles ikkje ville forstått, noko som kanskje ikkje er så rett fram. Dei gir fellesskapsfølelse. Historie. Referansar.

Skulen er halv utan estetiske fag. Utan praktiske fag. Musikk, kunst og handverk, mat og helse, gym.

Det er sanselege fag. Fysiske. Dei krev plass, dei krev utstyr, dei krev mindre grupper elevar, så læraren kan visa dei det handverket det er, hjelpa dei i gang. Det tar tid. Det er dyrt. Og det krev lærarar med kompetanse.

Nå har knapt halvparten av lærarane i skolen utdanning i desse faga. Færrast utdanna er det blant dei yngste lærarane. Det er ikkje lenger ein obligatorisk del av lærarutdanninga. Det har det ikkje vore sidan 2003. Det blir heller ikkje stilt krav til at du har studiepoeng i faga, for å undervisa i dei. Det betyr at musikklæraren til ungane dine sjølv kan ha si høgaste musikkutdanning frå ungdomsskulen.

Politisk løft?

Mens regjeringa sjølv bråka så høgt dei berre klarte – og det var høgt – om bompengar, kom dei samtidig med ein slags strategi for å styrka estetiske og praktiske fag i skolen. Der snakkar dei veldig fint om slike fag. Men dei prøver å løfta dei fram utan å dytta borti noko som helst av alt det andre skolen skal gjera. Dei driv og forventar ting. Dei vil, og dei vil vurdera. Vil at kommunar og rektorar skal leggja til rette for. At lærarutdanningane skal prioritera. At ein skal finna kva som er behovet lokalt.

Forslaget med mest musklar er det om å gjera desse faga til eksamensfag. Det kan gjera dei litt meir likestilte med andre fag. Det kan gi høgare status, betre samarbeid mellom fagmiljø, og betre vurdering undervegs. Men elles er retninga å gjera dette til spesialiserte fag. Med spesiallærarar som går inn og ut av skolen.

Det blir for vagt. For det er så mange andre ting skulane må.

Det dei må

Dei må få på plass den nye lærarnorma. På dei yngste trinna skal ikkje ein lærar ha meir enn 15 elevar i vanleg undervisning, i dei eldste trinna ikkje meir enn 20. Det var KrF som fekk på plass dette i budsjettforhandlingane i 2017. Det var eit kjærkome svar på ei mangeårig etterlysing av meir tillit til lærarane. Men den kom veldig brått, korleis ein skulle få det til var ikkje særleg godt planlagt.

Så må alle lærarar skaffa seg fordjuping i faga norsk, matematikk og engelsk innan 2025, for å få undervisa i faga. Den greia der er omstridd, for å seia det mildt. Men det betyr at skolen også skal ha vikarar for desse – for totalt 6843 lærarar dette året. Og det betyr at etterutdanning i norsk, engelsk, matematikk og realfag blir prioritert høgast.

Vidare skal elevane på femte og åttande trinn kvart år ha nasjonale prøvar i lesing, engelsk og matte. Og ut frå resultata på desse prøvane i lesing, engelsk og matte, blir skulane målte. Resultata blir offentleggjorde. Her har ein også laga seg ein riktig snedig, hyper-teoretisk måte å finna ut kor mykje skolen faktisk bidrar med i rein læring. Så ein kan også justera resultatet mot bakgrunnen til elevane, for å finna ut kva forskjell skolen faktisk har gjort. I teorien.

Så er det fagfornyinga. Den største reforma i norsk skule sidan kunnskapsløftet i 2006 er så godt som klar. Ein skal gi meir plass til djuplæring, til å jobba betre på tvers av fag. Korleis ein skal gjera det, må skulane finna ut av nå.

Til det – både å tenkja djupt og på tvers – treng ein faktisk kreativitet. Der er estetiske og praktiske fag uslåelege. Likevel blei strategien om å styrka desse faga utsette til etter arbeidet med fagfornyinga. Det vitnar verken om engasjement for eller erkjenning av kva dei betyr for det ein nå ønskjer å bli betre på i skolen.

Våg å gi plass!

Kva regjeringa elles kunne gjort? Dei kunne gjort studiepoeng i praktisk/estetiske fag obligatorisk for alle lærarar igjen. Noko alle skal ha. Eit minimum av felles kunnskap. Dei kunne brukt sterkare krut for å få opp faga sin status ved lærarutdanningane. Dei kunne brukt sterkare krut for å få opp faga sin status på skulane. Hos rektor. Hos kommunen.

Og dei burde ha heva statusen alt gjennom fagfornyinga.

For praktiske og estetiske fag har så lenge stått svakt i skolen at det trengst meir enn velmeinte ord for å styrka dei. Ein må våga å gi andre ting i skolen ein dult, og klar beskjed om å ta mindre plass. Det gjer ein ikkje. Ein går på gummisolar. Det er ikkje mykje å ropa hurra for. Ikkje for dei elevane som lærer best av å laga ting med hendene, av å bevega seg, skapa, eller syngja gongetabellen. Ikkje for oss som treng å tru at skolen skal danna heile menneske. Og ikkje for oss alle når livet blir for stort og vi treng at andre ennå kan syngja.

Les også

Kråkeslotthjernar og alt som heng saman

Les også

Jippi-forsking, UiS?

Les også

Himmelropande naivt

Publisert: