Jo, dette er brunt i kantane, Frp

KOMMENTAR: Abid Raja har heilt rett. «Snikislamisering» er brun skremselspropaganda.

Publisert: Publisert:

Berre med å bruka ordet «snikislamisering» gjer Siv Jensen – ein leiande statsråd i regjeringa – det svært vanskeleg for nokon i den muslimske minoriteten å ta til motmæle. Det er med på å ta stemma frå ein minoritet. Det er alvorleg. Foto: Stian Lysberg Solum

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør

«Ja, kjære statsminister, at Jensen trekker frem nettopp det begrepet som seks år tidligere ble beklaget fordi det kunne oppfattes som høyreekstremt, det kaller jeg brun skremselspropaganda», skreiv Venstres Abid Raja i ein kronikk i Aftenposten.

Nå sit jo partiet hans i regjering med Frp, og nokre dagar seinare måtte han i regjeringsmaktas namn fisla det heile ned til det ubrukelege «fremmedgjørende retorikk.»

Omgrepet det er snakk om er «snikislamisering», brukt av finansminister Siv Jensen i ein kronikk nokså tett etter terrorangrepet mot muslimar i ein moské i Bærum. Statsminister Erna Solberg har meint det er «et dårlig begrep.» Og rett før helga heiv omsider KrFs Kjell Ingolf Ropstad seg på. Han syns også det er eit dårleg ord. Dei tar ikkje akkurat munnen for full. Det gjorde ikkje Raja heller.

Alvorleg

«Abid Raja mener at vi driver med brun propaganda. Med hat mot andre mennesker. Det er alvorlig», skreiv Jon Helgheim, partiets innvandringspolitiske talsmann, i Aftenposten.

Ja. Det burde du ta veldig alvorleg, Helgheim. For ordet «snikislamisering» har kraft i seg til å ta stemma frå ein heil minoritet. Fordi det mistenkeleggjer. Det stiller spørsmål ved motiv og agenda, det hintar om å villa snika seg inn på resten av oss bak vår rygg, skikk for skikk, bit for bit. Til og med i opne og alt anna enn stillteiande diskusjonar, som den om handhelsing, meiner finansministeren at det er snikislamisering som går føre seg.

Eller, som Carl I. Hagen sa det då han tok ordet i bruk i 2009: «Gir du fanden lillefingeren, så tar han hele hånden, armen og mennesket. Her må vi sette en stopper – for snikislamiseringen som skjer gradvis i det norske samfunnet.» Det var debatten om hijab i politiet det den gongen handla om. Verkeleg kjent blei ordet då Siv Jensen brukte det same år i talen til landsmøtet.

Det er forresten organisasjonen SIAN – Stopp islamiseringen av Norge – som gjerne vil ha kred for å vera dei aller første som brukte ordet offentleg i Norge – rundt 2007, opplyser forskar Cora Alexa Døving i boka «Motgift» frå 2012. Før det, skriv ho, dukka det opp rundt tusenårsskiftet i dei nettverka av internasjonale bloggar som i dag blir definerte som høgreradikale kontrajihadistmiljø. Ordet blei brukt som omtale av ein truande og hemmeleghalden muslimsk plan om å overta makt gjennom å institusjonalisera samfunnets institusjonar. Slik vi kjenner det frå konspirasjonsteorien om eit Eurabia.

Rasistisk

«Frp’s begrep om snikislamisering betegner uansett en umerkelig prosess, hvor enhver tenkelig justering for å tilpasse deler av norsk dagligliv til akkurat denne minoriteten vil lede til det som beskrives i Hagens «Mustafa-brev»; at norsk kultur en dag er blitt borte som dugg for solen. Dette er åpenbar islamofobi, men er det dermed rasisme?» spør så professor i nordisk litteratur, Frode Helland i ein artikkel i 2015.

Han svarar sjølv: «Selv om ordet rase ikke spiller noen rolle her, vil jeg mene at denne formen for islamofobi er rasistisk fordi den framstiller muslimene som én enhetlig og fiendtlig gruppe, en gruppe som må holdes nede og diskrimineres mot, fordi de ellers vil forsøke å overta samfunnet og undertrykke oss, majoritetsbefolkningen.»

Jo, det er alvorleg, Helgheim. Det er svært alvorleg. For partiet ditt sit også med makta. I eit liberalt demokrati. De representerer majoriteten. De har både makt og definisjonsmakt. Den har den aller fremste blant dykk, Siv Jensen, nettopp brukt til å stempla ein heil minoritet med eit ord som har kraft nok i seg til å ta stemma frå dei. Og det rett etter at ein terrorist hadde retta eit potensielt dødeleg angrep mot dei på norsk jord. Og sjølv om det er de som er denne minoriteten si regjering.

Du skriv at det ikkje er muslimar flest som er problemet. Det er heller norske, sekulære ikkje-muslimar, som frå sidelinja heiar fram konservative krefter i islam. Ein slags snikande allianse mellom venstresidas naive kvinnesaksforkjemparar, og kvinneundertrykkjande, skjeggete menn.

Men definisjonen leiaren din har klistra på tilseier at sjølv når vi diskuterer opent, og er opent ueinige, pågår det likevel snikislamisering.

Barnelærdom

Eit fungerande demokrati tar omsyn til minoritetane sine. Dei må også ha ei stemme. Dei må også kunna kjenna seg inkluderte og lytta til av fleirtalet. Det er barnelærdom. Finansministeren gjer det svært vanskeleg for nokon i den muslimske minoriteten å ta til motmæle, å seia frå at nå går du for langt, nå gjer du det vanskelegare å vera vanleg muslim i Norge, for nå rører du opp i grumsete vatn, og det grumset er det vi som må vassa gjennom.

Og kva kan det Helgheim kallar «muslimar flest» bringa til torgs etter dette? Kor vanskeleg skal det bli å bli møtt som folk flest – med eit ønske, eller ei ytring, utan å bli gitt motiv som at ein eigentleg, uansett kva ein seier, vil snika inn heilt særeigne rettar, og på sikt endra heile samfunnet?

Hjelper det om ein først forsikrar alle om at ein er rett type muslim, på alle måtar blant dei reine og ranke, før ein kan håpa å bli tatt på ordet?

Bruken av ordet «snikislamisering» gjer det ikkje berre vanskelegare for ein av minoritetane i landet vårt å ytra seg. Det er også islamofobisk og rasistisk, for det stemplar ei bestemt gruppe menneske blant oss som fiendtleg innstilte i det skjulte.

At ein sitjande norsk statsråd faktisk bruker det, er hårreisande.

Publisert:

Les også

  1. – Ta meg i handa på det

  2. – Det der blei vel litt pompøst, Trine Skei Grande

  3. Berre ei Facebook-setning?

  4. KrF og abortlova: Fleirtalet har også eit samvit

  5. «Erna Solbergs metode, del 2»

  1. Siv Jensen
  2. Abid Raja
  3. Propaganda
  4. Mye lest